tirsdag 29. juni 2021

Gift!

"Jag ska sjunga en visa ... vari man så att säga belyser människans monogama natur ... Eh, ursäkta, polygama natur! Ett litet misstag där, bara ..." Slik byrjar Cornelis Vreeswijk ei framføring av den briljante "Incestvisa", basert på ei sann historie frå ein svensk småby. Jamfør dette, er det ei stor glede å kunne presisere at vi no har gift oss! Med sambuaren vår, Vilde, som vi heretter må omtala som "vår kone". Flott dame, noko vi då òg påpeikte i den uendelege lange bryllaupstalen vår.
 

På rådhustrappa. Underteikna, vår kone Vilde og vår dotter Lindis, som no for fyrste gong har vorte eit ekte barn. I bakgrunnen forlovar (og livvakt?) Erlend Hukkelås Gaustad. Foto ved kunstvitar og forfattar Gustav Svihus Borgersen.

Vi hadde eigentleg invitert pleti til eit nokså stort bryllaup, og slik koronareglane vart for ei dryg veke sidan, kunne vi nok òg ha gjennomført dette som planlagt. Men undervegs såg det så stygt ut, og alt var så usikkert, at vi diverre såg oss nøydde til å nedskalere arrangementet. Vel, diverre og diverre, fru Blom, det kan diskuterast kor diverre det eigentleg var. For vi fekk ein jækla fin dag trass alt, kanskje finare enn vi ville ha fått om bryllaupet hadde vore megalomant; då blir det med ein gong mykje styr. Fyrst sa vi ja til ein fyr frå Trondheim kommune – altså ikkje til å gifte oss med han, sjølv om han for så vidt var grei. På vår bestilling las han eit dikt av Øyvind Berg. Moglegvis ein milepåle i norsk litteraturhistorie dette – vi tviler på at Øyvind Berg har vorte mykje lesen i norske bryllaup. Så gjekk vi ut på trappa, og såg til vår store glede mange kjende andlet. Dei gratulerte med meir. Syster vår hadde teke oss på alvor, då vi tidlegare sa at vi ikkje ynskte lausris kasta på oss, av omsyn til duene som visstnok et denne risen, før han svellar i magen deira og drep dei. I staden kasta ho, og ikkje minst vår kjære nevø, posar med såkalla boil-in-bag-ris på oss. Vi miste pusten fleire gonger, som seg høyr og bøyr på ein bryllaupsdag. Deretter lét vi oss fotografere frå alle vinklar, før vi brukte resten av ettermiddagen og kvelden på å eta og drikke i lag med toastmaster og forlovarar med fylgje. Maten var svært god og drikken ikkje dårlegare, fyrst på den kunstnariske kafeen Ni mus, deretter på den passe fornemme restauranten To rom og kjøkken. Gjennomgåande for heile dagen var vakre taler med endå meir lyrikk, mellom anna av Haldis Moren Vesaas, Tor Jonsson, Dan Andersen, Herman Wildenvey og Francesco Petrarca, berre for å nemne nokre. Så var det sjølvsagt kviss, både om oss og vår kone (der greidde vi nesten ingenting) og geografi i Melhus og verda.
 

Middag i restaurant To rom og kjøkkens anneks i Gjelvangveita, med heilt eigen kokk og servitør. Servitøren hugsa vi faktisk frå restaurant Bryggekanten i Kristiansund, der vi ein gong var på romantisk ferie med vår dåverande sambuar, no kone.

Ein spesiell takk til forlovaren vår, Erlend Hukkelås Gaustad, som i talen sin trekte liner heilt attende til Strandvegen barnehage på Melhus, der venskapen vår byrja. Han doserte svært poetisk også om togskuret på Melhus, der vi brukte å sitja og nippe til ein øl. Same mann arrangerte forresten eit fortryllande utdrikningslag for oss i mai, ei sublim tilstelling full av finesse. Han hadde snakka med vår næraste leiar på Melhus vaksenopplæring, som sjeldan er tung å be om noko som helst, og fått løyve til å plukke oss ut av ein arbeidsfredag. Med band for augo vart vi køyrde heilt til Rotvoll. Der sat vi ei stund på ein benk ved sjøen i lag med dei andre deltakarane, nærare bestemt Osland, Kristiansen og Feiten, før vi byrja den klassiske vandringa langs Ladestien inn mot byen. Dette var noko vi brukte å gjera med stor glede i vår ungdom, gå der i naturskjønne omgjevnader med ein liten pjolter, og på den måten oppnå den eigentleg umoglege og utenkjelege kombinasjonen av trim og hygge. Problemet den gongen var at vi sjeldan overlevde; ofte var vêret elendig og vi skleid på svaberg ned i fjorden, snubla i steinar og rulla ned bakkar med vidare. Men no, berre ein dryg månad før vi altså skulle gifte oss, var det heile svært elegant og soignert, med blåskjel på Ladekaia og dyr akevitt, og jaggu var vêret pent i tillegg.


Frå det svært avanserte og detaljert planlagde utdrikningslaget på Ladestien. I bakgrunnen Feiten, i framgrunnen Osland. Merk partyhatten.

Ein svært minneverdig siste dag i fridom, altså, men det er òg flott å vera gift, i sær med eit slikt drivande kvinnfolk som Vilde. No har det allereie gått fire dagar, og det gjev oss tru på at ekteskapet kan vare. Riktig nok har desse dagane vore feriedagar, så vi får sjå korleis det går når kvardagen set inn. Men som det heiter i ein legendarisk vits vår kone no må førebu seg på å høyre ytterlegare mange tusen gonger: Men læll da.