onsdag 31. mars 2021

Still veke

Interessant samtale her om dagen. Sambuaren vår  ho meiner vi bør kalle ho Vilde, men vi trur at dei fleste vil ha vanskeleg for å tru at vi kan ha ein sambuar, og dimed gå ut ifrå at Vilde må vera støttekontakten eller i beste fall psykologen vår  seier: "No er det lenge sidan du har skrive noko på bloggen." Vi: "Bloggen? Kva blogg?" Ho: "Du har jo ein blogg!" Vi: "Hæ?" Ho: "Diverse opplysningar, hugsar du ikkje den?" Vi: "Ja, fader, det var den, ja ... Bad vi ikkje deg om å overta ansvaret for det gamle skaberakket?" Ho: "Det er din blogg, Skjetne, du får skjøtte han sjølv!" Vi: "Men kva skal vi skrive om då?" Ho: "Spør no ikkje meg, det er du som er forfattaren! Og kan du venlegast slutte å omtala deg sjølv som vi? Det er ufatteleg irriterande!" Vi: "Apropos, har du fiksa sykkelen vår?" Ho: "Du meiner sykkelen min?" Vi: "Ja, riktig, el-sykkelen." Ho: "Eg har vaska og smurt kjeda og sjekka bremsene og bytt batteri i lyktene og fylt luft i dekka, om det er det du meiner." Vi: "Fint, då tek vi oss ein sykkeltur og ser etter godt stoff til bloggen." Ho: "Du meiner då vi som fleirtal, altså ein felles, romantisk sykkeltur i vårkvelden?" Vi: "Nei, i dette tilfellet meinte vi eg." 


Bratt og vårleg i Sunnlandsskrenten. 

Det viste seg å vera ein glitrande kveld for ein sykkeltur i einsam kontemplasjon. Opphaldsvêr, mildt og svært fredeleg, knapt ei levande sjel å sjå. Det er inga overdriving å seia at turen avfødde minst sju dikt, fire noveller og ein roman i hovudet vårt, men fordi dette er ein blogg og bloggosfæren er dominert av det korte formatet, skal vi nøye oss med å nemne den mest spennande av dei mange spennande oppdagingane vi gjorde. Då vi hadde passert Nardokrysset, fekk vi nemleg den frekke ideen at vi skulle sykle opp på høgda bak Nardo pizza og grill. Der har vi ikkje vore på hundre år, vi hugsa slett ikkje korleis det såg ut der. Kva skjedde så? Jo, vi fann ein ny bakke! Sunnlandsskrenten, ei fantastisk bratt lita skråning, tok oss rett ned til busseldoradoet på Sorgenfri. Som om ikkje dette var utruleg nok, observerte vi store mengder fimfomfei der nede i hogget, ein liten gul blom som nokon kallar "hestehov". 


Vakre Grensen nær Gløshaugen. Her var vi på mange morosame festar i ungdommen, hjå ein ven som har bede om å få vera anonym. Nokre av festane var òg heilt forferdelege. 

Vidare sykla vi bakvegen ned mot Bakklandet. Vi gret mang ei tåre på denne strekninga, for det var her vi brukte å sykle kvar måndagskveld på veg til kvissen på Antikvariatet, som no ikkje har vorte arrangert på lange tider. Vi stogga fleire stader og såg etter gamle vener, men det verkar som om koronaen har teke dei fleste. Vi heldt fram heilt til Svartlamoen, der vi òg hadde ein pikant omgangkrins ein gong i tida. Rett skal vera rett; dette var den einaste staden der vi ana noko som overhovudet likna liv og røre, to langhåra tullingar som sat i ein kondemnabel buss og røykte. Dei inviterte oss ikkje inn. 


Lykkens portal palmetysdag 2021. Deilig å sleppe å bli nedrent av tyskarar og kinamenn, for ein gongs skuld. 

Som de no har forstått, fann vi tallause utsøkte fotomotiv på turen, og tok så mange flotte bilete at bloggen ville ha knela om vi la dei alle ut. Difor berre eit representativt utval. Med dette ynskjer vi dykk ei påske, og vonar de vil halde fram med å støtte oss i denne vanskelege tida. Som så mange slit vi økonomisk på grunn av koronaen, så vipps gjerne ein liten sum om de ynskjer sporadisk publisering av uinteressant visvas òg i framtida.