mandag 21. august 2017

På hospitalet

I dag er det ei veke sidan dottera vår såg dagens lys. Som ei oppkalling etter absolutt ingen, har ho fått namnet Lindis. Vi har lenge tenkt at det ville vera fint å få eit barn ein gong. Så den vesle jenta er svært velkomen i livet vårt. Vi liker henne allereie veldig godt, og vi gler oss til å bli nærare kjent med henne, og syne henne kva denne forunderlege røynda har å by på. 

Ho vart teken med keisarsnitt. Dette av di vi allereie i svangerskapets 18. veke fekk vita at ho var ramma av ein uheldig defekt kalla diafragmahernie, mellomgolvsbrokk. Det er det det høyrest ut som, eit brokk i mellomgolvet, som medfører at organ som høyrer heime i buken, kan forflytte seg opp i brysthola, og stela av plassen som hjarta og spesielt lungene treng for å utvikle seg. Hellet i uhellet var at Lindis hadde ein relativt mild variant av defekten. Lækjarane var trygge på at hjarta og lungene ville utvikle seg greitt, og sjølve operasjonen som krevst for å "lukke" brokket er i seg sjølv ukomplisert for dei som kan det. Men dei ville helst at forløysinga skulle skje i ryddige former, og ikkje mindre enn 14 tilsette var i rommet då jenta vart plukka ut, nær tri veker før terminen. Ho fekk tubar og drypp og kraner både her og der i kroppen, utstyr som skulle syrgje for at inkje uføresett kunne inntreffe, og samstundes stabilisere blodtrykk og liknande med tanke på den føreståande operasjonen. Denne vart utførd to dagar seinare, med godt resultat, og morgonen etter kunne vi for fyrste gong sjå henne opna augo frå døsen som alle dei smertestillande medikamenta hadde forårsaka, medikament ho enno treng ein del av, om ikkje anna for å dempe irritasjonen som alt utstyret uvilkårleg medfører. For ho er ikkje kvitt remediane enno, og det vil framleis ta litt tid før vi kan ta henne med oss heim. Det er mange system i kroppen som må koma skikkeleg i gang før lækjarane vil sleppe henne.


Ei lita scene frå Nyfødd intensiv: Griperefleksen melder seg når mor stikk fram ein finger. Vi tør påstå at Lindis har utsjånaden med seg, noko ho har frå mora. Men ytterlegare bilete skal vi likevel vente med, til ho er kvitt alt det medisinske utstyret ho førebels har kobla til seg.   

Så inntil vidare ligg ho i kuvøsen sin på avdelinga Nyfødd intensiv, og vi og mora oppheld oss vekselvis der, vekselvis på det såkalla pasienthotellet nokre hundre meter unna. Ein treng ikkje eingong gå utandørs, det veldige St. Olavs hospital er bunde i hop av alskens korridorar og innebygde bruer. På Nyfødd intensiv arbeider til saman 120 sjukepleiarar og lækjarar med vidare, som alle verkar svært kompetente og omsorgsfulle. Døgnet rundt er det minst éin, ofte fleire, som vakar over vesle Lindis, alt medan ein som forelder får løn utan å måtte gå på jobb. Så ein har ikkje så reint lite att for skattepengane sine.

Til dei som no fryktar at dette skal bli ein babyblogg, eller – endå verre  ein såkalla pappablogg, kan vi garantere at dette er fullstendig uaktuelt. Sjølv om det ville generert millionar av lesarar, skal vi framleis halde oss på den smale stig, og skrive berre om det obskure og apokryfe, det som fåe eller ingen har interesse for. Vi vil òg insistere på å bli tiltala med det Fleksnes-aktige "fader'n", ikkje det moderne tulleordet "pappa", som farmora vår forresten forbaud oss å bruke om vår eigen far. Likevel: I ei stund som for oss er såpass spesiell, kan vi tillata oss å bli litt sentimentale, og avslutte med å dedisere eit lite dikt til dottera vår. Det er eit vi i uminnelege tider har halde svært høgt, og som tilfeldigvis passar veldig godt til denne partikulære situasjonen: Tor Ulvens "Fra en rekordbok":
Se
kvinnen med 
verdens minste
øyne. 
Bare to
skrukkete groper
i hodet 
som avtrykk
etter skjebnens rosiner. 
Hun kan ikke se. 
Men det finnes
dem som mangler øyne
helt. 
Andre blir født
uten hode. 
Andre igjen
blir aldri født. Bare
tenkt. 
De 
har verdens
minste øyne.

