fredag 13. desember 2019

Attersyn med Hiisi-elgen

Vi må berre beklage at bloggen har gått for varmt og kaldt vatn i det siste. Mange har vel vore urolege for oss, tenkt at vi er daude. Det kan absolutt vera ei moglegheit, men det er ikkje tilfelle denne gongen. Tvert imot har vi hatt det travelt, noko som er fort gjort så lenge ein er i live. At bloggen har vorte siste prioritet, kan ha å gjera med at han sug, som de sikkert har merkt. Det er lite freistande å prioritere han.

Eit døme: Sist helg drog vi heller på ferie til Helsinki enn å setja oss ned ved skrivebordet og forfatte dette blogginnlegget. Vi skreiv teksten i notatboka vår i staden. Éin grunn til at han har vorte så elendig, er at vi miste høyrselen på flyet. Vi er avhengig av å høyre vår eiga røyst i hovudet for å kunne skrive godt. Men gjennom heile helga høyrde vi berre det vi ville høyre: finsk tango.

Vår kjære sambuar fekk dessutan praktisert kvensken sin, som ho øvar på gjennom studieturar, språkkafé, adventskalender og ymist anna. Dette gjekk sjølvsagt rett heim hjå finnane, som har varme minne om dei mange som utvandra til Ishavskysten, Ruija, for nokre hundre år sidan. I fjor på denne tida skreiv vi om ei anna romantisk utflukt, til Stockholm, men vi må ærleg innrømme at vi likte Helsinki betre. Det er noko med svenskane som ... vi veit ikkje ... Men dei er jo imperialistar, i botn og grunn, snørrhovne viktigperar, og til overmål nokså mislykka sådanne. Tenk berre på Vasa-skipet, og Andrée med den patetiske ballongen sin. Dei minner slik sett om danskane, som vi heller ikkje kan fordra. Nei, vi føler oss mykje nærare i slekt med finnane, som vi strengt teke er langt fjernare i slekt med. Dei finnane vi møtte var hyggelege, men ikkje for hyggelege, som amerikanarane. Finnane er kjende for å vera alkoholiserte og depressive, og dei eigenskapane har vi den største vyrdnad og sans for.


Vilde med treskulptur av gjeddehovud. Dette ved Akseli Gallen-Kalela-museet, som vi ikkje eigentleg vil tilrå, fordi ein ikkje fekk sjå noko særleg av Akseli Gallen-Kalelas kunst der. Det er ikkje han som har laga denne skulpturen heller, men denne likte vi. Gjedda er svært viktig i Finland, både som matfisk og i mytologien. Tenk berre på den infamøse Mana-gjedda i Kalevala. Väinämöinen laga den fyrste kantele av ein diger gjeddekjeve. Det er berre vi nordmenn som er så einspora, avstumpa og primitive at vi ikkje veit å verdsetja ei skikkeleg gjedde når vi ser ei. Det er ikkje naudsynt å nemne at dei norske politikarane som er så heldige å heite Gjedde, gjer namnet sitt til skamme.

Då vi kom til Helsinki var det sjølve den finske nasjonaldagen, sjølvstendedagen, men trur de finnane dreiv og veiva med flagg og hyla og skreik? Ikkje perkele, sjølv om dei har utstått vesentleg større strabasar enn oss nordmenn. På sundagen var det nok ein flaggdag, den finske musikkens dag, opprinneleg fødselsdagen til Jean Sibelius. Men vi høyrde ikkje ein masse katzenjammer av den grunnen. Vi nordmenn er jo heilt hysteriske på dette omkvervet òg, festivitas er synonymt med redselsfull musikk på høgt volum. Men kva er gale med å sitja heime med ei flaske Koskenkorva og kontemplere over musikken i tagnad? Det er kjempeflott, etter vår meining, og heilt naturleg.

På same måte er det kjempeflott for ein nordmann å ta ein helgetur til Finland. Ingenting er naturlegare, eller meir saliggjerande, enn å gløyme for ei stakka stund alt som heiter blogg og Yodel, fjord og fjell, samt anna surr og vas.

mandag 7. oktober 2019

Sosial opptur

Eit anna reisemål stod òg på ynskelista vår for hausten: Saariselkä, dette eldoradoet i dei finske skogane, der den legendariske Vadsø-tevlinga i bridge kvart år går av stabelen. Draumen var gjera som i 2016, lande i Tromsø og bli plukka opp av vår kjære ven Trond Bårdsen, deretter leggje ut på landevegen berre vi og han, i ein bil på samanbrotets rand, dei åtte timane gjennom fjell og myr. Men akk: Kva gjennomsnittleg lønsarbeidar kan permittere seg frå jobb både fredag og måndag, for å dra til svartaste Nord-Finland og spela kort? Vi får ta det att når vi blir arbeidsledige. Hellet i uhellet var at det dukka opp ei anna relevant tevling i nord, i sjølve Tromsø by: Troms og Ofoten bridgekrins si 80-årsjubileumstevling.

Vi budde jo i Tromsø ein gong i tida, riktig nok ikkje så lenge, men vi rakk å få nokre gode vener der, og vi rakk å røyne at det er ein vakker og hyggeleg by. Nest etter alle byar i Finnmark, pluss kanskje Trondheim på ein god dag, er det han vi liker best i Noreg. Då vi gjekk på bussen frå Langnes lufthamn inn til Tromsø sentrum, oppdaga vi at vi ikkje hadde konantar til billetten, og kort tok dei ikkje, og internett med "app" hadde vi heller ikkje på oss. Men på fremste rad sat ein lokal psykolog, og ho skjøna med ein gong at vi kom til å bli psykotiske om vi ikkje straks kom oss inn til sentrum, der ein bayer stod og dovna i fråværet vårt. Så ho betalte like godt billetten for oss! Slikt skjer ikkje i Oslo, der får ein ingenting gratis utan å betala med kroppen sin.

Bårdsen venta oss på Jernbanestasjonen, ein av dei absolutt hyggelegaste kafeane i denne byen full av flanørar. Han synte oss det store hjarta sitt ved å be servitrisa om å få låne ein penn for å kunne skrive ned eit meldeproblem på ein serviett, for så å stela denne pennen og gje han til oss som ein suvenir. I Oslo ville servitrisa ha ringt polisen, i Tromsø sa ho ingenting. Påskrifta på pennen seier det meste: "Jernbanestasjonen, Tromsø, 3,48 m.o.h." Fargen er lilla, vår favoritt.


Den flotte pennen Trond Bårdsen stal til oss på Jernbanestasjonen. Denne skal vi ta vare på som eit minne, mykje lenger enn vi tek vare på andre kulepennar, altså to veker. Den noko dårlege biletkvaliteten kjem av at vi miste kameraet opp i ein Mack bayer.

Endå betre vart det då vi fekk selskap av Jan Ragnar Guttormsen, den kjende halvsamiske bridgesjamanen, som med berre blikket kan flytte ein konge frå attom til framom kappen. Han kom køyrande med dagens einaste buss frå Alta. Vi vitja han forresten heime i Alta under ein krinsmeisterskap i Vest-Finnmark ein gong i tida, det gløymer vi aldri, både fordi han serverte oss dei nydelegaste sjølvfanga torsketunger, og fordi overnattingsplassen vår var inni eit hol i veggen. Der sov vi svært godt, for å seia det slik. Men no skulle vi residere hjå Bårdsen, som riktig nok bur i Tønsvika langt pokker ut mot Noregs sjette største øy Ringvassøy. Før leggjetid var det vel å merkje grilling, som seg høyr og bøyr i slutten av september nokre fåe breiddegradar sør for Nordpolen. 


Jan Ragnar Guttormsen og Trond Bårdsen topp motiverte for god bridge, på veg frå Tønsvika til Tromsø sentrum laurdag morgon. Den noko dårlege biletkvaliteten kjem av mygg på linsa. 

Sjølve tevlinga skal vi ikkje skrive så mykje om, for som Geir Helgemo alltid seier: "Ingenting er så fort gløymt som ei dårleg bridgetevling." Det vil seia: Tevlinga i seg sjølv var staseleg nok, med lokale i det vakre rådhuset midt i sentrum av Tromsø, og bankett med utsøkt mat på det fornemme hotell The Edge. Men spelinga var daddelverdig både frå oss og makker, og vi enda på ein lite stolt 12. plass mellom dei 52 para. Sportsleg vart det altså ein nedtur, men vi deltek berre for det sosiale, og sosialt må vi kalle helga ein gedigen opptur. 

søndag 6. oktober 2019

Nynorsk helg i hovudstaden

På føresumaren fekk vi ei overraskande oppringing: Ein høgtståande figur i Noregs mållag inviterte oss til å snakke i Oslo. "Greitt nok," sa vi, "men vi har ingenting å seia." "Det held i massevis," meinte ho.

Det dreidde seg om ei samling for unge vaksne i mållaget, og det stemmer for så vidt at vi er yngre enn den yngste kjekspakken i Melhus mållag, der vi fungerer som leiar. Til sinns er vi hauggamle, men så var det heller ingen disco vi skulle på.

Vi hadde aldri trudd at vi skulle greie å finne fram, men vi orienterte oss etter dei to institusjonane vi kjenner i Oslo: Scotsman pub og Stortinget. På denne måten kom vi faktisk til Samlagets lokale i Mariboes gate, der helga skulle byrja, lenge før start. Vi brukte ventetida på å ta ein kaffi på ein kafé i nærleiken, og det var ei veldig hyggeleg oppleving, for det fanst knapt ein nordmann å sjå. Ifylgje innehavaren var vi no på Grønland, og aldri hadde vi kunna gisse at eskimoane lagar så god kaffi.

