mandag 21. desember 2020

Nok eit overgrep mot nærsynte

Som vi uttrykkjeleg har demonstrert gjennom fleire førebiletlege blogginnlegg om korona, er ikkje underteikna per definisjon nokon motstandar av helse. Men det finst grenser. No har Trondheim kommune ein gong for alle tråkka over den grensa, ved å påby bruk av munnbind i utide. 

Mange har stygge tenner og liknande og blir difor mykje penare med munnbind. Vi anerkjenner òg det djupt fordelaktige ved at det no blir endå vanskelegare å kjenne att folk. Mange som ein tidlegare måtte stogge og tørrprate med, kan ein no gå rett forbi og sidan truverdig påstå at ein ikkje kjende att. Om dei likevel får kloa i ein og byrjar prate vrøvl, vil dei snart gå lei når dei ikkje høyrer kva ein seier, fordi ein med overlegg mumlar i munnbindet og skuldar på at lyden av røysta ikkje ber igjennom det. Når vi, trass alle desse openberre fordelane, er motstandarar av bruk av munnbind, kva kjem det av?

Vi prøvde faktisk. Vi fekk vita førre tysdag ettermiddag at vi heretter måtte ha munnbind ved henting og levering av dottera vår i barnehagen, og riktig nok gløymde vi det onsdag morgon, men vi hadde det på oss onsdag ettermiddag. Men vi rakk ikkje å ta meir enn eitt steg med munnbindet før vi gjekk oss på ein stein og snubla. Årsak: Når ein brilleslange bruker munnbind utandørs, blir det dogg på brillene. Vi nærsynte blir hindra frå å sjå noko som helst. Nasen som vi vanlegvis bruker aktivt til å lukte oss fram med, og munnen som vi flittig smakar oss fram med, er òg sette ut av spel på grunn av munnbindet. Ivrige på å respektere smittevernet tok vi likevel munnbindet på att, og datt med ein gong på nytt og rulla nedover ein lang bakke. Ungane var ute og skoggerlo av synet. Vi trudde vi høyrde dottera vår, så vi tok den ungen som lo som ho. Blinde som vi var, skal vi vedgå at vi stakk denne ungen i auga med fingeren og heldt ho opp ned då vi gav ho ein klem, og det vart ikkje betre av at det synte seg å vera feil unge. "Korona, korona!" skreik barnehagepersonalet. Då vi omsider hadde funne riktig unge, gjekk vi oss rett inn i gjerdet og miste Lindis over det, ho landa med andletet fyrst på den andre sida. Enn vidare tok vi feil bil, sette oss pladask oppå ei dame i framsetet i denne. Då vi fann rett bil, feste vi Lindis bak fram i barnesetet, og vi rygga over ei gamal kjerring då vi skulle ut på vegen. Det skal seiast at ho neppe hadde lenge att å leva uansett på grunn av pandemien, men likevel: Fyrst då vi hadde køyrt eit par hundre meter på fortauet, forsvann dogga frå brillene våre. 

Verda sett gjennom eit munnbind. Illustrasjonsfoto frå ferieturen vår til Kjøllefjord i sumar.

Elsparkesyklane som kjem frå alle baugar og kantar og meiar oss nærsynte loddrett ned, var berre byrjinga. No har Trondheim kommune nok ein gong prova at dei ikkje vier ein tanke til denne utsette minoriteten, oss. Etter publiseringa av denne kommentaren har vi fått mengder av meldingar frå nærsynte som har opplevd akkurat det same, og andre som har vorte skadelidande på grunn av tilfeldige møte med delvis blinde som no har vorte fullstendig blinde grunna munnbind. Konklusjonen er tung, men enkel: Munnbind drep. Vi treng eit unntak frå munnbindpåbodet og det no!

NB: Dette er ein kronikk og kan eller kan ikkje lesast som eit uttrykk for skribenten si personlege meining. Lik og del!