lørdag 14. mars 2020

Forkrøpla smultringar, perfekte akkurat som dei er

Vel, då vart det visst karantene! Personleg har vi aldri sett korkje ein bakterie eller eit virus, og det er totalt uaktuelt for oss å tru på noko vi ikkje har sett. Forresten skjer jo dei fleste ulykker i heimen! Og sjukdommar og daudsfall som underteikna har hatt med å gjera, har i stor grad vore knytte til rusmisbruk i heimen. Så om vi overlever denne karantenen, er nok høgst tvilsamt. Difor tenkte vi at det var greitt å få sagt vår meining om det såkalla koronaviruset fyrst som sist, før denne bloggen går inn i arkeologien for godt. Alle må jo ha ei sterk meining om viruset, slik vi forstår det, iallfall ser det slik ut i "SoMe".

Fyrst var vi veldig glade for viruset, fordi vi eigentleg forventa mykje stress i perioden fram mot påske, og difor såg lyst på litt redusert aktivitetsnivå. Mellom anna har vi slite mykje med FOMO, men det slepp ein no, når ingenting hender. At skulen vi arbeider på plutseleg skulle stengje, synst vi likevel var å dra det langt, for vi har stor glede av samværet med elevane. Det er rart å tenkje på at vi seinast på torsdag stod og steikte vaflar i lag med afrikanarar og asiatar, og hosta og naus både i hytt og vêr, fullstendig ubekymra for absolutt alt. 

Men på fredag fekk ikkje elevane lenger koma. Heldigvis presiserte sjefen at vi som kommunalt tilsette på ingen måte var permitterte, men no kunne bli omplasserte og nytta til å dekkje andre presserande behov i kommunen.Vi sende ho straks ein e-post med dei fem fyrsteynska våre kva galdt ny etat, i prioritert rekkjefylgje: "1. Kart og oppmåling. 2. Hølonda skimuseum. 3. Bibliotek og litteraturformidling. 4. Ordførarens harem. 5. Heradsagronomen." Men idet vi kom heim den ettermiddagen, venta ny informasjon frå sambuaren vår, Vilde: "Er du galen," sa ho, "hugsar du ikkje at eg var i Polen sist helg med venninnene? Vi er i karantene vi no, ti dagar fram i tid. Endeleg skal eg lære ditt sanne eg å kjenne – om du no har eit!" 


Solas korona, her framheva av ei solformørking, er inga ny oppfinning. Riktig nok har denne blåkvite strålekransen ein temperatur på over ein million gradar, men han er sjølvsagt ikkje farleg for folk på jorda! Å tru at vi no plutseleg skal få virus av koronaen berre på grunn av holet i ozonlaget, er i beste fall konspiratorisk. 

Høyrt sånt! Nei, vi er verkeleg ikkje positive til viruset, synst det er noko skikkeleg tullball. Har folk fullstendig gløymt kva som er rota til alt vondt? Ja, nettopp: lediggang! Så freistar vi døyve keisemda i nokre augneblinkar då, ved å pusle litt med hobbyen vår, nemleg å bite naglar. Men same kvar i leilegheita vi står og gneg, er Vilde på oss som hauken: "Det er er forbode å stikke fingrane i kjeften!" doserer ho. "Eg har det frå Bent Høie i eigen låge person!" Jaså, men kva pokker er det eigentleg meininga at ein skal finne på i karantene, anna enn å skrive dustete blogginnlegg?

Vel, ein får glede seg til den 27. mars, tenkte vi, når skulen og barnehagen opnar opp att, og alt blir nøyaktig som før. Då er det forresten snart påske, og tid for påskas vakreste eventyr, påskebridgen i Soknedal. Så vi gjekk inn på nettet for å sjå på påmeldingslista, godte oss over alle buljongpara. Men kva stod det der? Jo då: "Grunna koronaviruset har vi diverre sett oss nøydde til å avlyse tevlinga." Avlyse! Jamvel under svartedauden greidde dei å arrangere påskecupen i Soknedal, men altså ikkje i 2020. Ei fallitterklæring av dimensjonar!

Når det kjem til slike eksessar, må ein vurdere om ikkje vinninga ved heile unnatakstilstanden går opp i spinninga. Vi snakka alt for månadsvis sidan med Stein Bjerkset om påskecupen, og det er inga overdriving å seia at han har gledd seg som ein gris. Når avlysinga så kjem, snakkar vi om vonbrot og liding i ein slik storleiksorden at nokre skarve daudsfall blir småtteri i samanlikning. Einsemd, isolasjon og mangel på sosial stimulans har historisk sett drepe langt fleire enn alle andre daudsårsaker til saman (sjå relevant forskning for meir info). Likeins er det vitskapeleg sett livsfarleg å ikkje bite naglar når ein er nervøs, for konsekvensen blir gjerne at ein kanaliserer nervøsiteten ut i anna, endå meir bisarr framferd. Gud vere med oss alle! 

SISTE: Karantenen vart laurdag formiddag oppheva for partnarar av kvinner som har vore på spaweekend i Krakow. For å få litt luft under vengene, køyrde vi difor ein tur til City Lade, der vi hamstra Frydenlund bayer i tilfelle ny karantene. Utom senteret stod ei smultringvogn, og der inne såg vi til vår store overrasking den legendariske bridgespelar og seljar av bær, suvenirar og no altså smultringar, Steinar Stokkeland. I desse tronge tider ynskte vi å støtte den samfunnskritiske funksjonen hans ved å kjøpe fire smultringar, som ikkje var dyre heller: Éin smultring kosta kr. 8, fire smultringar berre kr. 32! Men dugnadsorientert som han er, ville Stokkeland i staden støtte oss i vår smule forfattargjerning, som sant å seia har fått ein oppsving under koronaviruset, og forresten er fullstendig samfunnsukritisk: Han gav oss rett og slett ein diger pose av full av deformerte restesmultringar – gratis! Dei var aldeles nydelege på smak, men kva viktigare er: Dei prova at det trass alt finst kjærleik, jamvel i koronaens tid.