Fyrst var det seminar med både unge og gamle til stades, der nytt prinsipprogram for Noregs mållag skulle diskuterast. Det var svært interessante ordskifte, men vi hadde lite å bidra med, for i Melhus mållag har vi berre eitt prinsipp: Prøv å få til eitt eller anna innimellom, og går det ikkje, så går det ikkje.

Etterpå vart den unge fraksjonen skilt ut, samlinga vår skulle føregå ein annan stad. Fyrst vart det tid til eit glas på ein overraskande hyggeleg pub borte i gata. Vi hugsar ikkje kva gate det var, og puben trur vi ikkje hadde noko namn, men vi skal hugse å bruke han som eit tridje omdreiingspunkt viss vi mot formoding reiser til Oslo att ein gong i framtida.

Rett i nærleiken vart vi forbausa over å sjå ein mann som sat på knea med panna i asfalten. Vi tenkte fyrst at det måtte vera ein av eskimoane som dreiv med religionsutøving, men nokon fortalde oss at dette var ein av dei narkomane. Vi kjenner lite til den religiøse praksisen til akkurat denne etniske gruppa, men vi er villige til å døy for retten deira til å utøve han.



Telefonen vår var diverre i flymodus under opphaldet i Oslo, så vi fekk ikkje fotografert. Men då vi googla "Grønland" dukka dette lekre motivet raskt opp, og det overtyder oss om at det er gode grunnar for å reise attende til Oslo!

Innlegget vårt var ikkje det mest lærerike, då målarbeidet i Melhus er eit tema som raskt avgrensar seg sjølv. Men vi liker å dosere, og etterpå var det betasupe. Det tradisjonelle trøndske soddet er betre, men vi likte betasupa òg, og vi likte å konversere dei andre på samlinga. Her var det ikkje mange pappskallar, for å seia det slik: Dei fleste synte seg å vera ordførar eller iallfall varaordførar i ein eller annan vestlandskommune vi aldri hadde høyrd om, og vi fekk servert mykje saftig sladder frå mørke krikar av norsk lokalpolitikk. Passande nok var det òg ein doktorgradsstipendiat innan drenering til stades.

Dei gode samtalene heldt fram på sundagen, og det er trygt å seia at vi reiste heim til Trøndelag og Melhus med mange nye inntrykk og mange gode idear i handbagasjen. Så står det att å sjå om vi kan omsetja noko av dette til praksis. Ein flott tur var det uansett, og det hadde vi aldri trudd at vi kom til å seia om ein tur til Oslo.

fredag 20. september 2019

Gratulerer

Mange vil nok tru at vi skriv dette innlegget berre for å forherlege oss sjølve, men det er berre delvis sant. Det er viktigere for oss å få sitert ein tidlegare elev som tok førarkort, og annonserte dette på Facebook med den vakre formuleringa: "Gratulerer til meg. I dag jeg fikket kjørebrev." Vi er usikre på om "fikket" er ei alternativ preteritumsform av "å få", ein slags hybrid mellom sterkt og lint verb, eller om han gløymde operommet mellom verb og artikkel.

Uansett ei flott formulering, som gjer det lettare for oss å gratulere oss sjølve her i dag, med den lenge etterlengta samanlagtsigeren på sumarbridgen i Trondheim. I mange år har vi stridd med Kjell Ove Helmersen og andre  unnskyld uttrykket  svinepelsar om denne gjæve fjøra i hatten, og vi trudde heilt til det siste at det kom til å glippe i år òg. Men så kom Karl Morten Lunna frå Lom, makkeren vår på den siste og avgjerande spelekvekden, opp med nokre bamsevariantar heilt på tampen, og dimed berga vi. Takk til han, og til John Kristen Våge, Åsmund Forfot og framfor alle Hilde Aas Nøst for glimrande drahjelp i samandraget. Vi spela òg med høvesvis kommunist Øyvind Sletvold, jøde Ralph Buchamm og Lars Frøland frå Heimdal, utan at dette førde til noko. Men takk skal dei likevel ha. Takk òg til mor vår, som gav oss livet, og til sambuaren vår som passa dottera vår dei kveldene vi var på bridge. Takk til Gud, som tidleg gav oss opp, og overlét oss i hendene til den vel så kaprisiøse kortguden. Til alle som ikkje ville ta ein øl med oss etter spelinga, vil vi derimot sende ei arabisk helsing: Måtte Allah forbanne skjegget dykkar.

Men ærast kan dei som ærast bør, som det heiter, og vi vil nytte høve til å gratulere eit par andre òg. Fyrst og fremst Johan Petter Tøndel, som gifte seg så seint som i august, med si kjære Maria frå Luktvatnet nær Mosjøen. Vi var så privilegerte å vera inviterte i bryllaupet på frodige Byneset, "og heldigvis for det", som einskilde seier. Vi storkoste oss glugg i hel der, for å seia det slik, og møtte mange snakkverdige menneske. Eitt av dei var Glenn Grøtheim, som var så venleg å invitere oss i sitt eige selskap helga etter. Han kalla det 50-årsjubileet for sitt første stikk, men vi forstod etter kvart at det dreidde seg om ein 60-årsdag.


Glenn Grøtheim er òg forfattar, særleg kjent for kioskveltaren Relépresisjon: Det komplette bridgesystem. No har han vorte 60, ufatteleg nok. Biletet er frå feiringa ved Ånøya no i august, der Grøtheim var ein glitrande vert.

For dei som ikkje veit det, var Grøtheim ein gong grannen vår på Lauvset på Melhus. Vi gjekk i klasse med sonen hans, som rekrutterte oss til bridgen. Såleis vart, som det så fint heiter, "vårt livs ternings kasta". 60-årsmarkeringa skulle føregå på Grøtheims hytte ved Ånøya, den største og klårt mest pittoreske innsjøen i Melhus, med fire bords singeltevling. I dette området har vi mange røter, då farmora vår kom frå borti hogget der, og far vår vaks opp i same hutaheiti, så det er neppe naudsynt å seia at vi treivst. Hytta er meir for ein villa å rekne, og maten kom heilt frå Frati i Trondheim, så dette var ikkje noko kortreist ræl. Litt av poenget var at vi skulle lesa nokre dikt, så vi las eitt, og drog deretter diverse bridgehistorier. Vi skal ikkje påstå at tala vår akkurat lyfte selskapet, men tale vart det, og bridge vart det, med meir. Sigeren i tevlinga gjekk til Per Erik "Pil" Austberg, gratulerer til han. Vi fekk ikkje med oss kor vi sjølve enda på resultatlista, men det var kanskje like greitt.

Grøtheim sleppte oss uansett ikkje så lett: Helga etter skulle han ha eit andre selskap, no for slekta, og igjen skulle han ha oss til å lesa dikt. Valdsamt kor lyrikkinteressert denne elektroingeniøren og kraftspekulanten, eller kva han no er, plutseleg har vorte. Vi las litt fleire dikt i dette selskapet, som føregjekk på ærverdige Kvilhaugen gård, og drog litt færre bridgehistorier. Vi skal ikkje påstå at tala vår akkurat lyfte selskapet, men maten og klientellet var såpass fortreffeleg at det ikkje spela noka rolle. Vi fekk faktisk selt ei diktbok òg, gratulerer til oss med dette. Men fyrst og fremst vil vi gratulere Glenn Frode Grøtheim så hjarteleg med runddagen, og takke han for mange gode minne så langt. Utan han hadde vi ikkje vore der vi er i dag, vi hadde vore ein annan stad i staden. 

mandag 2. september 2019

Turtips!

Då er bloggferien omsider over, og vi vil igjen byrja produsere tekstar på laupande band. Mykje har skjedd, og vi har mykje å fortelja. Mange trur kanskje at vi har lege på lat- og vrangsida heile sumarferien, men faktum er at vi har vore svært aktive, og spesielt har vi vore mykje på tur. Her fylgjer nokre tips til flotte familieturar i nærområdet, som vil gjera det mogleg for dykk andre å bli like kjernesunne som oss.

Forbordsfjellet, Skatval 
Type: Fjelltur
Gradering: Bratt 
Køyr til Skatval kyrkje. Betal dei fåe bompengane det kostar å køyre opp, så slepp du å gå. Nyt eit fortreffeleg utsyn frå toppen, over store delar av Trondheimsfjorden og området rundt. Et lunsjen i bilen, då vinden kan vera sterk. Køyr ned att, stogg for is på bensinstasjonen i Hommelvik. 

Valsøyfjorden, Halsa
Type: Helgetur
Gradering: Varm
Køyr til Valsøyfjorden på Nordmøre. Ikkje eig eit feriehus der, det er mykje arbeid, men sjå til at nokon i slekta til sambuaren din eig eit feriehus der, som de kan låne. Invitér med gode vener. Ta med mat og rikeleg med drikke. Ha alle vindaugo på vidt gap, for det kan bli skrekkeleg varmt inne i slike fjordar, spesielt i slutten av juli. Gje ungane sovepiller. Sprett sjampanjen.


