torsdag 20. oktober 2016

Davás!

Vi måtte ha med oss den såkalla Vadsø-tevlinga i år òg, jamvel om vi har flytt sørover. Det er ei flott tevling, og denne gongen var det jubileum, tjuande gongen at tevlinga blir spela i Saariselkä i Finsk Lappland. Mange vil vel seia at turen opp dit frå Trondheim er ein smule tungvint, men dei har oversett eit viktig poeng, nemleg at sjølve turen er ein vesentleg del av opplevinga. Det var med store forventningar vi hoppa frå flyet i Tromsø inn i vår kjære makker Trond Bårdsens bil, og sette kursen mot Inari kommune.

Frå Tromsø er det diverre berre åtte timars køyring til Saariselkä, men til vederlag var storparten av vegen ei strekning vi aldri har sett før. Frå Skibotn svingar ein av mot finskegrensa og den vesle bygda Kilpisjärvi, Kilpis i daglegtala. Her er ein ikkje langt unna den vestlegaste av dei to tririksrøysene på Nordkalotten, og vegen vidare går tett opp til svenskegrensa. Sjølvsagt måtte vi ein snartur frå det finske Kaaresuvanto over Muonionjoki til Karesuando, den nordlegaste tettstaden i kongeriket Sverike. Delvis var det fordi Bårdsen måtte kjøpe snus, men like mykje fordi vi skulle vitje ein turistattraksjon. I Karesuando var nemleg sjølvaste Lars Levi Læstadius prest frå 1826 til 1849, og i same tid skaut den religiøse oppvakninga ikring han for alvor fart. I den styggvakre vesle bygda ligg enno det såkalla Læstadii pörte, eit gamalt forsamlingshus som i si tid vart flittig brukt av den store øydemarksprofeten. Døra var open, så vi gjekk inn og stal nokre postkort, med bilete av kjende læstadianske lekpredikantar som Johan Raattamaa, Per Anders Vasara og Per Anders Persson Nutti. Deretter åt vi lunsj på trappa, før ferda gjekk vidare inn i dei verkeleg djupe finske skogane. Nokre småe tettstader finst her og der, som Muonio, Kittilä og Sodankylä. Men mest er det skog, skog og atter skog, og ein og annan innsjø som glitrar mellom trea. 


Trond Bårdsen framfor Læstadii pörte i Karesuando.

Vi var ikkje framme i Saariselkä før etter at mørkret var falle, og velkomsttevlinga var det ikkje snakk om å rekkje, men vi rakk di meir av det sosiale. Sjølvsagt var vi likevel i seng i rett tid, og vakna utkvilte neste morgon. Makker var det di vanskelegare å få liv i, men vi greidde det til slutt, ti sekundar før spelinga skulle byrja. Bridgen vart som alltid eit makkverk, men di vakrare var den storslagne gallamiddagen same kveld. Det var ei lang rekkje høgtidelege taler, og vi trur vi heldt éi vi òg, men det er mogleg at vi berre drøymde det. 


"Ipmila ráfi.

Læstadius sade: "Ni drinkare, ni tjuvar, ni horkarlar och horkonor, ni kortklaskare: Omvänd eder!" Men ein kan alltids vente til over helga.

Den fyrste gongen vi vitja Saariselkä, var i ... Vel, vi hugsar ikkje når. Men det er så lenge sidan at vi den gongen ikkje hadde vore korkje i Finnmark eller Finnland før. Poenget er at det gjorde inntrykk på oss. Sjølvsagt var det på same årstid som vi no har, og det var noko med skogen, barfrosten, den tynne isen på dei tusen sjøane, alt det der ... Sidan då har denne uvegsame øydemarka hatt ein spesiell plass i hjarta vårt. Det er noko overnaturleg, som ikkje kan forklårast med ord. Men alle veit at nord er den heilage sida. Dei heilage vegane går mot nord. Dei heilage elvene renn mot nord.  

No vel. Det er i grunnen berre tull å freista snakke om det. Mun lean vaibbas, dal mun gal manan nohkkat. Så vi seier berre giitu, og maistte."


Vi vakna då vi slo panna vår mot kanten på ølglaset. Maten var forresten god. Vi var på karaokebar utan karaoke, og på sundagen spela vi oss kraftig ned på resultatlista. Men deretter spela vi oss litt opp igjen, og hamna til slutt på ein liten premie. Endeleg var tida inne for den flotte bilturen attende til Tromsø.

Det vart tidleg mørkt, og det var skodde og det var glatt, og såpass uhumskt at Bårdsen ikkje eingong ville la oss køyre. Men med han ved sida vår, kjende vi oss fullstendig trygge. Då vi passerte Kilpis og kom ned mot Skibotn, fekk vi endåtil fylgje av eit fortryllande nordlys. Veit de forresten korleis dette underlege naturfenomenet oppstår? Jo, ein gong i tida flaug nokre svaner for langt mot nord, og vart sitjande fast i isen. Kvar gong dei kjempar med vengene for å koma seg laus, flammar nordlyset opp på himmelen. Fordi vi har sett det med våre eigne augo, veit vi at soga er sann. Báchhi dearvan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar