lørdag 1. januar 2022

Diverse opplysningars nyttårstale

... utgår diverre i år på grunn av korona. Det vil seia, vi hadde aldri tenkt å halde nokon nyttårstale, men det er kjærkome å kunne gje inntrykk av å ha tenkt å gjera det, og vi har jo merkt oss i samfunnet elles at korona kan brukast til å orsake nærast kva som helst. 


Ein av dei fyrste dagane i 2021 bygde vi denne snømannen på verandaen, som eit vonfullt symbol på vona om eit år fylt av glede og von. Han levde ikkje lenge. 

Faktisk kom vår største siger i 2021 heilt på tampen, då vi, for å unngå å påføre elevane våre tap av dyrebare timar i det essensielle faget diktanalyse, ynskte å endre datoen for vår dotters rutinekontroll hjå augespesialist ved St. Olavs hospital, og hospitalet per telefon fortalde oss at dei på grunn av korona ikkje lenger kan flytte på timar. Dei kan altså ikkje gå inn i kalenderen og sjå om det tilfeldigvis finst ein annan ledig time, noko som truleg ville ha teke telefondama kortare tid enn å forklåre oss kvifor ho ikkje kunne gjera det. Denne meiningslause praksisen sende vi sjølvsagt ein lang skriftleg klage på, og fekk då likevel endra datoen frå 19. januar til 17. mars. Vi, ein innbiten helsemotstandar, slo altså knock-out på sjølvaste St. Olavs hospital! Som ein klok vinnar ein gong sa: Éin siger til som denne, og eg er fortapt!


 Også 2021 vart eit herleg år for dei som liker å moralisere over andres framferd og tvinge på dei munnbind i utide. Vi har i det minst prøvd å tenkje på miljøet ved å bruke det same munnbindet gjennom heile året, medan andre, i munnbindet, har funne endå ei forbruksvare som kan kastast i naturen etter kort tids bruk. Her ser vi tre munnbind hengjande i ein einaste liten busk nær heimen vår på Risvollan; de kan sjå føre dykk korleis dei store bjørkene ser ut. 

Du les no Diverse opplysningars tradisjonelle nyttårstale, arrangert kvart år sidan nettsida starta opp i 2016, riktig nok med opphald i 2017, 2018 og 2019, samt i 2020 på grunn av korona. Vi ynskjer å dele ein vakker biletkavalkade med dykk, med nokre høgdepunkt frå året som har gått, men då treng vi diverse tekstpassasjar innimellom for å unngå krøll med kodinga av nettsida, så difor held vi fram med å tala sjølv om vi strengt teke ikkje har meir å seia.


Som vanleg har vi i 2021 vore opptekne av å koma oss ut i naturen. Her ser vi mor vår og dotter vår under ei idyllisk haustutflukt til lauvskogen nær det gamle sanatoriet, sinnssjukehuset, eldresenteret, asylmottaket og leilegheitskomplekset på Ringvål. 

V. K. Krishna Menon tala som kjend i nær åtte timar i FN til forsvar for Indias rolle i Kashmir, og i Stein Bjerksets 50-årsdag på Bjørgan i Soknedal måtte alle gjestene halde fleire talar, i tur og orden kring langbordet, sjølv dei som ikkje hadde førebudd eit kløyva ord. Mange hadde vorte såpass fulle innan det for andre eller tredje gong var deira tur til å tala, at dei heldt den same talen ein gong til. Ein av dei gløymde endåtil kven som hadde bursdag, og heldt tale til einkvan heilt annan. Denne anekdoten har vi sannsynlegvis brukt i minst ti talar tidlegare. Men folk er jo glade i tåpelege tradisjonar, difor denne tåpelege anekdoten i denne tåpelege nyttårstalen. 


Nokre turar utombys har det òg vorte; mellom anna har vi fått utforska vår nasjons hovudstad litt nærare. Biletet er noko slørete på grunn av smog på linsa, men her ser vi altså ein vaskekte månefisk symjande rundt i nærleiken av Akerselva i Oslo no i november. Eit verdig punktum i soga om 2021. 

Då gjenstår det berre for oss å avslutte talen, og det er dette vi no gjer gjennom å avslutte talen, ved å erklære at vi no avsluttar talen.