Våre gode vener Erlend Gaustad og Line Vatnemorkødegård, sistnemnde med si dotter Maja og vår dotter Lindis i Walsø-slektas ferieparadis i Valsøyfjorden. Forferdeleg fint, men forferdeleg varmt.

Gaulas gylne breidder, Nedre Melhus
Type: Piknik
Gradering: Steinete
Køyr under nybrua på Melhus ned til Gaula. Gå i ca. fem minutt sørover frå bilen. Du er då på ei praktfull rullesteinsstrand. Ikkje bad, det er for kaldt, og det er veldig ukomfortabelt å gå på rullestein utan skor. Det kan vera vondt å sitja òg, så ta med mat ein kan innta ståande.  Pass på så barnet ikkje et stein. Viss det likevel et stein, prøv å halde det opp ned. Viss dette ikkje fungerer, ikkje ring lækjarvakta, for dei kan uansett ikkje hjelpe.

Stykket, Vestre Melhus
Type: Fottur
Gradering: Gjengrodd 
Køyr som pokker i retning Sagberget. Det er aldri kontrollar utover der, og køyrer du i juvet, døyr du i det minste lykkeleg. Parkér i vegkanten i området Kottum. Gå tvers gjennom åkeren, men prøv å halde deg i utkanten. Rull gjennom ein masse brennesler, men et gjerne ei bringebær eller to. Plutseleg ser du huset, eit gamalt hus der tippoldemora vår budde som enkje, og som ho no heimsøkjer. Artig for ungane. Vigda, grenseelv mellom Melhus og Skaun, renn rett nedanfor. Ei morken trebru leier over til Skaun-sida. Det går heilt fint å ramle av eller igjennom brua, så lenge det ikkje er altfor stor eller altfor lita vassføring i elva. Køyr om Buvika attende att, for å få ein vakker rundtur.


Rustikt hespetre etter vår tippoldemor, Stykket i Vigdalen, Vestre Melhus.

Riasten, Tydal
Type: Langtur
Gradering: Lang
Køyr til Selbu og vidare til Tydal. Ta bomvegen via innsjøen Riasten. Nyt nydeleg fjellandskap. Viss du vurderer å plukke molter, berre gløym det, dei er ikkje mogne. Køyr vidare ned til Holtålen og nordover mot Trondheim att. Vil du ha ein verkeleg langtur, køyr frå Singsås om Samsjøen ned til Lundamo. Hugs å drikke rikeleg med kaffi og Coca Cola, og et mengder av saltskum og hockeypuckar, så du ikkje sovnar bak rattet.

onsdag 17. juli 2019

Livet er over

Vi må reklamere litt. For om ikkje vi gjer det, kven skal gjera det då? Sannsynlegvis ingen. I august kjem vår fyrste, og vonleg ikkje siste, bok. Det er ei diktsamling, ho heiter Skare. Vi byrja vel eigentleg å arbeide med henne allereie hausten 2016, for å handtere traumet det var å flytte frå Finnmark. Vi sende inn manuset til forlaget Oktober, som vi gjekk nokre rundar med, før dei diverre måtte konkludere med at dei ikkje ville ha oss. Vi var nære på å gje opp heile greia, men vi gjorde nokre store endringar, og prøvde ein gong til hjå forlaget Flamme.

Dette var vel hausten 2017. Flamme svara raskt at dei ville gje ut ein såkalla boksingel, altså eit utdrag av manuset. Dimed kom den vesle pamfletten kalla Kverv, det må ha vore hausten 2018. Salstala vart greie, sett i lys av dei generelt elendige salstala for nyare norsk lyrikk. Vidare sa Flamme at vi måtte arbeide meir med heilskapen, om dette skulle bli ei ekte såkalla bok. Sidan har vi sete i tallause timar og gnikka på ytterlegare nokre fåe ord, før vi ved påsketider i år omsider fekk stadfestinga frå redaktøren vår i Flamme: Vi skulle få gje ut ei bok. Tusen takk for samarbeidet, Geir Nummedal! 


Slik ser det vakre omslaget på boka ut; minner ikkje reint lite om utsynet frå stova vår i Lakselv. Design ved Aslak Gurholt i føretaket Yokoland, som er Flamme forlags faste leverandør av bokomslag. 

Ytterlegare nokre månader med arbeid stod att, men no er boka i trykken. Noko stort verk er det riktig nok ikkje, men diktsamlingar er gjerne ikkje det. På den andre sida er romanar, og mange andre slags bøker, gjerne altfor lange. Som den feterte litteraturkritikar Håkon Bogen frå Mo i Rana så poetisk sa det: "Dikt e faktisk ikke så ille, for dæm kan va jævla kort."

Vi skal elles ikkje kommentere det litterære innhaldet, det må få tala for seg sjølv, men vi vonar naturlegvis at de vil kjøpe boka, sjølv om vi forstår at det blir skrekkeleg dyrt for dykk. Vi har allereie fått eit honorar, så berre ein liten "royalty" av kvart selde eksemplar vil i tillegg tilfalle oss, og slik sett kan de like gjerne lesa boka på biblioteket. Men gode salstal kan jo kanskje auke sjansen for at vi får gje ut ei bok nummer to ein gong i framtida.

Ikkje at det strengt teke er naudsynt. Som ung hadde vi to ambisjonar for livet vårt: å få barn, og å gje ut ei diktsamling. No som vi har lykkast med båe delar, har vi eigentleg ikkje meir å leva for. Takk for alt, kjære vener! 

tirsdag 9. juli 2019

På hjul gjennom grenselandet

Som nokre kanskje veit, har underteikna ein spesiell fascinasjon for Finnmark. Det kan sikkert verke sært og irrasjonelt, men la oss gjera ein freistnad på å forklåre. Vi visste lite eller ingenting om Finnmark før vi budde der i halvtanna år. Sant å seia tenkte vi på det som eit kaldt og primitivt ingenmannsland, som vi var livredde for å skulle flytte til. Men vi møtte eit område som bognar av historie og kultur. Til å vera så stort, fyller ikkje Finnmark mange sider og kapittel i klokebøkene. Ikkje di mindre er historia om Finnmark, slik vi ser det, kanskje den mest interessante delen av sjølve Noregs historie: Det er historia om grensene, randsonene, dei ekstreme ytterpunkta, om oss sjølve og dei andre, det kjende og det framande, og på den måten representerer Finnmark ei vesentleg utviding av det såkalla norske. Så har historia gjort sine u-svingar, og på mange stader i Finnmark finst i dag berre uklåre spor etter menneska som ein gong klamra seg fast der. Dei tallause segnene som har funnest om kvar tronge vik og kvar nakne holme i dette mangslungne mytiske landskapet, kan ofte ikkje skiljast frå røynda; jamvel mange av stadnamna held godt på løyndommane sine. Men i løyndommane ligg òg dragmakta til denne underlege utkanten.

Difor, då vår kjære Vilde var så venleg å unne oss ei lita rekreasjonsreise bort frå det gode, men hektiske familielivet, la vi denne reisa til Finnmark. Det er òg eit poeng at vi toler varme svært dårleg, noko som gjer det direkte helsebringande for oss å koma til kjølegare strok. Vi planla ei rundreise i ein del av Finnmark vi enno ikkje hadde utforska i nemneverdig grad: Varanger, lengst aust i Noreg, den siste utposten mot Russland og Barentshavet. Vi ynskte å slå fleire fluger i éin smekk, og inviterte difor med oss fire gode vener vi til vanleg møter for sjeldan: John Gunnar, Kristian, Sindre og Erlend, altså ein annan Erlend enn oss sjølve. Vi tok fly til Kirkenes ein grytidleg torsdag morgon, der ein leiebil venta oss. Å køyre bil i Finnmark er svært gunstig, for det finst knapt andre bilar på vegane der. Vi tok jo i vår tid lappen der oppe, møtte ingen bilar under oppkøyringa, og det var den einaste grunnen til at vi stod.

Fyrste stogg: Bugøynes! Men nei: Ikkje ein kilometer var attendelagt før kravet melde seg frå baksetet: "No hadde det vore godt med ein liten øl." Vi leita lenge etter ein butikk i den fyrste vesentlege bygda vi kom til, den skoltesamiske høgborga Neiden. Vi leita gjennom heile den såkalla Skoltebyen, vassa jamvel ut i den store Skoltefossen, men det var ikkje anna råd enn å køyre over grensa til den finske Neiden, Näätämö. Det vart sikkert ein time heft av det, men vi hadde ein klår ambisjon om ikkje å stresse på denne turen, der vegen jo var målet. Hadde vi visst nøyaktig kor lite dei fire andre var innstilte på å stresse, delvis fordi dei sjeldan hadde omgrep om kor langt vi hadde att å køyre, ville vi kanskje ikkje aksentuert dette poenget. For kvar bidige kilometer måtte nokon ut og klappe ein rein, knipse eit bilete, kjederøykje nokre sigarettar, tømme bagasjerommet for tomboksar. Men Bugøynes sprang for så vidt ikkje frå oss, og dette såkalla Vesle Finland, Pikku Suomi, synte seg å vera ei verkeleg perle. Svært mange finske utvandrarar fann i si tid vegen hit, og staden er eit høgsete for det finske og kvenske i Noreg, ein særeigen kultur dei fire fylgjesveinane våre vart mektig imponerte over. På kafeen snakka dei stort sett berre finsk, eller kvensk, så vi klatra heller i berga kringom været. Ferda gjekk vidare langs Varangerfjordens sørbreidd inn til botnen, der vegen deler seg. I denne omgangen skulle vi vidare til Tana. Men fyrst ein stogg ved skiltet til den vesle grenda Skiippagurra, der dei fire andre ville ta eit gruppebilete, utan at vi skjønar kvifor. Så kom det for ein dag at det òg var ynske om ein liten aperitif i baksetet, då det trass alt nærma seg middagstider, og dimed måtte vi svinge inn i Finland på nytt, til Nuorgam nær Polmak. Der har dei pol, eller Alko som det heiter på finsk, og i valutaen euro er jo alt veldig billeg, gjerne knapt ein tiandedel av norske prisar. Langt om lenge kom vi oss heldigvis inn i Noreg att, og fylgde austbreidda av den mektige Tanaelva oppover mot munninga. Sjølve ville vi helst høyre på Tanabreddens ungdom heile vegen, men vi fekk då i det minste innvilga nokre fåe songar. Den vakre Høyholmen ytst i deltaet var vel verd ei vitjing på ein kjøleg, men klår og stille sumarkveld, før vi omsider kunne svinge opp på Kongsfjordfjellet og ut mot Berlevåg, der vi skulle overnatte. Naturen, særleg på det siste strekket der vegen fylgjer kysten, var verkeleg sjokkerande vakker. Om sjølve staden Berlevåg må det vera lov å seia at han nok har sett sine beste dagar, men det er jo slik vi liker det: enkelt og upynta, tragisk og sjarmerande. Heldigvis var det pizzaaftan på den lokale Neptun pub, elles hadde ein banan i Näätämö vorte einaste måltid den dagen. Hyggelege var òg dei sytten millionane måsar som held hus i det segnomsuste fiskeværet, vi har verkeleg aldri sett ein slik overflod av måsar. Dette har jamvel avisene skrive om.


Sindre, Erlend, Kristian og John Gunnar ved munninga av Tanaelva.

Som vanleg vakna vi av oss sjølve i sjutida, og vekte sporenstreks dei andre for å informere om at reisa vidare måtte byrja, om vi skulle ha ringaste sjanse til å rekkje over alt som stod på planen for dagen. Fyrste stogg: Store Molvik! Ein blindveg. Ingen andre enn oss såg ut til å skjøna kva som var stort med å køyre to miler kvar veg på ein medioker grusveg for å sjå ei vik med nokre fåe hus og ingenting meir, men for oss var Store Molvik meir enn stor nok, sjølv om Lille Molvik naturlegvis er endå meir eksotisk. Frå Store Molvik har ein glitrande utsyn tvers over Tanafjorden mot halvøya Digermulen, og naturlegvis sjølve Nordkynhalvøya. Snøen låg enno tjukk i mange av berga langs horisonten. Vi køyrde inn att til Berlevåg for frukost på nærbutikken, deretter vidare over Båtsfjordfjellet mot ein smått legendarisk stad: Syltefjord, der Ytre Syltefjord ein gong hadde Noregs høgste postnummer. Men så vart Syltefjorden fråflytt, og i dag er det vel Båtsfjord som har det høgste postnummeret. Ikkje di mindre var det mogleg å få ei vaffel og ein kaffi på ein liten kafé i downtown Syltefjord, noko som gjorde godt, då vêret hadde slått om til regn og stiv kuling. Kva gjeld sjølve Båtsfjord, Noregs såkalla fiskerihovudstad, kan vi fastslå at staden er litt større og kanskje litt mindre falleferdig enn Berlevåg, men ikkje så fint plassert i landskapet. Det gode var at vi slapp å køyre så mykje sjølve denne dagen, og butikken i Båtsfjord selde iskald bayer som eit supplement til den etter kvart nokså lunkne finske rusbrusen. Til overmål trekte vi framsetet i lotteriet, så vi slapp å sitja inneklemt mellom John Gunnar, Kristian og Erlend, som alle er kringom dobbelt så store som oss. Stemninga var høg, ikkje minst då vi kom oss forbi Tana og Varangerbotn og byrja den utsøkte turen utover langs Varangerhalvøya. Fram til Vadsø var det kjend landskap for oss, med profilerte stader som Meskelv, Skittenelv og Paddeby. Men lenger ut enn Vadsø har vi aldri vore i bil, og å få oppleva Krampenes, Skallelv, Komagvær og alle desse legendariske småe stadene på nært hald, lever vi lenge på. For visse andre i bilen byrja det kanskje gå litt i surr, Syltefjord vart til Syltevær og Krampenes til Krampevik, men vi skal ikkje bruke det imot nokon. Det viktigaste var at vi sjølve heldt på oversynet, og kunne guide sjåføren trygt og ryddig langs den eine vegen som finst der ute. Vi kom fram til neste overnattingsstad, Vardø, i noko lunde rett tid. I Vardø har vi så vidt vore før, ein liten time då Hurtigruta la til kai der, men vi har lenge drøymt om å få utforske denne austlegaste av Noregs byar noko nærare. Fråflyttingsskrømtet har tilsynelatande gjort "Den glade by ved Bussesund" ein smule dyster, men vi vil heller kalle han stemningsfull, spesielt i dystert vêr. Éin ting reagerer vi negativt på, og det gjeld diverre store delar av Finnmark: det at det knapt nokon stad skal vera mogleg å få seg eit skikkeleg fiskemåltid her i fiskerifylket framfor alle. Vardø baud på eitt pizzaalternativ og to thairestaurantar. Vi gjekk for ein av thairestaurantane, og fiskerettane på menyen var utselde. Til vederlag hadde innehavaren eit bomberom fullt av ymse ølsortar. Då passa det fint å halde fram til Nord-Noregs eldste pub, Nordpol kro. Der fekk dei tri single mennene i gruppa vår god kontakt med innflytte damer som arbeider på det statlege og uhyre desentraliserte Kontoret for voldsoffererstatning, medan underteikna og den andre Erlend naturlegvis låg lågt, spesielt etter å ha støytt på nokre lite hyggelege amerikanske spionar.


Vardø sett frå Vardøhus festning ei vakker sumarnatt.

Etter å ha brukt formiddagen på ymse kunst i Vardø, derimellom det svært interessante monumentet over hekseprosessane som føregjekk her på 1600-talet, skulle vi endå litt nordover. Frå Vardø går ein sumaropen veg ut til det fråflytte fiskeværet Hamningberg. Hadde den vegen gått nokre fåe miler vidare, ville han møtt på vegen i Syltefjord, noko som ville ha spara oss for kringom 25 miler køyring dagen før. Men fleire vi snakka med i Vardø ynskjer seg ingen slik veg, då han vil øydeleggje noko av magien ved Hamningberg, som verkeleg kjennest som verdas ende. Turen ut dit går gjennom eit svært spesielt landskap, noko midt imellom månen og ein skrekkfilm, og det er ikkje vanskeleg forstå at folk kunne få nokre merkelege førestillingar om djevlar og trolldomskunster i møte med desse kvasse, svarte klippene. Men i nokre av vikene finst plutseleg dei fagraste strender, og den vågale Kristian var klinkande klår på at han ville bade i Barentshavet. Korkje vi eller John Gunnar kunne vera dårlegare, så dimed var vi tri som sprang over den lange, breie sandstranda ut i dei arktiske bylgjene. Det var kaldt, naturlegvis, men vi ville nok ha gjort det om att. Vel å merkje ville vi då òg ha halde undertøyet på, noko Kristian og John Gunnar ikkje gjorde. Det kom trass alt nokre bilar køyrande forbi på vegen, ein smal, svingete veg der det i utgangspunktet er skummelt nok å køyre, om ein ikkje plutseleg skal skode tri nakne likbleike skrømt. Etter dette stod det eigentleg berre att å køyre til Kirkenes, ingen ørliten tur det heller. Eigentleg skulle vi òg ned i Pasvikdalen for å klatre opp på ein haug og kike over til Nikel i Russland, men for det fyrste var det skodde, og for det andre var klokka såpass mykje idet vi nærma oss Kirkenes, at det ikkje ville bli tid til den store banketten om vi gjorde dette. Så vi nøgde oss med den lett tilgjengelege grenseovergangen ved Storskog, der kunne vi òg gløtte inn i Russland, og så køyrde vi rett ned i Kirkenes sentrum, til hotellet med det velklingande namnet Barents frokosthotell. "Har de frukost?" spurde vi dei svært avslappa arabarane som sat i resepsjonen. "Nei," svara dei. Til vederlag fekk vi ein heil etasje for oss sjølve, vi delte han berre med to russiske bestemødrer og barnebarnet deira. På dette hotellet treivst vi kort sagt svært godt, sjølv om tidlegare gjestar har skrive på nettet at dei tilrår alle å velja telt. Men vi måtte òg gå ut, for å feire i riktig stor stil den formidable prestasjonen det er å ha reist Varanger rundt. Dei single i fylgjet fekk igjen glimrande kontakt med lokale damer, derimellom fleire politi- og grensevaktdamer, venninner av Frode Berg. Det var ikkje langt unna at dei arresterte oss og utleverte oss til Russland i byte mot sin kjære kollega.


Interiør frå Barents frokosthotell på Kirkenes. Klokka på veggen er fire timar for snar.