fredag 11. august 2017

Flora poetica

Dette er namnet på ei bok vi kjøpte for ei tid attende. Det er i grunnen sjeldan vi kjøper bøker, for til regel blir dei slengde etter oss, som gåver eller arv. Eller vel, av og til har vi for så vidt investert i nokre bøker, men då til éi krone stykke, typisk i utsal av aldri utlånte bøker rundt om på biblioteka. På Porsanger bibliotek, nordsamisk Porsánggu girjerádju, kvensk Porsangin biblioteekki, hadde dei faktisk eit heilt rom fullt av slike bøker, som vi då i stor grad kjøpte. Men i alle fall: Under ein kviss på Antikvariatet i mai, såg vi tilfeldigvis ei bok i hylla som hadde denne pirrande tittelen, Flora poetica. Då resten av laget gjekk skuffande tidleg heim, og det såleis vart ein brus mindre enn vanleg, tenkte vi at no kunne vi vera impulsive og slå ut håret ved å bruke 75 kroner på denne boka i staden, som ei aldri så lita gåve til oss sjølve. Det er ei flott lita svensk bok, med svenske dikt om blomar og andre planter. Ho inneheld òg vakre teikningar av utvalde vekster. Grunnen til at vi kom i hug denne boka igjen no, er at det er august, og at ho inneheld eit dikt som går som under, av ein Birger Norman frå Kramfors.
Även potatisblomman är bara blomma
      i augustisolen
Sådan den nu är, öppnar den sin kalk
      aningslöst lycklig
      i sin blomning
Men folk vet också att nu
kan man snart ta fram hinkarna
      och potatishackorna

onsdag 2. august 2017

Farvel, Fosen

Som dei fleste sikkert har gløymt, hadde vi i fjor sumarjobb som journalist i avisa Fosna-Folket. Etterpå vart vi kasta ut i ei knugande arbeidsløyse, og i åtte døger mottok vi dagpengar frå NAV. Så ringde dei heldigvis frå vaksenopplæringa i Melhus og sa dei trong ein jævel, og det nærast omgaånde, og vi gjekk inn i det nye skuleåret som ein lærar for dei nye landsmennene våre. Der har vi vore det seinaste året, og likt oss som varmt kveitebrød, og vi kan med glede konstatere at vikariatet vårt er forlenga i endå eit år. Men ved påsketider ringde dei igjen frå Fosens einaste by Brekstad, kjent som "holet i asfalten" mellom folk i grannekommunen Bjugn. Fosna-Folket trong òg ein jævel att, sa dei, helst på dagen. Men vi måtte berre svara at niks, gamle Melhus har oss i den klamme handa si. Men så fekk vi dårleg samvit, for til lags åt alle skal ein alltid gjera, og vi ringde dei opp att og sa at vi kunne no for så vidt ta ein sumarjobb. Lærarferien er lang, så vi sette av juli månad til å arbeide på Fosen.

Båten ein må ta frå hurtigterminalen i Trondheim for å vera på Brekstad ved arbeidsdagens start klokka 08.00, går klokka 06.20. I fjor budde vi Ila, så det var ei smal sak å sykle til kaia. No bur vi på Risvollan, og oppdaga fort at det ikkje går bussar tidleg nok om morgonen, så vi har måtta sykle derifrå òg. Når vi så har returnert med båten 15.55 frå Brekstad, som er i Trondheim 16.55, har vi ikkje fått oss til å ta med sykkelen inn på bussen, mellom barnevogner og rullatorar og rullestolar og førarhundar og det som verre er, så vi har sykla attende òg. Dette seier vi ikkje for å skryte av vår fysiske habitus, men for å åtvare alle andre mot å drive med den slags tull. Det er veldig slitsamt å sykle opp ein masse motbakkar. Stort sett har vi kjent oss som Sisyfos: Stendig på veg opp, stendig rullande attover. Vi er overtydde om at dette ikkje kan vera bra for helsa. Ein bruker opp alle kreftene sine, krefter ein eigentleg bør spara til ein er gamal og mødd, og verkeleg har bruk for dei.

