lørdag 29. juli 2017

Vi blir eldre

"Jeg blir eldre, mitt liv / begynner å ligne veggene i fraflyttede / rom der bildene er blitt fjernet, ett / for ett". Slik byrjar eit dikt av Stein Mehren, gjeve ut i 1990, som vi har tenkt på no og då oppgjennom åra, og kom i hug att no i kveld. For det gjeld jo oss òg. Ikkje minst blir det tydeleg når ungdomsheltane våre byrjar døy, som nettopp Mehren har gjort no, så seint som i går. Han vart 82 år gamal. "Tiden," skriv han i eit anna dikt, "dens dragsug igjennom oss / av glemsel, glemsel".


Stein Mehren. Eit andlet ein ikkje gløymer så fort. 

Vi kunne sagt mangt og mykje om denne forfattaren. Då vi i tenåra verkeleg byrja interessere oss for lyrikk, var han ein av dei vi fyrste vi oppdaga. I ettertid har vi vel innsett at ikkje alt han skreiv er like spennande, at han kanskje brukte vel mange ord til tider, og ikkje hadde tronge å publisere absolutt alle dei ufatteleg mange dikta han publiserte. Men vi kastar jo stein i glashus når vi seier dette, vi som sit og skriv og skriv på denne tåpelege bloggen. At Mehren var eit lyrisk talent av dei sjeldne er det iallfall ingen tvil om, og han har skrive mange dikt som vi veit at vi aldri vil gløyme. Målar var han òg, men der kjem kompetansen vår til kort, vi nøyer oss med å lesa og resitere. Vi går attende til 1963, då Mehren var like gamal som vi er no, og forfatta fylgjande:
Jeg brøt egentlig aldri opp fra din død
men gav den til vinden. Og nu er det vind
Hva tenker de fjerne fjell når det mørkner
og kvelder som alltid bekymrer hvert tre
Er det min uro som dirrer i gressets hjerte
– min skygge som dypner i stienes vener 
Det blåser i natt som det blåste den natten
Det er sterk vind. Det er som jeg prøver
å rive meg løs i natt; det er som du prøver
å rive meg til deg. Hvem er det som nøler
av oss. Hvem er det som ikke vil gå av oss
Din død er som levende hender omkring meg 

søndag 9. juli 2017

Bordet er grønare om sumaren

Noko av det hyggelegaste med sumaren er som kjent sumarbridgen. Denne er som anna bridge, berre sumarlegare, lausare i snippen, med den store fordelen at ein spelar med mange forskjellige makkerar i staden for berre éin makker. Det finst jo knapt ein einskilt makker som ein ikkje ganske fort blir møkklei av, så mange feil som vedkomande nærast uavlateleg gjer.

I ungdommen vår var det sumarbridge i Huset i Brattørveita fire kveldar i veka, to av dei med røyking, og vi tok bussen innover frå Melhus så ofte som vi berre greidde, mange gonger utan å ha nokon makkeravtale. Det førde oss opp i nokre av dei skjønnaste eventyra vi har opplevd, makkerskap med den eine merkelege tullingen merkelegare enn den andre. Trond Olsen, Jon Eirik Brennvall, Øyvind Sletvold, Annfrid Hansen, you name it. Stundom drog vi òg i den andre retninga, til Kvål eller Soknedal, og det var saktens forunderlege makkerar å oppdrive der òg: Til dømes var det fleire som vi hugsar klårt og tydeleg at vi vann sumarbridgar med allereie tidleg i tenåra, men som no for lengst har lide trumfedauden, så som Jan Meland, Kåre Kvam, Leiv Øyås, Jan Skorstad, fred vera med det heilagre minnet deira.

I seinare tid har det vorte mindre sumarbridge med oss. I Lakselv var vi for så vidt trufaste på Porsanger vertshus éin gong i veka også om sumaren, men vi veit ikkje om eitt og eitt kvarts bords singeltevling utan svans eigentleg tel: Det vart iallfall aldri noko samanlagt resultatliste av det, og for det meste sat vi på plattinga utom lokalet og passivrøyka ceruttane og cigarilloane til islendingen Konráðsson, og granska trafikken langsmed E6-en. Men hyggeleg var det det òg, Gud hjelpe oss.

Denne sumaren har vi derimot snudd litt på kjerringa, og delteke på fire seriøse sumarbridgar i Huset i Trondheim att. Makkerskapa våre har vore nøyaktig like vilkårlege, uforståelege og bisarre som tidlegare; sjå den illustrative fotomontasjen under for ei folkeleg og lettfatteleg framstilling av tematikken.


Illustrativ og ikkje minst instruktiv kollasj vi berre brukte sju timar på å setja saman, gjennom det hyperteknologiske digitale hjelpemidlet "Paint", som vi no har fått installert på EDB-maskinen. Kollasjen er basert på bilete frå våre eigne arkiv: Frå venstre Aksel Hornslien, John Våge, Åsmund Forfot og Hilde Aas Nøst.