Ikkje di mindre sat vi på flyet sørover neste formiddag. Utan å skryte, vil vi påstå at det var ein svært effen tur vi regisserte. Vi kan umogleg førestille oss at nokre av døgeniktane vi reiste i lag med, nokon gong har opplevd så mykje på så kort tid. Varanger veit vi litt meir om no, men vi anar at heile Finnmark framleis er fullt av løyndommar. Forresten vil vi ikkje at området skal oversymjast av turistar, så difor må vi på det sterkaste fråråde dykk å reise dit. Eld og bål ventar dei som vågar seg så langt nord, så langt aust. Báchet dearvan. Näkemiin.

søndag 30. juni 2019

Magiske dagar i Melhus og omegn

Då har vi byrja på den endelause såkalla lærarferien. Vi vegrar oss eigentleg for å kalle oss lærarar, sjølv om vi har arbeidd som det i over fire år, då vi ikkje har skikkeleg lærarutdanning, det vil seia pedagogikk, og slik sett eigentleg aldri har visst heilt kva vi driv med som lærarar. Trass i dette har vaksenopplæringa i Melhus, der vi har arbeidd dei tri siste åra, vore så venleg å tilby oss fast jobb frå hausten av, og dei vil leggje til rette for at vi kan ta den famøse pedagogikken parallelt med arbeidet, utan at det skal ruinere økonomien vår. Kven veit, viss vi greier å fullføre studiet, som går på såkalla deltid over to år, kan det altså hende at vi ein dag faktisk kan kalle oss lærarar  ekte lærarar.

Vi skal vedgå at vi i ungdommen ikkje tenkte at dette yrket var noko for oss. Vi vart styrke i den trua då vi arbeidde med norske ungdommar på den vidaregåande skulen i Lakselv. Vi forstod ikkje dei, og dei forstod ikkje oss. Men så kom vi inn i vaksenopplæringa, som i hovudsak er norskopplæring for flyktningar, og noko endra seg. Vi følte at vi faktisk kunne utgjera ein viss skilnad, vera eit positivt element i liva til desse menneska. At dei i endå større grad er positive element i vårt liv, skal ikkje stikkast under stol. 

Nok snikksnakk; vi skulle eigentleg skrive litt sånn humoristisk om kor artig arbeidskvardagen i vaksenopplæringa kan vera, i sær når det byrjar bli vår og sumar og godvêr ute. Det gode er at arbeidet handlar om så mykje meir enn å sitja i eit klasserom og dosere over femte kondisjonalis. Det overordna målet er å få flyktningane ut i jobb, eventuelt vidare utdanning, og då er det avgjerande med god kunnskap om det norske samfunnet. Ikkje minst er det viktig at mange elevar som har dårleg helse, får skrapa saman litt betre helse. Dessutan er det jo slik at ein del elevar, som kanskje har lite eller ingen skulegang frå heimlandet sitt, lærer best når dei er utom klasserommet, i samanhengar der det fell seg naturlegare å bruke språket aktivt. Skulle vi skrive om alt det interessante og merkelege vi har gjort i laupet av skuleåret, hadde det ikkje fått plass på tastaturet vårt. Men den siste arbeidsveka før ferien kan jo tene som døme.

Måndag drog vi til Trondheim med den såkalla grunnskuleklassa, ei relativ ung gruppe elevar, som alle etter planen skal byrja på vidaregåande til hausten. For dei har året vore intensivt, då dei i prinsippet skal lære alt det ein norsk ungdom lærer gjennom ti års grunnskule, på nøyaktig eitt år. Omsider, med alt av eksamenar unnagjort, var dei lova ei "aktivitetsveke" av si eminente klasseforstandarinne. Vi har hatt denne gruppa berre i engelsk, men fekk vera med på bussturen til Trondheim og ei vandring gjennom vakre Ila, langs Ilabekken opp til Theisendammen. Sidan vi har budd i dette området, skulle vi fungere som ein slags kjentmann, men det var vi ikkje.


Scene ved Ilabekken. Kjentmannen går bakarst, som seg høyr og bøyr. 

Tysdagane har vi vore sterkt involverte i det vi kallar "arbeidsnorsk", det vil seia at alle tysdagar, frå morgon til ettermiddag, har vore konsentrerte kring det norske arbeidslivet og dei mange merkelege mekanismane der. Mellom anna har vi vore på mange frapperande vitjingar på ymse arbeidsplassar, alt frå NRK på Tyholt til mølla i Buvika, det siste eit verkeleg høgdepunkt. No var det omsider tid for avslutning for tysdagsgruppa, og ein glup kollega fekk den lyse ideen at elevane skulle få stelle til kafé for andre elevar, lærarar og ymse. Vi brukte tysdagen i forvegen på å tenkje ut meny og skrive meny, førebu oppskrifter og innkjøp, øve inn restaurantfaglege fraser, invitere dei vi ynskte at skulle koma, og så bortetter. Det var servering ved borda, elevane var høvesvis servitørar og kokkar, og gjestane var så heldige å få leikepengar til betaling idet dei kom til lokalet. Elevar som vanlegvis er heller tunge i sessen, var plutseleg svært så lette på foten då dei fekk springe rundt og sweettalke gjestane.

Onsdagane har vi hatt litt ymse elevar, og no var det planlagt tur òg for desse og ymse andre. Vi skulle opp i vårt barndoms fjell, Vassfjellet, då vi oppriktig meiner at flyktningane bør bli kjende med lokalmiljøet og dei moglegheitene som finst der. Det er eit bratt, vått og uoversynleg fjell, men eit praktfullt fjell. Igjen skulle vi fungere som ein kjentmann, noko som resulterte i at vi bomma på den tiltenkte stigen, og måtte gå ein lang omkrok fram til målet. Men elevane forstod jo ikkje kva som skjedde, dei var berre sjeleglade då vi langt om lenge kom fram til rasteplassen. Nokon hadde med ein høgtalar som spela lifleg arabisk jazz, og alt var frygd og gaman. Attende gjekk vi ein annan veg, så dette vart verkeleg ein flott og helsebringande runde i svært vakkert Melhus-vêr.

Torsdag var det duka for den store felles sumaravslutninga for heile skulen. Denne skulle føregå på ikkje ukjende Horg bygdatun, med ymse aktivitetar heile dagen igjennom. Underteikna og ein glimrande kollega hadde eit særleg tungt ansvar: potetlaup, sekkelaup og tautrekking. Dette vekte stor åtgaum, men det gjorde vel eigentleg alle aktivitetane, frå hauk og due til Twister. Det vart grilla, og som venta var det berre tull av oss å ha med eigen grillmat, for ein blir alltid påspandert i bøtter og spann av elevane. Det var dei vel unt å grille potetane frå potetlaupet, for å seia det slik. Så fylgde utdeling av vitnemål og ymse prøveresultat til dei som venta på slikt, og ramma for dagen var såpass hyggeleg at ingen vart særleg sure, sjølv om karakterar og resultat nok kunne variere. Tradisjonen tru vart alt avslutta med eit samansurium av arabisk, kurdisk og eritreisk dans, der den norske dansinga som vanleg var den absolutt lammaste: ein tarveleg jenka, deretter macarena. Viss nokon av dykk vurderer å sjå ei filminnspeling av det sistnemnde: Ikkje gjer det.

Uansett var det ei fortryllande avslutning på ei fortryllande veke og eit nokså fortryllande år, men vi må innrømme at dagen òg var vemodig – ikkje berre på grunn av dei svært elskverdige elevane som ikkje kjem attende i august, men òg på grunn av selskapet vi heldt på skulen om ettermiddagen: Kjær kollega Unni Mette går av med pensjon, fred vere med hennar minne. Vi må innrømme at vi har likt det kvinnemennesket frå dagen vi byrja på vaksenopplæringa. At ho er ein glimrande lærar er heva over tvil, men i den kollegiale kvardagen er det sjølvsagt vel så viktig at ein person bidreg til trivselen. Ho har ein noko underleg og kryptisk humor, som nok kan gå over hovudet på einskilde. Men sjølve meiner vi å forstå han så godt som råd er, og det har gjeve oss tallause morosame stunder saman med Unni Mette. Av mange sterke sitat vi kunne ha trekt fram, vart vi særleg fascinerte over orda hennar idet ein eritreisk eks-elev stakk hovudet innom kontoret for å helse på: "Så triveleg å sjå deg! Du har då vorte så brun! Har du vore i Syden?" Vi fryktar at dei andre pensjonistane kan bli for tørre, vrange, keisame og sedate for henne, men på den andre sida: Er det nokon som kan stramme dei opp og lære dei kva normer og reglar som gjeld i det norske samfunnet, må det vera henne.


Unni Mette, til venstre, spegla i ei mystisk, botnlaus myrtjørn i Vassfjellet. Sidan har ingen sett henne. 

Fredagen var det planleggingsdag for lærarane, som i praksis skulle vera ryddedag, på grunn av planlagde omstruktureringar av arbeidsareala. Diverre vart vi ramma av sjukt barn, og måtte "sitte på hjem", som elevane har ein lei tendens til å seia. Vi fekk difor ikkje sagt god sumar til alle gode kollegaer, men vi kan jo gjera det her i staden. Tusen takk for året; vi gler oss til det neste. 

lørdag 22. juni 2019

Laudamus te

Det vil føre for langt å gå inn i våre familiære tilhøve på denne bloggen, då desse er kompliserte og til dels uforståelege. Men vi kan nemne at vi har fire sysken, derimellom ein yngre bror, som forresten er det einaste heile syskenet. Han fylde år nyleg, og i slike situasjonar finst det gjerne ei forventning om eit selskap, helst med sodd og skjenning, etterfylgd av kaker med diverse krem.