Men bortsett frå pendlinga, var det ein artig månad på Fosen. Journalistyrket er ikkje så ulikt arbeidet med våre nye landsmenn: Ein kjem borti frykteleg mykje rart, og det er det som er så interessant. No skal vi ikkje her gå i gang med å gjenfortelja alt vi skreiv om i forskjellige artiklar i avisa, då er det betre at de kjøper dykk eit abonnement på denne blekka, som vi faktisk vil påstå er temmeleg bra, mykje på grunn av den uhyre arbeidssame og kreative unge redaktøren Alexander Killingberg. Det er populært å harselere med lokalavisene, og som sumarvikar har vi sjølvsagt skrive om ein del saker som ein ikkje just vinn ein Pulitzer for, men det er samstundes mangt og mykje som føregår på Fosen som det i høgste grad er verd å skrive om. Til dømes fekk vi lov til å arbeide litt med tvisten mellom Fosen Vind  og Fovsen Njaarke, altså reinbeitedistriktet, om dei føreståande vindkraftutbyggingane på halvøya. Den største pågåande folkerettssaka i verda, meinte sameadvokaten. Vi måtte til og med få tak i eit dokument frå Høgsterett, som vi riktig nok knapt forstod eit kvidder av. Så hadde vi vår fulle hyre med trugslar mot Fosens biologiske mangfald, og skreiv både om pukkellaks, mårhund, brunskogsnegler, kjempebjørnekjeks, parkslirekne, potetål og ikkje minst floghavre. I sistnemnde tilfelle fekk vi til og med ei synfaring i ein havreåker. Men ein skal sanneleg passe seg når ein arbeider i lokalavis, spesielt ei som dekkjer mange kommunar: Vi hadde ikkje vore på Brekstad i meir enn drygt to veker, før den fyrste skuldinga kom haglande imot oss om at vi var som Fosna-Folkets redaksjon alltid hadde vore, ukritiske til Ørland kommune og hatefulle ovanfor Rissa kommune. Skuldinga kom frå høgste hald, ordføraren i Rissa, så vi reknar med at det var noko i det. Saka galdt helsefortet på Hysnes i Rissa, der det kommersielle helseselskapet Unicare har inngått kontrakt med Helse Midt-Norge om ei etablering, på kostnad mellom andre av den ideelle aktøren Betania Malvik, som ligg an til å miste sin kontrakt. Betania har riktig nok klaga på prosessen, og samstundes er jo ikkje dette Unicare heilt fritt for svin på skogen: Eit enkelt Google-søk syner at leiarane skal ha teke millionar i utbyte, samstundes som dei tilsette i selskapet har vore utsette for mykje rart. Så vi ringde til ordføraren i Rissa for å spørja om ein kommentar, men ettersom kommunen hans har vore ille plaga av arbeidsløyse og fråflytting, ville han ikkje høyre eit skeivt ord om det "gigantiske gladnyhendet" at Unicare er på veg til Rissa. "Ei skitsak!" erklærte han om framstøyten vår. "Hadde dette vore ei etablering på Ørlandet og ikkje i Rissa, så hadde du ikkje eingong tenkt tanken at det var noko negativt ved det! Skriv du noko om dette, kjem eg til å reagere sterkt!" Vi drygde nokre dagar før vi sende saka til trykk, og har faktisk ikkje høyrd noko meir frå ordføraren. Men vi må berre vedgå at vi skolv i brøkene. Kjeft, av ein ordførar!


Eit glimt av det flate og fruktbare Ørlandet. Det kan likne ein idyll. Men biletet er teke under floghavresafari med heradsagronomen, og den høge veksten i front er den fryktelege floghavren.

Nei, det er nok vaffeljournalistikken som ligg hjarta vårt nærast, dei hyggelege gladsakene. Det var jo stort sett slike vi dreiv med den tida vi arbeidde ein del freelance for Ságat, med kjende titlar som "Blomsterprakt i Lakselv sentrum", "Har åpnet thailandsk kafé i Indre Billefjord" og "Konfirmantene fikk lære om læstadianismen". Ikkje for det, det kan vera farleg nok med slike saker òg. På den siste arbeidsdagen vår på Fosen var vi i Botngård i Bjugn for å snakke med ei jente som selde jordbær fra Linesøya. Diverre hadde ho selt all bæra og fare heim att innan vi kom. Idet vi skulle svinge ut att på vegen, kvelte vi motoren i samband med ein liten bakkestart, og vart så forfjamsa at vi gløymde å sjå oss til venstre då vi omsider rota oss inn på vegen. Derifrå kom ein bil, som no måtte bråbremse. Han tuta sjølvsagt kraftig, medan vi i skam og otte køyrde attende mot Brekstad. Vel attende hadde vi motteke ei Facebook-melding frå Odd Inge Hovd, ein Fosen-kjendis som vi tilfeldigvis kjenner frå før, gjennom bridgen, og som vi òg har portrettert i den faste spalta "Dagens fosning": "Var du i Botngård nå nettopp?" spurde han, noko vi berre måtte vedgå. Jau då, det var han og ingen andre som måtte vike for oss på vegen, og vi var sjølvsagt ikkje vanskelege å kjenne att der vi køyrde i ein bil med "Fosna-Folket" trykt i diger, raud skrift over heile karosseriet.

Nei, det er bra at vi snart skal gå attende til noko vi kan mindre dårleg, nemleg å ta bussen til Melhus. Men fyrst vil vi få takke Fosen, og Fovsen, for gjestefridommen i denne omgangen. Det har vore ei oppleving. Vi vil avslutte med å peike dykk vidare til ei av dei sakene vi skreiv som ikkje hamna attom ein såkalla betalingsmur, nemleg saka om den voksne mannen som dytta ein 13-åring. Slik kan de vonarleg få eit innblikk i den harde røynda på Fosen.