onsdag 15. november 2017

Tilfeldig oppdaging

Vi må koma med eit slags dementi. I ein tidlegare tekst på denne vevstaden kunne det framstå som at vi var i ferd med å lesa Saul Bellows Herzog. Det var vi for så vidt. Men det gjer oss ikkje til eit raffinert menneske. For vi fullførde aldri romanen. Det såkalla meisterverket av den Nobel-premierte forfattaren kjeda oss. 4–500 tettskrivne sider om ein nevrotisk akademikar som analyserer i hel sine eigne kvinnehistorier … Jau då, det er sikkert psykologiske, for ikkje å seia eksistensielle djupner i denne boka. Men livet er for kort til å plage seg gjennom bøker som ikkje fengjer ein. Det må vera lov å prioritere dei bøkene ein har glede av.

Ei slik ei fann vi svært tilfeldig i ei utsalshylle på Risvollan bibliotek nyleg (biblioteket er no under oppussing, så ikkje dra dit). I utgangspunktet plukka vi henne ikkje eingong med oss, men då vi kom til disken med åtte bøker à kr. 5, fekk vi høyre at ein heil pose berre kosta kr. 50, så då måtte vi hente nokre fleire. Ei lita ei med den tilsynelatande infantile tittelen The Easter Parade, anakronistisk dekorert av to pene, pyntelege damer teikna på raud botn, fekk under tvil innpass, utan at vi hadde nokon kjennskap til henne frå før. Men for ein roman! Vi har lese han på bussen til og frå jobb i det siste (vi har smerteleg erfart at det å køyre bil til jobb ikkje er kompatibelt med å lesa så mykje som eit haikudikt, og difor slutta med det), og vi måtte stendig klø oss i hovudet: Korleis er det mogleg å skrive om dei ganske ordinære liva til to mellomklassesystre i nokre av New Yorks Citys mest ordinære forstader ein gong i førre hundreår, på eit slikt vis at ein kynisk ung mann som oss knapt greier å leggje boka ifrå seg?


Superb romankunst.

Det syner iallfall at forma, eller skal vi seia uttrykket, er alt. Også om dei to systrene Grimes kunne ein sikkert produsert side opp og side ned med djuptpløyande psykologisk snikksnakk, men forfattaren Richard Yates (1926–1992) gjer ikkje det. Han er ein allvitande forteljar, ja visst, men han misbruker ikkje posisjonen sin. Han fortel den triste historia beint fram, i enkle ordelag, i ein roman som er relativt kort, men som likevel rømer to heile menneskeliv, frå barndom til fullvaksen alder. Ein trur på at det er sant, at desse systrene og menneska ikring dei like gjerne kunne levd i den røynlege verda. I mange kriminalromanar kan ein lesa om vald og drap utan at det avføder anna enn skuldertrekningar, i Yates sin roman finst derimot scener frå kvardagslivet som er så opprivande at jamvel vi, ein temmeleg kjøleg fisk, blir freista til å hoppe over nokre sider. Men samstundes vil ein jo vita kva som skjer, ein vil ikkje forlata systrene Grimes, ikkje eingong når den eine er daud og den andre gamal og smått forskrulla, og romanen plutseleg er slutt.

Vi trudde ikkje at vi hadde kjennskap til forfattaren Richard Yates frå før, men på ein måte var ikkje det heilt sant. For nokre år sidan såg vi nemleg ein amerikansk spelefilm kalla Revolutionary Road. Det høyrest kanskje urovekkjande ut av hovudrolleinnehavarane der er ingen ringare enn Leonardo DiCaprio og Kate Winslet. Vi har aldri sett Titanic og veit ingenting om prestasjonane deira der, men Revolutionary Road var faktisk ein temmeleg glitrande film – basert, har vi oppdaga no, på ein roman ved same namn av nettopp Richard Yates. Så dei som køyrer til jobb og ikkje har tid til å lesa bøker, kan jo eventuelt sjå den filmen.