fredag 20. juli 2018

Gudar i buskane

Det er veldig artig å kjenne ein del musikalske menneske. "All kunst strever etter å bli musikk," skriv Lars Norén, "også musikken." Ikkje at vi skal skryte på oss å vera kunstnarar. Men vi liker jo å skrive, som de smerteleg har registrert, og den beste sjansen vår for å nå eit publikum av ein viss storleik, er nok å få det vi skriv omsett i musikk. Då treng vi hjelp av vener, for sjølve kan vi lite eller ingenting om musikk. Vi liker å høyre forskjellige artistar og instrument, naturlegvis, vi vil påstå at vi har ein allsidig musikalsk smak. Men vi veit ikkje skilnad på ein einstroken giss og ein punktert ass, for å seia det såleis. 

Vår gode ven operasongaren Sverre Johan Aal, som vi opprinneleg kjenner gjennom bridgen, har opp gjennom åra engasjert oss i nokre småe og litt større skriveoppdrag, der målet har vore å gjera det skrivne til musikk. Etter vår meining er han ein framifrå tekstforfattar sjølv òg, korleis skulle han elles kunne prestere fylgjande line i ei omsetjing av Mozarts kjende katalogarie til trøndersk: "Det e alle slags damer, / både negra og samer." Men han meiner openbert at vi har det vesle ekstra. Difor fekk vi førespurnad om å skrive libretto til ein opera han kunne setja opp i heimbygda si, Øvre Kvam i Steinkjer kommune.

Vi var ikkje tunge å be, sjølv om vi fyrst ikkje hadde aning om kva vi skulle skrive om. Men vi måtte tenkje i retning humor, ikkje for avansert, noko som kunne gjerast visuelt og fengjande for alle slags damer, både negra og samer, og for alskens menn òg for den del. Tilfeldigvis hadde vi på den tida nettopp fått Knut Ødegårds nyomsetjingar av diverse Edda i julegåve, og det slo oss at den gode, gamle Trymskvida kunne vera noko. Dimed var det gjort. Aals songarkollega Simon-André Jacobsen fekk i oppgåve å komponere musikken, og vi byrja lire av oss tekstar han kunne vri sin musikalske hjerne ikring. Ein god del fram og attende måtte det nesten bli, for vi er ikkje akkurat meritterte librettistar, og det ordtunge babbelet vårt kunne nok stundom vera vanskeleg for komponisten å ta seg fram i. Men det vart eit sluttprodukt til slutt, eit vi ikkje følte at vi trong å skjemmast av, jamvel om teksten inneheldt ein del formuleringar så skammelege at vi aldri sjølve ville teke dei i munnen vår.


Frå bryllaupsfesten. Siv, ståande, held tale til si venninne Frøya, eigentleg Tor. Til venstre Loke, bortom Tor den forventningsfulle brudgommen Trym. På flankane sit bryllaupsgjestar, svigermor, prest, klokkar og meir. Foto ved regissøren.

Alle kjenner vel soga i Trymskvida, som i operaen ikkje avveik nemneverdig frå originalteksten: Jotnen Trym (Sverre Johan Aal) stel hamaren til Tor (Lars Eggen). Trym krev den fagre Frøya til vederlag om han skal gje Mjølner attende. Men Frøya figurerer ikkje eingong på scena, så uaktuelt er det for henne å gifte seg med ein jotun. Gode råd er dyre, men heldigvis kjem den utspekulerte Loke (Simon-André Jacobsen) på at det går an å kle ut Tor som Frøya. Tors koleriske kone Siv (Nina Sætherhaug) har òg ein stor finger med i spelet. I andre akt kjem den løyndomsfulle guddommelege trioen til Jotunheimen, der det skal haldast bryllaupsfest. Her er det duka for full kulturell forvirring, kva gjeld manerar, språk, religion og ikkje minst kjønn.

