søndag 25. september 2016

Crazy little party boy

Torsdag kveld vart vi omsider ferdige med eit nytt nummer av magasinet Norsk Bridge, som vi er redaktørar for. Det er ikkje eit veldig vanskeleg arbeid å lage bladet, for vi har nokre års rutine, men likevel tek det si tid. Fyrst og fremst handlar jobben om å mase på folk om å levere innan tidsfristane, noko dei aldri gjer uansett, og så er det å sjekke at alle kort er på riktig plass i alle dei tallause speldiagramma, noko som heller aldri går bra. Så kvar gong vi kjem i hamn med denne gresselege arbeidsprosessen, er vi rett og slett sjeleglade. No er det nærare to månader til vi for alvor må byrja tenkje på neste nummer.

Altså var det naturleg å feire litt no i helga. På fredag hadde vi ståande invitasjon til å vera med på konsert med Mayhem. Vi likte dette legendariske bandet ein gong i tida. Men etter at Per Yngve "Dead" Ohlin så ettertrykkjeleg tok livet av seg, og Øystein "Euronymous" Aarseth var så uheldig å bli knivdrepen, har det i grunnen berre gått nedover med Mayhem. Vi tenkte difor at det var betre å utsetja feiringa vår til dagen etter.

Laurdag formiddag sa vår gamle John Gunnar Kristiansen fylgjande per telefon: "Det blir party i kveld." Men då vi troppa opp heime hjå han i Alfred Larsens gate på Tempe, lo han godt av oss. Han skulle nemleg ikkje ha noko party, han skulle berre ta det roleg og lage pizza i lag med ein felles ven av oss, grønsakshandlaren og rastafarianaren Jan Roger Lyngvær. Gode råd var no dyre for oss som var budde på party, og som til og med hadde teke på strømper utan hol. I praksis vart vi sitjande og nippe til eit par øl, snakke med Kristiansens to kattar og lyde til Jan Johansons "Jazz på svenska", medan Kristiansen og Lyngvær drakk Oskar Syltes ananasbrus og arbeidde vidare med pizzaen sin. Samstundes sende vi ut nokre tekstmeldingar for å finne ut om nokre andre enn oss overhovudet var i partyhumør denne vakre, mørke og regnvåte septemberkvelden.


Jan Roger Lyngvær i sin karakteristiske lilla genser, som eigentleg er ein kjole. Vi er her rundt midnatt, men klokka på veggen stogga for godt for fleire år sidan.

Pizzabakinga hadde byrja i firetida den ettermiddagen. Men med enorme mengder chili, kvitlauk og purrelauk som skulle finhakkast, scampi som skulle marinerast og ein steikomn som skulle nå den rette temperaturen, vart prosessen nesten like tidkrevjande som produksjonen av eit nummer av Norsk Bridge. Då den fyrste pizzaen endeleg var ferdig, var klokka faktisk over midnatt. Men det skal seiast at arbeidet var langt frå bortkasta, for det vart i sanning ein heilt grei pizza, var slett ingen usmak på han. Vi rakk å smake to småe stykke før vi måtte springe, for å rekkje den siste bussen frå Tempe ned til diskostroket i Trondheim sentrum.

Vi rakk han likevel ikkje, og måtte gå. Dimed kom vi åtte minutt for seint til ei avtale vi hadde greidd å gjera, med den einaste som responderte positivt på tekstmeldinga vår. Det var Åsmund Forfot, som oppheldt seg i baren "Bror" i lag med arbeidskollegaer. Dei var eigentleg ute og gjorde feltarbeid, for bransjen deira er rusomsorg, og då gjeld det å vita korleis dette med rusmisbruk eigentleg føregår. Forfot er dedikert; til dømes nyttar han konsekvent fagtermen "rusepisode" om all former for festleg samver. Sjølv om dei ikkje gjorde stort for å hjelpe oss med rusproblema vi sjølve har – som til dømes det at så fåe vil partye i lag med oss  treivst vi i grunnen greitt i selskap med desse heksedoktorane. Vi rakk å drikke ein heil øl og ein tridjedels cider, sistnemnde på Forfots rekning, før baren stengde og hjernekrymparane skulle på nachspiel. Dette skulle vi eigentleg ikkje vera med på, men så viste det seg å skulle føregå i sjølvaste Tyrkrisveita, som vi alltid har hatt lyst til å utforske nærare. Så vi var der i ein dryg halvtime. Deretter gjekk vi heim, og resten kan Cornelis Vreeswijk få skildre: "Sen spöar han sin fru / med dunder och med brak, / och somnar som ett svin / och vaknar som ett vrak."

For å oppsummere, vil vi påstå at dette var ein svært vellykka kveld. Vi gjorde lite av skandaløs karakter, og brukte ekstremt lite pengar. Med andre ord vil vi greie å gløyme heile kvelden ganske fort, og då skal ein vera godt nøgd. Vi vonar òg at de har hatt glede av å lesa om denne flotte kvelden, og at historia om han kan vera til glede og inspirasjon i dykkar eigne tilvære.

søndag 18. september 2016

Tragikomisk start for den nye nettsida

Diverre inneheld kontrollpanelet på denne nettsida ein statistikk over vitjingar. Vi veit at det er veldig skadeleg for den allereie frynsete psyken vår å lesa denne statistikken, men vi greier ikkje å halde oss unna, jamvel om lesinga alltid er like hjarteskjerande: Elleve sidevisningar på fredag, åtte i går, fem i dag. Tal så småe at ein bør skrive dei med bokstavar, ikkje tal. Reknar ein med alle gongene vi sjølve har vitja sida for å undersøkje om statistikken har betra seg, er det faktisk mogleg at ingen overhovudet har vitja sida andre enn nettopp vi.