På sumarbridgen er det altså slik at ein må spela fire kveldar med fire forskjellige makkerar for å bli ein signifikant del av samanlagtlista, noko vi no då har gjort. Kort om desse makkerane: Aksel Hornslien, hjernekrympar og travekspert. Ein bamseperson, kjent for sin subtile humor og sine mange snedige triks. Samstundes ein feinschmeckar, nøye med at konjakken må drikkast før han slår seg. John Våge, jarnbanepukkarbeidar. Den einaste i kvartetten som har vunne eit JM, internasjonal jarnbanemeisterskap, i bridge. I og for seg sympatisk, men ramma av tvangstankar og ein hang til overanalyse av obskure, diffuse, i verste fall totalt uvesentlege episodar og situasjonar. Åsmund Forfot, hjernekrympar og godseigar. Ein typisk rosa gris, veldig jovial og lett å omgåast, men frynsete i stilen, tilbøyeleg til skøyrlevnad. Planlegg no å trekkje seg attende til heimbygda Rissa for å nyte sitt opium. Hilde Aas Nøst, doktorgradsstipendiat innan geologiteknologiingeniørfaget og tobarnsmor. Den mest kultiverte i kvartetten, kan både måle og snakke fransk, men er ramma av ein påfallande mangel på maniar og andre psykiske sjukdommar, med ei for ueksentrisk framferd som resultat.

Så gjeld det sjølvsagt å få så høge scorar som mogleg, og det vil glede dykk å høyre at alle dei fire scorane våre har vore over 60 prosent. Diverre har fleire verkeleg store scorar vorte pulveriserte av tull og vas, og samanlagtscoren vi no har, 249,70, er så visst ikkje noko å vinne på. Men for augneblinken trur vi at leier, marginalt framfor den livsfarlege og ikkje minst flamboyante Kjell Helmersen på 249,10. Dette kan bli ein thriller! Fylg med vidare! Men vi reknar med at vi blir nummer fire til slutt, så ikkje kast bort heiaropa dykkar på oss.

mandag 3. juli 2017

En silvergrå missil

I førre innlegg påstod vi at det berre vart ein einaste ferietur i år. Det er ikkje heilt sant. Vi var på ein liten tur til denne veka, men eit prosaisk ærend låg attom han: Vi skulle kjøpe bil. Den førre bilen vår gjekk nemleg nedanom og heim i mars, og forresten var han uansett ein tosetar. No treng vi ei kjerre som kan romme tri; dottera vår i førarsetet og mora hennar jamsides, vi i baksætet med ein bayer, på biltur til Nervei og Gulgofjorden. Så vi fann ei høveleg stasjonsvogn på internett; einaste problemet var at ho stod i Ålesund. Men merkeleg nok kjenner vi nokre tullingar som bur der i kverven, den nyleg nemnde Erlend Gaustad og sambuaren hans, Line Vatnegårdødemork. Så då Gaustad skulle køyre heim til Vatne på Sunnmøre no på tysdag, sat vi like godt på med han. Vilde var òg med. Han køyrde oss gjennom fjordane heilt til Spjelkavik, eller kva det no heitte, der bilen stod og venta, nokså ny og flunkande til å vera brukt.

Etterpå kolonnekøyrde vi med Gaustad til Vatne. Vi miste han berre éin gong. Det var stort å få oppleva denne vesle staden som den gamle studievenninna vår, Line Vatnemorkødegård, er svært stolt av å koma frå. Ho har altså fått med seg barndomsvenen vår Gaustad hit, mot alle odds. Førebels bur dei i ei sokkelleilegheit, men snart blir det barn og hus og heile suppedasen. Gratulerer. Line serverte ein utsøkt moussaka, og vi som ikkje er drektige kunne drikke øl og vin. Vi gjennomførde to rundar av den festlege tankesporten gruble, og diskuterte elles laust og fast. Dagen etterpå fekk vi sjå tomta der familien Vatneødemorkgård Gaustads hus skal stå. Dei får eit vakkert utsyn over vatnet med det festlege namnet, Vatnevatnet. Vi gler oss til å koma attende.


Line Vatnegårdmorkøde framfor tomta der hennar og Erlend Gaustads hus skal stå.

Men klokka går, så vi måtte seia farvel og byrja på heimreisa mot Trondheim. Denne gongen gjekk vi for innlandsvegen, for å få ein slags runde. Fleire påstod at det ikkje er noko å sjå langs denne vegen, men der er vi svært usamde: Romsdalen med Trollveggen og alskens andre fagre fjell, er jo eigentleg eit syn for auga. Vi skrudde på cruisekontrollen, lente oss attende og lydde til Nick Caves Murder Ballads.

Alt gjekk som smurd heilt til vi nådde Risvollan. Der skulle vi inn i den tronge og mørke parkeringskjellaren, og parkering er ikkje akkurat den sterke sida vår som sjåførar. Så vi greidde å svinge inn i murveggen, så høgre bildør fekk ei skramme. Ikkje ei stor ei, men likevel: Ein flott start! Sant å seia tok vi det med knusande ro, for vi har alltid meint at det er det indre som tel, og kosmetiske manglar bryr vi oss lite om. Men så fekk den eldre bror vår, som er svært motorinteressert, nyss om saka. Han meinte det var farleg å la skaden bli verande som han er, at han burde fiksast for å unngå rust, og at dette ville koste oss minst 10.000. "Ti tusen!" skreik vi, og hoppa frå verandaen. Då vedgjekk han at det fanst ei anna løysing, nemleg ein boks rustbeskyttelsesprimer til 79 kroner på Biltema. "Men det blir ikkje veldig estetisk," sa han. Uansett: No er vi verna mot rust att, og på litt fråstand kan ein slett ikkje skimte den vesle skramma. Bilen har i det minste litt personleg preg, han kjennest meir som vår eigen. Nemnde vi forresten kva merke det er? Nei, men no har vi gløymt det. Det som er sikkert er at han er grå, ein bil. Så det er jo flott.