Meir treng neppe seiast om handlinga. Vi blanda oss heller ikkje nemneverdig borti regien. Den profesjonelle Marit Grytnes Dullaert frå Kristiansund gjorde den jobben, og godt var det, for resultatet vart etter vår meining glimrande. Musikk og song sat naturlegvis som støypt, med Lars Eggens hustru Eva Holm Foosnæs bak klaveret. Både dei profesjonelle aktørane og dei mange amatørane frå Kvams kormiljø gjorde dertil sterke skodespelartradisjonar, og spesielt det fysiske artisteriet mesmeriserte oss. Den tidlegare ballettdansarinna Dullaert må ha hatt nokre svært effektive triks i ermet. Publikum såg stort sett ut til å vera nøgde, og billettsalet gjekk i grunnen bra til alle dei tri førestillingane. Sjølve køyrde vi oppover til fredagsshowet, og fekk etterpå vera med på feiringa bak sceneteppe i Skauna ungdomshus. Der var det nokon som trakk opp Trønderavisas blodferske melding av operaen, og den verka heldigvis positiv. "Imponerende buskopera," var ei utheva formulering. Riktig nok er vi usikre på kva som ligg i dette merkverdige uttrykket "buskopera", men personleg har vi alltid vore opptekne av flora, og forskjellige typar buskas tenkjer vi på som utelukkande eit pluss. Vi vil avslutte med eit lite utdrag frå librettoen, den forkledde Tors tale til brudgommgen. Dette er stor lyrikk, så hald dykk fast.
Ekteskapet det forvandlar
alt som er kult og bra
til eit forferdeleg rot.
Ekteskapet det handlar
om å gje og om å ta,
og endå overleve.
Den eine strekkjer ut ein fot.
Den andre tek imot,
og svarar med ein neve. 
Vi to kan aldri einast.
Såleis må det vera.
Vi har ikkje same kropp.
Min er vakrast, reinast.
Finst ingenting å gjera
med allnaturens lover.
Mannen er ein diger flopp,
og kvinna er på topp
når samlivet er over. 

onsdag 11. juli 2018

Og presten sa: "Tralalala"

Apropos tur, i samband med sumaren tenkte vi det kunne høve å ta ein tur i lag med sambuaren vår òg. Barnet har heldigvis ein del besteforeldre som villige til å ta seg av henne, og på lengre sikt er det jo gunstig for dei at vi bergar parforholdet. Men vi visste at vi ikkje kunne bli borte så lenge, og vi byrja tenkje: Kvar, innanfor rimeleg fråstand, har vi aldri vore før? Det var slik vi kom opp med Kristiansund, ein by som ligg berre ei kort båtreise frå Trondheim, men der vi likevel aldri har sett beina våre! Vi nemnde forresten planane for mor vår, og ho fekk ein velfortent psykisk knekk, då ho skjøna kor grovt ho hadde svikta som mor ved aldri å ta oss med til Kristiansund.

Ikkje berre dét, ho har heller ikkje lærd oss det minste kvidder om dette Nordmøres Paris. Vi har utelukkande kjent byen gjennom Knutsen og Ludvigsens gamle monsterhit "Kristiansunds nasjonalsang", som vi har på ein kassett. Då vi no gjekk til denne kassetten for å førebu oss til turen, måtte vi konstatere at teksten eigentleg seier fint lite om sjølve byen Kristiansund, for ikkje å nemne kulturen og historia hans. Vi tolkar det slik at skraphandlar Lund kjem frå Kristiansund, sidan det er dit Lina Larsen må dra når ho blir gravid med han. Men då har ho vel strengt teke ein grunn? Vi synst òg at bodskapen til Linas far er ein smule tvitydig. Han bed henne gløyme dei tunge sorgene sine, men konstaterer straks etterpå at "så mang en stund / med unge Lund / har blitt din skjebne". Kvifor heiter det eigentleg då i neste vers at "det er sant / at sorgen vant"? Kva er sorga? Barnet som smiler søtt? Og denne Lina Larsen, kven ho no eigentleg er for nokon, snur ho verkeleg ryggen til heimen sin før ho blir med barn? Eller er dette ei omskriving av den eigentlege kronologien, gjort av reint litterære omsyn?

Kort sagt sat vi att med fleire spørsmål enn svar etter å ha freista analysere denne teksten, og då vi gjekk på hurtigbåten i Trondheim, ana vi lite eller ingenting om kva vi segla til. Men det er for så vidt ikkje eit dumt å ha eit ope sinn. Reisa var i seg sjølv svært vederkvegande, for vi har aldri tidlegare vore med denne båten lengre enn til Hitra, og det òg må vera minst hundre år sidan. Men no fekk vi oppleva både Kjørsvikbugen ved Tjeldbergodden, historiske Edøya sørom Smøla, og med kikerten vår såg vi faktisk heilt ut til det gamle fiskeværet Grip. For Vilde var ikkje dette så spesielt, ho har vore på Grip og sunge, men heller ikkje ho hugsa stort av Kristiansund.


Like vindfullt som stemningsfullt i kystparadiset Kristiansund. Nordlandet sett frå Kirklandet. 

