fredag 19. januar 2018

Dementi

Som ein marginalt til middels profilert bloggar, ein synsar om diverse i ymse fora, og såleis utan tvil ein potensielt kvasioffentleg person i visse krinsar, føler vi i kveld at det er maktpåliggjande for oss å koma med ei presisering og ei avklåring til vårt høgt elska publikum på fem eller seks personar, som vi så å seia lever og andar for. Vi føler nemleg at det i verste fall kan oppstå rykte og spekulasjonar om oss, tufta på andre rykte og spekulasjonar om andre, og desse vil vi no ta ved rota og på det største alvor, så å seia før bjørnen er skoten: Vi har vel alle gjennom media høyrd folkesnakket om Venstre-leiar Trine Skei Grande i det siste, og om ein ung mann som ein gong var 17 år, men som i dag er 26 år. Dei som har høyrd ekstra godt etter, som vi sjølve i ein Facebook-chat med vår alltid uhyre velinformerte ven Erlend Gaustad, vil òg vita at kornåkeren som er inne i biletet i denne saka, visstnok skal liggje i Melhus, heimbygda vår. Når det gong på gong blir understreka at den unge mannen definitivt ikkje skal ha vore Venstre-medlem, og vi alle ein fredag aftan har kome i skade for å forveksle talet 6 med talet 9, slik at ein lynfort òg kan forveksle alderen 26 år med våre eigne 29 år, og vi til overmål alltid har hatt eit nasjonalromantisk, for ikkje å seia nasjonalsosialistisk forhold til dette med kornåkrar, kan vi naturlegvis godt forstå at nokon kan setja oss i samanheng med denne penible og ikkje minst pikante saka. Men det er faktisk ikkje tilfelle, vi har ingenting med denne skandalen å gjera. For å seia som Trine sjølv sa då ho vart konfrontert med det faktum at heller daddelverdige rykte om henne er i sirkulasjon: "Æ hi vøksi opp i Trøndelag, æ hi vøksi opp på fæst." For hennar del var dette poenget riktig nok irrelevant, all den tid ho var 38 år då hendinga i kornåkeren skal ha skjedd. Men uansett: Vi har òg vakse opp i Trøndelag, og mang ein aftan sat vi i kornåkeren, men vi gjorde det stort sett alltid åleine, med ei bok av Tor Jonsson eller Tarjei Vesaas. Vi har vore ein del på fest òg, men noko bryllaup i Venstre-krinsar vart vi aldri inviterte til på Melhus, då vi hadde eit horn i sida til både kommunestyret og formannskapet og ordføraren og det som verre er, fordi vi kan ha kome i skade for å skrive på den utprega ungdommelege, fantasifulle og ikkje minst "friske" bloggen vi hadde på den tida, at dei alle var korrupte, maktsjuke og inkompetente, noko vi sidan har bede grundig om orsak for, riktig nok alltid med lygarkross, men likevel. Uansett: Visst er det mange frodige kvinnfolk i politikken vi har sansen for, det vera seg Angela Merkel, Olaug Bollestad eller Ellen Johnson Sirleaf. Men akkurat Trine Skei Grande ... nei, huff tyti og lell. Vi forstår at det kan verke usannsynleg, og som ei desperat handling frå ein desperat strevar heilt i den grisgrendte utkanten av periferien av den norske offentlegheita, men vi må be dykk ta oss på vårt gode ord og namn og skinn, når vi no dyrt og heilagt og med handa på Bibelen erklærer: "We did not have sexual relations with that woman."