Men så har det seg slik at vår yngre bror er veldig spesiell og merkeleg. Han har til dømes mange fikse idear kring dette med mat. For det fyrste er han ein utdanna servitør og vinkelner som har arbeidd på grasiøse restaurantar, og dette er kanskje noko av grunnen til at han vanvyrder ein del typar mat som vi sjølve held for heilage, det vere seg kjøtkaker i brun saus, fiskebollar utan fisk, ihelkokt potet med smør og salt, og så bortetter. For hans del har det gått meir i breiflabbcarpaccio med røykt ostekrem, fritert dill, avrugakaviar, eple og redikk, rypelårterrin med foie gras, laukkrem, lauk, gulrot, nepe, chorizosky og sennepsskum, Roquefort-is med tomatmarmelade, Taleggio-fondue og rugbrød, slike ting. I det siste har han søkt meir og meir mot det kortreiste, økologiske, for ikkje å seia buddhistiske, og nokre dagar går han så langt som til å vera vegetarianar.

I bursdagsselskapet hans i Midtbyen var det difor ikkje ein einaste soddskvett eller sirupssnipp å oppdrive. Nei då, her var det invitert til "teselskap". De høyrde rett: teselskap – i Noreg! Det byrja klokka fem om ettermiddagen, midt i middagstida, så difor serverte han kokosnøtt og mango i olivenolje til teen, samt mikroskopiske tomatar og agurkar, og òg nokre eksklusive ferskenar delte opp i småbitar. Det var to slags kinesisk te, vi hugsar ikkje namna nøyaktig, men vi trur det var ching chong- og chang ching-te, frå høvesvis høglandet i Burma og låglandet i Laos.


Frå teselskapet. Frå venstre vår yngre bror, vår eldre svoger, vår eldre syster, vår eldre mor, vår yngre dotter og vår eldre sambuar. 

Bror vår sver dessutan til eit enkelt møblement, så selskapet føregjekk på golvet. Men der var det ikkje ulugumt å sitja, for han har ei stor matte, som er ei "bekymringsfri sone" i livet hans. Den einaste bekymringa var at teen var for varm, men dette løyste han ved å hente fram iskalde småe steinar frå frysaren, som omgåande gav temperert te i glasa. Ei anna bekymring var for så vidt at dottera vår kom til å krabbe opp i kannene med glovarm te, men ho lo då ho i staden fekk drikke av teen, og ikkje minst då ho fekk ein iskald stein lagt mot kjakane.

Diverre heldt sambuaren vår, som kom så å seia rett frå jobb, på å sovne der ho låg på golvet og drakk te. Det var, for hennar del, ikkje nok koffein i teen. Men på spesiell førespurnad fekk ho, under tvil, innvilga ein kopp eksklusiv kaffi. Sjølve våga vi ikkje å spørja om å få smaka, vi var så nøgde med teen. Som ein ironisk gest serverte bror vår jamvel ein liten sjokoladetrøffel til denne kaffien, og lo godt av noko så dustete. Men på denne måten vart det ikkje berre kinesisk teselskap, men òg litt norsk kaffislaberas, og alle var nøgde då det i rett tid var over.

No skal bror vår snart dra på fjelltur, og bursdagsgåva vår til han er at vi skal stikke innom leilegheita hans og vatne plantene. Kven veit, kanskje vi faktisk snik til oss ein kopp te medan vi likevel er der. Metabolismen vår har fått smaken på denne underlege drikken, som er så mykje lysare og lettare enn kaffi kokt på førre vekes grut. 

torsdag 30. mai 2019

Veldig bra rekneskap for i fjor

Mange rykte har svirra kring den økonomiske situasjonen til stiftinga Diverse opplysningar AS, og uroa har vore stor mellom aksje- og opsjonseigarane, med dertil høyrande konkunksjonssvingingar som resultat. Spesielt har spekulasjonane vore massive kring det faktum at vi ikkje har publisert noko økonomisk resultat for dei siste, tri, fire åra, men dette har si naturlege forklåring: Resultata har vore veike, og ikkje eigna til å byggje tillit. For rekneskapsåret 2016 fekk vi ein baksmell på nær 90.000. I 2017 vart restskatten på litt under 50.000, men det seier seg sjølv at utbytet vart negativt. Frustrasjonen har vore stor i marknaden, heilt frå Wall Street til handlegata i Honningsvåg.

Det er viktig å understreke at vi tek det heile og fulle ansvaret for depresjonen. Skulda ligg på ingen måte hjå rekneskapsførarane våre, som er gode vener av oss gjennom bridgen, alle med base i eller tilknyting til Kristiansand. Vi har alltid hatt den aller største og blindaste tillit til dei alle tri: Geir "Kaninen" Brekka, Frank "Svinet" Svindahl og Helge "Søvnig" Stornes. I mange år har dei arbeidd nær sagt døgnet rundt for å gjera tala våre så gunstige som mogleg. No ser det ut til at innsatsen ber frukter!

Vel å merkje har dei henta inn ein fjerdemann, som kompletterer laget svært briljant, og som kanskje var det vesle korttrikset som skulle til for å få snudd dei raude pilene loddbeint oppover: Jan Arild "Godt fornøyd" Olsen, heiter han, ei guds gåve til titalssystemet. I går kunne han smelle i bordet rekneskapen for 2018, og kva stod det der? 50.000 attende på skatten!


Fra festen for aksjonærane. Dei mørke flekkene kjem av støv på linsa.

Å seia at vi vart nøgde vil vera ei overdriving, for desse pengane høyrer aksjonærane til og ikkje oss. Men vi trekte på smilebandet, det gjorde vi, og inviterte fluksens heile stiftinga på fest, med Hockeypuckar, Drageegg og kald kaffi. 2019 ligg an til å bli eit svært fiskalt år for alle med eigardelar i stiftinga Diverse opplysningar AS. Porteføljen ser per 31. mai slik ut: Per Porsanger, Ytre Porsanger, 37 aksjar.  Nils Nils Nilsen Eira, Láhpoluoppal, 29 aksjar. Ali Khamenei, Teheran, Iran, 24 aksjar. Trond Olsen, Kjøllefjord, 23 aksjar. Trond Bårdsen, Tromsø, 20 aksjar. Kim Jong-un, Pyongyang, Nord-Korea, 17 aksjar. Håkon Lyng, Trondheim, 14 aksjar. Øystein Lerfald, Verdal, 9 aksjar. Steinar Stokkeland, Trondheim, 6 aksjar. Varg Vikernes, Limousin, Frankrike, 4 aksjar. Jon Fosse, Oslo, 2 aksjar. Erlend Skjetne, Trondheim, 1 aksje.

fredag 17. mai 2019

Nytt innlegg

Her om dagen fekk vi eit spørsmål frå sambuaren vår, som forresten er lei av at vi omtalar henne som sambuaren vår og ikkje som det ho heiter: "Kjem det ikkje snart noko nytt på bloggen?" spurde ho. Vi sleit med å forstå spørsmålet: "Kva meiner du?" spurde vi. "Kvifor skulle det det?" "Vel," sa ho, "når du har ein blogg, forventar jo folk oppdateringar. Bror min, til dømes, er innom minst kvar fjortande dag for å undersøkje om det har kome noko nytt, men i det siste har han vorte skuffa."

Vi heldt på å falle av stolen. Folk? Gjestar? Menneske? På nettsida Diverse opplysningar? Det hadde vi aldri trudd. Dei har vi aldri sett. Vi har alltid tenkt på denne sida som vårt eige vesle ekkokammer, og vi har likt det såleis. Men når vi no går inn og ser på statistikken, og han påstår at opp til ti personar er innom her kvar dag, må vi sjølvsagt gjera noko for å blidgjera dei.

Løysinga er dette innlegget, vårt kanskje finaste nokon gong. Vi ser av eit interaktivt kart at dei fleste vitjarane våre er russarar, heilt nord til Franz Josefs land og Severnaja Zemlja, og vi føler sjølvsagt ei ekstra omsut for desse. Vi kan ikkje russisk, men det er lett for dei å lære seg norsk eller tysk. Då kan dei venteleg ha glede av nokre vakre ord av Bertolt Brecht, her i omsetjing ved Johan Grip. Diktet handlar om nettopp det å vera ein gjest.
Gjestene du ser
har asjett og kopp.
Du
har bare fått en kopp,
og da du spurte når teen kommer,
ble det svart: Etter maten.

søndag 24. mars 2019

Vifta samt galeien

Vi har levd under eit umenneskeleg press. I oktober flytta vår kjære ven Feiten attende til Trondheim frå Kjøpenhamn etter eit samlivsbrot, og han har fått att den gamle jobben sin på Dahls bryggeri. Som han så vakkert formulerte det: "Gud har gjeve meg eit kort med påskrifta "Rykk tilbake til start"." Heilt sidan heimkomsten har han masa om at vi må bli med han ut på galeien ein aftan, som i gamle dagar. Men vi prøver faktisk å vera ein ansvarleg småbarnsfar og alt det der, så vi kan ikkje gjera den slags så ofte. Men presset frå Feiten har vedvart. Det er greitt å kalle han Feiten, berre så dét er sagt, fordi han faktisk er tynn no. Men presset har òg kome frå ein annan kant, nemleg frå sambuaren vår; la oss kalle henne Vilde. Ho meiner at baderomsvifta vår lagar ein forferdeleg ulyd, og at vi må få gjort noko med det. Vi. Ho er fanga i ein gamal kjønnsstereotypi, der det tydelegvis er vi som menn som må få fiksa baderomsvifta, jamvel om vi for vår del ikkje har noko å utsetja på funksjonsnivået hennar. Løysinga vart som vanleg eit kompromiss: "Vi skal ordne baderomsvifta, men då må vi bli med Feiten på galeien på laurdag." Det var i orden. Deretter ringde vi John Gunnar, faglært ventilasjonsmontør som òg er ein ven av Feiten og såleis sjølvskriven deltakar under galeien, og gav han eit ultimatum: "Anten kjem du hit og fiksar den fordømde vifta, elles kan vi ikkje bli med deg og Feiten på galeien på laurdag." Han sa at han ikkje visste noko om denne galeien, og sant å seia skulle han få vitjing av ei dame frå Orkanger i helga, flott dame som jobbar i ein butikk der ute. Men han vart skremt likevel, og torsdag kom han for å sjå på vifta. Han gjorde det svart; det vil seia: Betalinga fekk han i form av lakris. Han greidde ikkje å opna dekselet eller kva ein skal kalle det på den hersens vifta, men han la øyra inntil henne og konstaterte at det måtte vera noko gale med eit hjullager, og at vi like gjerne kunne kjøpe ei ny ei, så skulle han koma attende på sundag og installere henne. Neste dag, fredag, køyrde vi til Lade, til butikken Megaflis, og fekk kjøpt ei vifte som liknar den gamle.

Så, dagen etter: galeien. Vi hadde til og med skrive det på kalenderen som heng på veggen: "Erlend, galeien." Vilde var berre passe nøgd med at den nye vifta ikkje var installert enno idet vi skulle gjennomføre den mykje omtalte galeien, men ho godtok sin lagnad. Vi synst det var litt trist å tenkje på at John Gunnar ikkje skulle bli med oss på galeien, men heldigvis ringde dama frå Orkanger og avlyste alt, etter seiande på grunn av vêret. Dimed kunne John Gunnar til og med koma og hente oss, og køyre oss ned til seg på Tempe. I bilen hadde han med seg Lesbe-Nina, ei hyggeleg ung dame, men sjølvsagt ei dårleg erstatning for dama frå Orkanger. Det er greitt å kalle henne Lesbe-Nina, berre så dét er sagt, fordi ho faktisk er lesbisk. Vel framme på Tempe fann vi Feiten på trappa, sterkt nedkjølt og nedsnødd, men i live. Snart kom også Mosanna, eller Mossi, ein svært artig kar frå Irak. Han er muslim og fråhalds, men han liker å køyre rundt. Før var han sjåfør for Saddam Hussein. Til liks med John Gunnar prøver han å finne den rette, men det er ikkje så farleg for han, for han har eit glimrande liv uansett. Han køyrde til Ålesund for å møte ei dame der, men ho var for epileptisk. Han kontakta imamen for å forhøyre seg om ei dame han hadde spotta i moskeen, men imamen åtvara han mot henne, av di ho tilhøyrer IS. Likevel gjekk dei på ein date på McDonald's, der dama fortalde at ho planla å sprengje heile Trondheim torg. Ho er svært pen, men Mossi bestemte seg for å avslutte det: Som IS-brudgom ville han nok ikkje fått lov til å dra på galeien så ofte. Alt dette var veldig interessant å høyre om, men det kunne ikkje vedvare: På "Tri løver" sat nemleg ein ven av oss kalla Pære-Erlend, han hadde tinga bord til landskampen som skulle visast på storskjerm der. Ingen ville dit, men vi måtte, fordi Pære-Erlend er i sorg og treng vår støtte. Det er forresten greitt å kalle han Pære-Erlend, for han har eit pæreforma hovud og er stolt av det, og det er praktisk å kunne skilja mellom dei ulike erlendane. Til samanlikning er vårt tilnamn sjølvsagt "Skitten-Erlend", "Erlend den skitne", "Skitne oter" og liknande, og det er heilt på sin plass. Uansett, Mossi køyrde oss ned til langbordet og landskampen. Det var visstnok Noreg mot Spania, men det såg vi ingenting av, for vi sat med andletet mot ein skjerm som berre synte ITA mot FIN. Vi trur at ITA vann, men vi er usikre på dette òg, for vi vart ikkje lenge. I mellomtida hadde vi nemleg fått forlokkande snaps frå vår gamle venninne Liv Marit Grude. Vi har eigentleg bestemt oss for å bryte all kontakt med henne, etter at ho tvang oss til å dra eins ærend til Sortland for å tapa ein bridgekamp. Meir om dette seinare. Uansett, snappane synte at ho hadde vitjing av ingen ringare enn Øystein Olsen. Ikkje sentralbanksjefen, altså, men ikkje langt unna heller, eller iallfall ein mann som sopar inn store pengar på travsport. Det var nokre andre typar der òg, men dei kan få vera anonyme, den viktige for oss var Olsen. Feiten og John Gunnar vart med, og dei likte òg Øystein Olsen svært godt. Mossi køyrde oss, naturlegvis, men det er ikkje langt, for Grude bur sentralt. Litt seinare kom Mossi på nytt, og køyrde oss bort igjen. I Brattørgata 3B, der det brukte å vera vekkjelsesmøte før i tida, møtte vi tilfeldigvis Hallgeir Gåsø og Martin Rian, som var ute og markerte siger i Vårcupen på Melhus. Men dei verka sure og tverre, visstnok fordi nivået i tevlinga hadde vore for dårleg, så vi heldt ikkje ut lenge i selskapet deira. Borte i gata møtte vi att Pavla frå Omsk, ein transe vi brukte å kjenne, nyleg portrettert i ein gigantisk NRK-artikkel. Ho hugsa godt den gongen vi diskuterte Tarjei Vesaas' lyrikk, og vi snakka litt om laust og fast. Det synte seg at ho skriv dikt ho òg, og ho synte oss eit par av dei, mellom anna eitt om sovemedisinen Zopiclone. Vi budde oss på å betala formuen det kostar å ta nattbussen heim, men i døra på bussen møtte vi ein tyskar som er far til ei jente i barnehagen dotter vår går i. Han arbeider som trafikkleiar eller liknande i eit av busselskapa, og sjølv om han strengt teke berre var ute på galeien han òg, hadde han tydelegvis autoritet til å avgjera at vi skulle sleppe å betala billett. Deretter sat han og prata til oss gjennom heile den snirklete bussturen attende til Risvollan. Det var bra, for det har skjedd minst eit par gonger at vi har sovna i laupet av denne turen, og ikkje vakna før på endestasjonen langt pokker oppe i Lohove, noko som har kosta oss ein nattleg spasertur på minst ein halvtime. Vi er jo ikkje så ofte på galeien, som sagt, så når vi seier at dette har skjedd eit par gonger, tyder det vel eigentleg at det har skjedd kvar einaste gong vi har teke nemnde nattbuss. Den siste halve timen med småprat, då vi stod ute i kulingen vel framme på haldeplassen på Risvollan, kunne tyskaren kanskje riktig nok ha spara seg.


Vi, Lesbe-Nina, Feiten og katten Bukse-Bob. Dette er tidleg på kvelden. Vi koser oss. 

Uansett fekk vi oss ei god natts svevn, frå halv fire til kringom ti, dobbelt så mykje som vi vanlegvis søv. Vilde var nemleg så grei å ta hand om barnet denne natta og neste morgon. Vi liker vanlegvis å stå tidleg opp for å få noko ut av dagen, så dette høyrer til dei absolutte unnataka. Vi unna oss til og med den luksusen å sitja litt i senga etter at vi vakna, for å byrja skrive denne loggen. I ettermiddag kjem John Gunnar for å hjelpe oss å installere den nye vifta. Dette er visstnok ein type el-arbeid som ein faglært el-arbeidar bør gjera, ikkje ein ventilasjonsmontør og ein ufaglært lærar, så det kan godt hende at dette blir det siste vi skriv.

torsdag 21. mars 2019

Väliaikainen

Vi gløymde å gratulere våre kvenske vener med dagen her på laurdag. Så vi gjer det no: Onnee päiväle. Dagen gjekk for fort. Sambuaren vår måtte ordne det meste til den store feiringa, medan vi sjølve skulle røkte barnet. Vi måtte ta henne med i ein namnefest for ein nevø, så vi gjekk glipp av sjølve kvenpartyet, der duoen Beddari Nilsen igjen kom for å spela dei fagraste toner som tenkjast kan. Visstnok vart dette ein stor suksess, det var iallfall det vi skreiv i reportasjen vår til avisa Ruijan Kaiku. Mykje folk kom. Samane kom, jødane kom, jamvel kommunen og fylkeskommunen kom, i tillegg sjølvsagt til kvenane og dei nyfikne nordmennene, og alle fekk dei nyte kvenske spesialitetar som kaffiost, ein type ost ein skjer i småbitar og slepper oppi kaffien. Les artikkelen vår frå i fjor for meir informasjon om kvenar generelt.

Sjølve bidrog vi med ein uhøgtideleg, men gravalvorleg kvenkviss på Kiegle kro om kvelden. Samane kom i uhopetal, og jødane kom ikkje i det heile, og Gud må vita kvar det vart av kommunen og fylkeskommunen, men ein del nordmenn og kvenar kom då, og ein islending. Det var mange spørsmål om nettopp kvenar, men òg ein del om finnar, skogfinnar, samar og endåtil russarar. Ikkje minst måtte vi leggje inn nokre om Kalevala, som vi har elska sidan barndommen, og eit par oppgåver om Læstadius som repetisjon frå Læstadius-føredraget vi heldt for kvenane i januar. Kvissen var iallfall ikkje for vanskeleg, for nokre greidde over halvparten av spørsmåla, og dei fleste stod endåtil på Læstadius-eksamenen. Vi vil faktisk påstå at nivået på deltakarane var temmeleg høgt, då mange til dømes visste det norske namnet på bygda Pykeijä, fleire kjende til flogvitet Just Qvigstad, og alle kunne identifisere eit kunstverk av Kåre Kivijärvi. Vinnarar vart laget "Pias venner", med Børselvs Pia Wilhelmsen, Islands Thorsteinn Gestsson, og sjølvaste spelemannen Trygve Beddari. Som ein takk for strevet fekk vi æra av å bli med Beddari og hans kone og kunstnarkollega Anne Margaret Nilsen ein tur på "Moskus bar". Der kom vi tilfeldigvis i prat med ein annan nasjonal minoritet, ein romani, utan at vi likte han så godt som vi liker dei fleste kvenar. Høgdepunktet var nok likevel den kvenske dansen som Trygve Beddari framførte, eit minne vi kan leva på heilt til neste Kvenfolkets dag.


Kven er dette? Det er ikkje eitt av våre mange briljante ordspel, men ei av dei lettare oppgåvene frå kvenkvissen. Skriv svar i kommentarfeltet under.

Beddari Nilsens plate Ruija byd på det eine musikalske høgdepunktet etter det andre, men sjølve har vi særleg to favorittar. Det er for det fyrste tonesetjinga av ein lang passasje frå Kalevala, omsett til moderne norsk av tusenkunstnaren Mikael Holmberg, der Väinamöinen byrjar spela sine trolske toner på historias fyrste kantele, laga av kjeven på ei diger gjedde. Denne teksten vil det diverre føre for langt å sitere her. Men vi er òg svært glade i Georg Malmsténs schlager "Väliaikainen", "Noe som kommer og går", omsett av same Holmberg. Sundag morgon var det ikkje fritt for at vi nynna på desse versa, som vi forresten ofte har sunge som godnattsong for dottera vår. Slik vi ser det, kunne visa ha vore eit alternativ til nasjonalsong for kvenfolket, om ein fekk laga ein berre kvensk versjon i tillegg.
Dette livet med smerte og bedrøvelse
er noe som kommer og går.
Alle stunder av glede og bedøvelse
også noe som kommer og går.
All den lykken i livet som vi får til del,
all den kjærlighet som brenner i kropp og sjel,
alle nederlag, alle hjertesår
er noe som kommer går. 
Den skjønneste rose du no'n gang har sett
er noe som kommer og går,
og de ungdommens dager da alt synes så lett
er noe som kommer og går.
Og den skjønnhet du ser i den jenta der,
hennes lepper så søte som kirsebær,
hennes kropp, det tror jeg du nok forstår,
også noe som kommer og går. 
Den vinen som løfter og beruser deg
er noe som kommer og går,
og den anger'n som dagen etter knuser deg
er noe som kommer og går.
All den lykken i livet som vi får til del,
all den kjærlighet som brenner i kropp og sjel,
alle nederlag, alle hjertesår,
alt er noe som kommer og går.

tirsdag 5. februar 2019

Reparere dei levande

No er det på tide at også vi genererer nokre smektande hjarto i kommentarfeltet. Vår kjære dotter er ramma av dobbeltsidig pneumoni! Tri ulike virus pluss diverse bakterier: Huff! Vi må innrømme at vi vart litt irriterte på sambuaren vår måndag for ei dryg veke sidan, då ho insisterte på at vi måtte køyre til lækjarvakta akkurat idet vi hadde teke det fyrste tygget av middagen vår. "Ja, men, ja, men ..." prøvde vi. Men ho stod på sitt, og der nede var det berre rett på med oksygenmaske og Fandens oldemor, tjue lækjarar og førti pleiarar og åtti spørsmål om barnets forhistorie. Ho var rett og slett for bleik, og altfor fattet. Så den siste veka har vi budd på St. Olavs hospital igjen, fyrst på Barn intensiv og no på Barn infeksjon, og vi skal ærleg vedgå at det har tæra på psyken.

Takkgudskjelovogpris er vesle Lindis i ferd med å bli betre, etter åtte døger med såkalla highflow opp i nasen og mat på sonde og ein breispektra antibiotika intravenøst, berre for å nemne noko. Men akk, når mor og barn snart får reise heim, må nok vi bli att på alderspsykiatrisk avdeling. Men nok om dette, vi orkar eigentleg ikkje skrive så mykje frå denne gudsforlatne pølen av lækjarvitskapleg spisskompetanse, då vi rapporterte meir enn grundig nok herifrå den gongen dotter vår vart fødd, på seinsumaren 2017. Ved sjukesenga hennar syng vi no berre "Saint Mary" av Sparklehorse, ein lågmælt hyllest til det offentlege sjukehuset i London som redda livet til Mark Linkous i 1996, då han var så uheldig å ta ein overdose av ymse preparat på hotellrommet sitt.
Blanket me, sweet nurse,
and keep me from burning.
I must get back
to the woods, dear girls,
I must get back to the woods.
 
In the bloody elevator, rising
for their first cup of tea
of the day.
When does sky turn into space,
and air into wind?
 
The only things I really need
are water, a gun and rabbits.
Let me rest
my fevered cheek
upon your warm, sweet bellies.
 
In the bloody elevator, going
to the bright theatre now,
come on boys.
Please let me taste clean dirt
in my lungs, and moss on my back.

fredag 11. januar 2019

Lyng fyller 50

Sist fredag var det stort kalas på Mellomveien pub. Kvisslagets assisterande kaptein i Geo Tislevolls utlendigheit, Håkon "Mr. Ling" Lyng, fylte 50 år 1. juledag, og markerte altså dette på den herlege datoen 4. januar. Ute var det grufullt, men inne på Mellomveien hyggeleg. Når vi ikkje møter Lyng på kviss ein annan stad, er det her vi oftast finn han: Sitjande på sin faste plass i hjørnet, analyserande og ekspertkommenterande ein pågåande fotballkamp, og så kjem vi for å føle på den elektriske stemninga og stille idiotiske spørsmål. Alt vi kan om fotball har vi lært av Lyng, og det vi ikkje har lært av Lyng det har vi lært av Tislevoll, og det har Tislevoll lært av Lyng. Døme kan vera tydinga av omgrepet "daudball", samt sentrale filosofiske tesar som: "Mål pregar kampar". Den kryptiske offsideregelen, som i si tid fekk oss til å slutte på Melhus gutter 88, har vi riktig nok ikkje skjøna enno. Men takk vera Lyng har vi gått frå å vera totalt uinteresserte i fotball til å bli temmeleg uinteresserte i fotball. Vi snakkar då om landskampar i EM og VM for herrar; nasjonale ligaer og kvinnefotball er vi framleis totalt uinteresserte i.

Ein kviss under bursdagsselskapet hadde berre to kategoriar, fotball og Lyngs føretrekte form for musikk, og vi fekk då vita korleis det kjennest å vera med på ein kviss utan å vita svaret på eit einaste spørsmål. Siger vart det likevel, då vi tilfeldigvis hamna på lag med ein annan av Lyngs vener, som openbert har meir til felles med han. Men vi deler faktiske interesser med han vi òg, til dømes litteratur. Der er han, for å seia det med Trond Bårdsens panegyriske ord om vår sambuar, "mildt sagt relativt oppegåande". Historie, politikk og samfunnsliv er andre omkverve han har svært god greie på. Generelt er han ein glitrande samtalepartnar, svært intelligent og til og med ganske hyggeleg. Som assisterande kaptein på kvisslaget Levon Helm har han gjort ein formidabel innsats, spesielt kva gjeld den uvurderleg viktige drakoniske handhevinga av alle regelverkets minste tødlar, gjennom omstendeleg, langsam og ugjennomsynleg sakshandsaming. I selskapet såg vi tydeleg at vi ikkje er åleine om å setja pris på han som ven og fagperson, då oppmøtet var formidabelt.


Det har ikkje lykkast oss å skaffe eit bilete av den notorisk medieskye Håkon Lyng, men det er grunn til å tru at han oppheld seg inne i dette lokalet på Lademoen. 

No må vi ha kjent Lyng gjennom Levon Helm i kringom ti år, og det har vore greie år med fleire gode vitsar og ein del interessante spørsmål, men sjølvsagt mest smerte over feil svar. Vårt favorittspørsmål frå Lyng er framleis det obligatoriske og samstundes legendariske: "Kva heitte mora til Oddvar Brå?" Svaret er, som alltid før: "Gunvor." Alle kan vi sjølvsagt falle steindaude om i neste augneblink, og fåe er nok meir velvitande om slike sanningar enn nettopp Lyng. Men vi vonar at både han og vi får leva så lenge at vi rekk å oppleva 51-årsdagsselskapet hans, fredag den 3. januar 2020 kl. 18.54 på Mellomveien pub.