Vi har alltid vore kritiske til flate byar, dei blir fort uoversynlege og avflata også kulturelt, så slik sett er Kristiansund uhyre perfekt, då store delar av byen er skråning. Det var mildt sagt fredeleg der ein torsdag aftan, men det er jo eigentleg like greitt. Dei mange tomme bygningane gav oss hyggelege assosiasjonar til tragiskvakre byar som Honningsvåg og Vardø. Men til vederlag er husa i Kristiansund svært fargerike, i ein slik grad at byen blir kalla "den polykrome". Dette er ein av mange interessante faktoidar som kan og bør nemnast om Kristiansund, men tok Knutsen og Ludvigsen seg bryet med å syngje så mykje som eit pip om noko slikt? Artig er det jo òg med ein by på tri forskjellige øyer, fire såkalla land, der ein nesten gratis kan ta ein skyssbåt imellom øyene. No i dag er folk så opptekne av bruer, men slike kan ofte skjemme landskapet, noko dei for så vidt òg gjer i Kristiansund. Demonstrativt heldt vi oss til den gamle såkalla sundbåten.

Elles er det jo spesielt klippfisken som står i fokus i Kristiansund. Av alle fiskar som sym i havet, trur vi at dette må vera favoritten vår, kanskje i lag med peparrøykt makrell. Det var difor berre naturleg at vi gjekk på ein betre restaurant og pakka i oss klippfisk, og ikkje minst vitja det spennande klippfiskmuseet. Så skulle vi sjølvsagt ha teke eit bilete av Vilde flankert av Klippfiskkjerringa, som står i statueform midt i sentrum av byen, men av ein eller annan grunn fall dette i klippfisk. Eit plaster på såret var det då vi smaka på den andre lokale spesialiteten, "fishan" eller fish and chips. Restauranten som serverte dette var vel snarare verre enn betre, men retten smaka uansett fortryllande, tralalala, spesielt med mengder av eddik og salt. 


Nyperosa blømer framfor Kristiansund mekaniske verksted på Gomalandet, der båten Jern-Erna ligg inne til reparasjon. Generelt har byen slite med verknadene av oljekrisa, og ikkje minst forskjellig anna elende. 

Kort sagt er det ingen tvil om at vi ynskjer oss attende til Kristiansund. Vi har òg ein intensjon om å ikkje svikte så kapitalt i foreldrerolla som det mor vår gjorde i denne saka. Vi gjev difor eit høgtideleg løfte her og no, til vår eiga dotter, om at ho skal få oppleva Kristiansund før vi døyr. Ho må berre bli litt større fyrst. Innan neste sumar veit ho vonleg å verdsetja smaken av klippfisk.

onsdag 4. juli 2018

Ođđa geassi

Det kanskje aller mest rørande nokon nokon gong har sagt til oss, kom frå vårtorskefiskaren Trond Bårdsen frå Hammerfest, busett i Tromsø: "Hugs at det er i nord du høyrer til," sa han, ein gong då vi diverre måtte avslå tilbodet om å spela ei bridgetevling med han i Skittenelv eller Paddeby. Store ord, og dei kan nok diskuterast, men dei gav oss ei god kjensle. I ungdomsåra i heimbygda vår Melhus følte vi oss ofte mistilpasse fordi vi ikkje visste forskjell på eit spett og ei sleggje. I Royal Tunbridge Wells, der vi residerte eit år, vart vi ofte uglesette fordi sløyfa vår var av bomull og ikkje sateng. I Trondheim ... Ja, kva skal ein seia om Trondheim? Det er ein fin by, men mange her trur dei er så hippe, kule og frilynte, noko vi aldri kan bli. Så at nokon langt der oppe på tundraen har teke oss under vengene sine, vel, det vermer.

Vi tenkte difor at vi skulda det høge nord eit attersyn, sidan vi ikkje har vore der på nær to år. Det er så mange stader i denne vidstrekte landsdelen vi gjerne skulle vitja, men som småbarnsfar har ein ikkje så mykje ledig tid, så vi fann det naturleg å prioritere Lakselv, der vi trass alt har budd i halvtanna år. Mange vil finne det merkeleg å dra på ferie til ein fjerntliggjande liten tettstad som har vorte kåra til Noregs styggaste, når flybillettane kostar meir enn ei reise til Paris eller Roma. Men dei som seier dette, har nok ikkje vore i Lakselv, eller iallfall ikkje opplevd så mykje rart der som vi har gjort.