Så kva er eigentleg poenget med å skrive det vi no skriv? Vi kunne like gjerne stått og sett oss sjølve i spegelen heile dagen. Tru vel å merkje ikkje at vi er overraska. Vi visste eigentleg utmerkt godt kva vi gjekk til, men levde som vanleg i infantil fornekting. Når det openbert ikkje var Guds vilje at vi skulle ha nokon vellykka blogg lenger, korleis kunne vi vel tru at det ville nytte å starte ein ny blogg? Det er som Woody Allen sa det: "If you want God to laugh, tell him about your plans."

Men vi kan ikkje gje oss utan krampetrekningar. Vi vel å leva i den naive draumen om ein lysare morgon. Vi vil difor ikkje leggje ned nettsida heilt enno, men halde fram i minst ei veke eller to til, og sjå korleis det går. Ikkje minst vil vi etterstreva å gje dykk det vi lova dykk, nemleg ei lystig nettside som er bra for den psykiske helsa dykkar. Dette innlegget, må vi vedgå, har ikkje vore så lystig fram til no. Difor gav vi oss til å leite i gamle notatbøker etter ein fiffig vits å avslutte med. Det tok si tid, men midt mellom substantiva "negerhirse" og "urgubbe" – som vi ein gong las, men ikkje lenger kan hugse kvifor vi noterte – fann vi faktisk ein svært bra vits. Førebu dykk på å storflire.

Ein mann har ein gjest, og gjev gjesten ein kopp kaffi. Litt seinare spør mannen gjesten om han vil ha påfyll på kaffien. Gjesten takkar nei. Mannen spør: "Likte du ikkje kaffien?" Gjesten svarar: "Viss kaffien er god, er det nok med éin kopp. Viss han ikkje er god, er det meir enn nok." 

søndag 4. september 2016

Ein ettermiddag med Buchmann

Berre éin gong har vi fått ein e-post frå Ralph "Raffe" Buchmann. Det var då han tok oss i å omtala ein tilfeldig israelar som "israelitt". Det finst fleire moglege forståingar av omgrepet "israelitt", men ein viss relasjon til jødisk etnisitet ligg vel i botnen. Ein israelar kan derimot godt vera ein arabar, eller kva som helst. Dette burde vi sjølvsagt ha tenkt på, så vi la oss langflate og orsaka.

Mange vil kjenne Buchmann som ein utspekulert bridgespelar, men i tillegg er han altså jøde, og forstandar i den mosaiske forsamlinga her i Trondheim. Det bør for så vidt ikkje koma som noka overrasking, for det har jo gjennom lange tider vore mange jødar i Nerbyen, der Bridgehuset ligg. Området var ein gong temmeleg forslumma, men mange jødar kjøpte opp eigedom og byrja forretningsdrift der, kloke og driftige som dei alltid har vore. Eit vanleg jødisk etternamn er Kahn, fylgjeleg vart området stundom kalla "Kahnans land". Sjølv om han plasserte oss i dei forferdelegaste kontrakter den eine gongen vi har spela bridge med han, har vi faktisk stor sans for denne Buchmann. Han er ein snedig type.

Det fekk vi ikkje minst sjå i ettermiddag, då han og historikar Terje Bratberg stod i spissen for ei byvandring gjennom det jødiske Trondheim. Det har vore jødisk kulturfestival i helga, med konsertar og det heile. Diverre fekk vi ikkje vore med på meir enn akkurat denne byvandringa, men det var ikkje verst berre det. Buchmann hadde full kontroll på alt, og måtte støtt og stadig gje historikaren ein korreks for småe detaljfeil. Ferda gjekk frå synagogen, som visstnok er den nordlegaste i verda om ein ser bort ein sumaropen synagoge i Alaska, ned forbi Frukyrkja til Nerbyen, deretter ut til stakkars Sissi Klein på benken sin på Kalvskinnet.


Buchmann til venstre, Bratberg til høgre. På hjørnet av Brattørgata og Krambugata.

Det var særs interessant å høyre litt meir om historia til jødane her i byen. Vi har alltid likt jødar temmeleg godt. At dei er smartare enn oss andre, kan det ikkje herske den ringaste tvil om, og det fortener dei vyrdnad for. Før var vi ganske glade i Israel òg, men til vårt forsvar vil vi seia at vi knapt nok kunne for det. I pinsemenigheita vi vaks opp i, lærde ein frå barnsbein av å seia "Shalom aleichem" og elske Israel og alle jødar. Vi hugsar faktisk at vi – det må ha vore i 1998 var på eit kristeleg party for feire 50-årsdagen for uavhengigheitserklæringa til staten Israel. Det var ein fin fest, det skal vi ikkje leggje skjul på, men etter kvart har vi innsett at Israel har nokre stygge svin på skogen, dei som mange andre. Heldigvis er ikkje dette ein blogg om politikk, så meir vil vi ikkje seia om den saka der, som uansett er altfor komplisert for eit skralt hovud som vårt. Men takk, Raffe, for ein hyggeleg ettermiddag, og mazel tov.