onsdag 16. mai 2018

Underteikna i Oslo

Vi føler vi bør fortelja dykk at vi nyleg var i Oslo igjen. Dette er jo ganske sensasjonelt, når vi så seint som i februar bortimot erklærte at vi aldri igjen skulle setja våre bein i denne syndas avgrunnsdjupe pøl. Men ærleg mann skifter meining, som kjent. Ikkje at vi på nokon måte har skift meining, vi meiner framleis at Oslo er helvetes åttande krins, men uansett. Poenget er at vi drog til Oslo fordi forlaget Cappelen Damm inviterte oss. Vi var så heldige å få nokre tekstar på trykk i debutantantologien Signaler 2018. Om det blir noko meir med denne skrivinga vil tida vise, vi vonar jo det, men ein skal ta sorgene på forskot. I det minste fekk vi oss ein dag i sola, bokstaveleg talt. Forlaget spanderte reise til Oslo og rom på Cochs pensjonat, og dei stelte til eit litterært seminar, baud på middag på pikant restaurant, og heldt ein såkalla sleppfest for oss om kvelden. Heile vegen spanderte dei alt ein måtte ynskje av drikke, men vi greidde å moderere oss såpass at vi enno kunne stå på beina då vi skulle ha høgtlesing frå tekstane våre, framfor ein haug med frammøte frå hovudstadens kulturelle elite. Dimed skjemde vi oss ikkje heilt ut på scena, og meir kunne vi aldri ha drøymt om. Utover dette, er det tri aspekt vi vil trekkje fram som interessante ved den store reisa vår.

Primo: Då vi kom fram om morgonen hadde vi ein time å slå i hel før seminaret, og som den opne og nyfikne personen vi er, brukte vi denne stunda til å gå rundt og inhalere den vamle eimen av storbyen. Vi rekna med å møte både Wergeland, Hamsun og Bjerke på den forvirra vandringa vår gjennom Pilestredet og Spikersuppa, men i staden vart det ein ganske annan kjendis vi gjekk oss borti: Trond Giske! Så gale hadde vi aldri trudd det kunne bli. Men det vil glede lesarane å høyre at vi gjorde plikta vår, vi skjelte den svinepelsen ut etter notar. Takk vera han og den kvalme framferda hans, har det vorte mykje vanskelegare for folk som oss å til dømes klaske tilfeldige kvinnfolk på baken. Sjølve er vi jo praktisk talt gift, og driv naturlegvis ikkje med den slags lenger. Men vi snakkar for alle dei single venene våre, som no knapt har ei einaste glede i livet lenger. "Synst du at dette er godt sosialdemokratisk handverk, din fusentast?" spurde vi den taskenspelaren Giske. Som venta hadde han ikkje noko svar.

Secundo: Det litterære seminaret gjekk føre seg i Cappelen Damm sine lokale i Akersgata. Då det var over utpå ettermiddagen, hadde vi litt tid før nemnde middag på rustikk restaurant. Vi tenkte difor å freista finne pensjonatet, så vi kanskje kunne få bytt frå havresekk til bukse før selskapet. Men vi kom oss ikkje ut! Forlaget synte seg å vera ein labyrint av verste sort. Vi spurde fleire av dei fast tilsette om vegen til utgangen, men alle svara oss på kav austlandsk, og vi forstod ikkje eit ord. Overalt møtte vi veggar og stengde dører. Vi hamna borti ein naudutgang, og utløyste nesten brannalarmen. Ein av konsulentane måtte koma og leie oss steg for steg ned gjennom trappene. Ved utgangen mot den travle gata, spurde ho med ein fryktsam mine: "Er du sikker på at du greier deg no?"

Tertio: Etter sleppfesten kunne vi endeleg senke skuldrene, vi hadde greidd å gløyme episoden med Giske, og var nesten i halvgodt humør. Vi snakka med alt og alle, det vera seg ein kortfilmskapar frå Bodø, ein kvinneleg prest frå Vestlandet, ei dame frå Oslo med puddel. Vi vart med på ein bar, og folk byrja falle ifrå, men vi vart med dei siste attverande på endå ein bar. Denne låg, utruleg nok, på det infamøse Hotell Cæsar. Elegant og grasiøst, eller kva? Klokka var no ganske mykje, men ei psykedelisk diskokule rulla i taket, og ein platekusk sat og galopperte plater for absolutt ingen. Konsulentane var òg borte, altså måtte vi for fyrste gongen tinge drikke på eiga hand. Vi byrja bli skikkeleg stormannsgalne no, og tenkte at sidan vi var i hovudstaden, skulle vi forsyne oss velja ein real cocktail, ikkje berre den vanlege ølsuppa. "Hot Pepper," stod det på veggen, "kr. 279." Vi liker pepar, så vi bad bartenderen gje oss ein av den sorten. "Det kan eg gjera," svara han, "men den er ikkje god." Dette forfjamsa og fortørna oss: Ei ærleg sjel i Oslo? Vi kunne ikkje tru at det var sant, så vi forlanga å få den fordømde cocktailen likevel. Glaset kom med ei blanding Fireball og Pepsi, og det smakte heilt oppkasteleg. Vi drakk berre ein einaste sup, før vi donerte resten til ein fattig student, og gjenopptok den timelange jakta på pensjonatet vårt.