Vi var nøye med å tinge oss vindaugsplass på flyet til Tromsø, og på Langnes olboga vi oss fram gjennom boardingen vidare til Lakselv, for å vera sikre på å få vindaugsplass òg på det vesle Widerøe-flyet. Vi veit nemleg kor utruleg flott flyreisa oppover langs kysten kan vera, om ein sit ved vindauga og er heldig med vêret. Passar ein på å setja seg på den rette sida, noko vi sjølvsagt gjer, kan ein fort få skode både Røst og Værøy, Lofoten, Andøya, Senja, you name it, og vidare inn mot Finnmark både Nord-Fugløy og fjordane i Loppa, Sørøya, Stjernøya, Seiland og meir. Det finst knapt ei større glede enn å sjå ei øy eller ein fjord ovanfrå og vita av forma kva han eller ho heiter. Men akk, denne morgonen var skydekket tett, som det skulle bli verande det meste av helga. Hadde det i det minste vore slik at flyet til Lakselv tek den vakre mjølkeruta som til dømes flya til Kirkenes gjerne gjer, HasvikHammerfestHonningsvågMehamnBerlevågVardø–VadsøKirkenes, skulle vi ikkje klaga. Men til Banak er det anten direktefly, eller som no ei lita mellomlanding i Alta, der vi har vore ein million gonger før. Av Finnmarks 19 kommunar har vi enno berre sett beina våre i 17, vi manglar Hasvik og Berlevåg, og det held oss vakne om natta.

Vel framme på Banak var alle sorger heldigvis gløymde. Vår gode ven islendingen Atli Konráðsson, som arbeider som gymnaslektor og dessutan driv med islandshestar i Lakselv, venta oss utanfor. Han køyrde oss fyrst til vaksenopplæringa, der alle hadde teke sumarferie andre enn rektoren. Men det var hyggeleg å møte att henne, for tida då vi arbeidde under leiinga hennar, og var lærar for 15 einslege mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan, var spesiell både på godt og vondt. Ingen av desse gutane er i dag att i Lakselv, berre nokre fåe av dei er overhovudet i Noreg, for dei fleste fekk avslag på asylsøknaden sin og flykta deretter ned på kontinentet, der dei no er spreidde for alle vindar. Vi stakk òg bortom den vidaregåande skulen, der det òg var nokså sumarstengt og difor svært glissent, men vi fekk då konversert nokre gamle kollegaer over ein kopp utsøkt traktarkaffi. Så skulle vi berre ein liten tur innom Spar-butikken i sentrum for å kjøpe nokre forsyningar, men dette tok halve dagen: Bak kvar hylle, mellom kvar vare på butikken møtte vi ein gamal kjenning vi måtte prate med. Her var Liv Annie Johansen frå kvenforeininga, fjellvandraren og røyefiskaren Arne Gustav Sorgmunter, Roy Werner Johansen frå bridgeklubben og kraftlaget, berre for å nemne nokre.


Lakselv sentrum ei sumarnatt.

Atli hadde på førehand lova oss ei seng i stallen eller campingvogna, men dei fasilitetane vi i praksis fekk til del, gav oss kjensla av å vera på eit luksushotell i New York eller Berlin. Vi fekk vårt eige rom i annekset, ei leilegheit vi delte berre med Atlis islandske ven Karl eller Kalli, som var komen til bygda for å sko hestar og setja opp eit gjerde. Ein svært interessant karakter, som mellom anna overraska oss ved å høyre på Sveinbjörn Beinteinssons messing av Voluspå klokka halv fem om morgonen. Atlis fem ungar snakkar òg islandsk, jamvel om dei er oppvaksne i Noreg. Denne helga var riktig nok ikkje alle å sjå, men det seier seg sjølv at stemninga på garden stod i taket då Island skulle spela kamp mot Nigeria i fotball-VM. Eigentleg heiar vi alltid på det fattigaste landet, og sjølv om Island saktens har hatt sitt å stri med, burde vi her definitivt ha heia på Nigeria. Men det våga vi sjølvsagt ikkje i ein slik husstand, og vi tok òg aktivt i del i gravølet då Island tapte 2–0. Det var til slutt ikkje anna å gjera for å gjenvinne humøret enn å ta ein tur bort på puben. Vi må diverre seia puben i éintal: Før var det såleis at kroa Åstedet låg på den eine sida av E6-en og baren Bankers på den andre, slik at ein kunne gå imellom både sju og åtte gonger i laupet av ein kveld, men no har Åstedet kveldsstengt på grunn av ein vasslekkasje. I det minste vart det enkelt å velja, og vi fekk ein haug av gamle vener servert på eitt brett. Det var rett og slett veldig koseleg å stå ute på plattinga og nyte ein doven Mack, med utsyn over den nattestille E6-en. Riktig nok angra vi på at vi gløymde vinterjakka heime, vi hugsa rett og slett ikkje kor iskald sumaren kan vera i Porsanger. Den famøse midnattssola såg vi ingenting til, berre midnattsregn og midnattsvind.

Men tru ikkje at vi drog til Lakselv på noko slags partytur, fokus var snarare på kaffi og småkaker. Noko vi saknar i Trondheim, der alle lever etter klokka og alskens plikter og vanar, er å ganske enkelt kunne gå og sjå om folk er heime. Er dei der så er det hyggeleg, er dei borte så var det fint å spasere seg ein tur. I Trondheim må ei avtale om ein halvtimes treff gjerast to månader i forvegen, i Lakselv er det snarare norma å koma utan førevarsel, og dørene står ulåste, og det er uhøfleg å ringje på eller banke på, ein skal berre gå inn. Vår gamle granne Håkon Sigfred Utsi, forresten materialforvaltar i bridgeklubben, venta oss med fortreffeleg pulverkaffi. Han snakkar langsamt og ettertenksamt om eksistensielle tilhøve av typen røyr og sluk, lauv og gras. Den gamle trøndske matematikklæraren Dagfinn Bakken, gift med reinhaldar på den vidaregåande skulen Edel, stilte både med ei kanne kaffi, sjokoladekake og noko slags lefse. Desse to snakkar meir effektivt og konstant, hovudsakeleg om detaljar i fjern fortid, og det var òg lifleg å kunne sitja i ei sky av ekte tobakksrøyk for ein gongs skuld. Ved eit vatn langt oppe i fjellheimen venta familien Gran, som spanderte både bålkaffi og ei blautkake ein måtte eta med hendene. Her var dialogen relativt sett meir normal. Det same galdt i huset til familien Nicolaysen midt i Lakselv sentrum, der vi òg var venta av vår gode ven journalisten Bjørn Arne Johansen. Han har flytt frå Lakselv, bytt arbeidsplass frå sameavisa Ságat til den meir allmennmenneskelege Finnmark dagblad, men han unnsåg seg ikkje for å køyre nokre timar frå Hammerfest for å møte oss.


Bjørkeskogen, fjella og Rappafossen sett frå Saarela gard, dette òg midt på natta.

Noko vi heller ikkje skal underslå, er den emosjonelle tydinga det hadde for oss å sjå att sjølve landskapet i Porsanger. Det svarte huset vi budde i for nokre år sidan, låg midt i den tette bjørkeskogen på dalbotnen, med utsyn mot dei stupbratte, svarte fjella der store fossar fell ned mot elva, Lakselva som buktar seg langs høge sandmelar nordover mot fjorden, den lange, breie Porsangerfjorden med dei tusen småe og store øyene. Atli tok med oss og Kalli på ein køyretur utover langs austbreidda, til kvenbygda Børselv, som ligg i eit belte av kvit dolomitt, og er ein svært spesiell og historisk viktig stad. På returen tok vi ein avstikkar bortom Hamnbukt, der den kriseramma Porsanger kommune etter mange års men og om har fått etablert ein såkalla seawalk, som skal lette tilgangen til denne uvegsame lappmarka for enorme mengder cruiseskippassasjerar. Det har kosta eit utal millionar, så mange at kommunen på eitt tidspunkt vurderte å selja rådhuset for å få finansane i orden. Førebels er ikkje så mange turistar komne, og vi tviler kanskje litt på at dei nokon gong vil sjå den magien som vi ser i denne utkanten av kongeriket, dette kalde og noko dystre arktiske landskapet. Men ein veit jo aldri. Uansett kva som måtte hende, vil det ikkje verke inn på det spesielle tilhøvet vi sjølve har fått til Porsanger og Finnmark, og vi føler oss trygge på at det høge nord vil helse oss like hjarteleg velkomne den neste gongen vi kjem. Vi fekk nemleg eit teikn, natt til sundag, då vi gjekk ut på jordet for å sjå Atlis dotter freista temje ein nykomen islandshest: På himmelen i nordvest, ein stad over den mektige Rappafossen, kika sjølve midnattsola fram frå ei glipe mellom skyene. Det vara berre i ein augneblink, men likevel.