onsdag 19. desember 2018

Rageaholics anonymous

Det fyrste steget i tolvstegsprogrammet er å innrømme at ein har eit problem. At vi har dette problemet er det nok ikkje mange som veit, då vår føretrekte form for raseri er den passiv-aggressive. Men av og til tippar det over jamvel for oss, og då kan den heilage vreiden koma til syne. To særskilde personasjar er så provoserande av natur at vi ikkje har eit snev av dårlege samvit for å radbrekkje dei – verbalt, altså: Det er Stein Bjerkset og Liv Marit Grude. Etter Proffen-cupen i helga vil vi føye Svein Arild Naas Olsen til den lista, for å sitja og snakke i kvart einaste kort gjennom ein heil runde à tri spel, kvalifiserer eigentleg til halshogging – verbalt, altså. Det gjorde ikkje saka betre at makkeren vår i den runden var nettopp Bjerkset, som truga med å mergspalte Olsen, og kjølhale oss om vi ikkje tilkalla TL på same Olsen – non-verbalt, altså. For ein stor del gjev vi blaffen i det åttande og niande steget, som handlar om å søkje forsoning. Men vi kom òg skade for å vera krasse mot ein god ven og støttespelar gjennom mange år, og han fortener ei orsaking.

Riktig nok, Odd Roar "Keegan" Smisetfoss, synst vi det var i overkant å tvinge oss til å spela 5 kløver dobla der vi mangla hjarter ess, ess, dame i spar og hadde tiaren tridje i kløver mot kongen femte, spesielt sidan motpartens 3 grand knapt nok stod. Vi meiner òg det var feil å ta ut i 4 kløver på fire småe kløver då motparten dobla 3 grand. Sistnemnde kontrakt var åtte eller ni stikk avhengig av motspelet, men å sitja og surre i 4 kløver dobla på fire småe mot tri småe, var ikkje vår kopp te. Vi likte i kort sagt dårleg å gå 800 på båe dei to siste spela, i ei tevling vi låg an til å kunne vinne med ein sterk sisterunde.


Per Erik "Pil" Austberg, ein av avlidne Rune "Proffen" Brattgjerds beste vener og ein av Proffen-cupens nestorar, underheldt vakkert på klaviaturet under helgas tevling i Frimurerlogen. På veggen heng patinerte og glaserte rokokkoportrett av tidlegare vinnarar av tevlinga, som Per Nordland, Jan Emil Græsli, John Våge og underteikna. 

Men det er ikkje poenget. Alt det der eg bagatellar, og vi overreagerte. Det viktige er fylgjande: Heilt fram til denne siste runden, hadde sjølvsame Smisetfoss ved gjentekne høve snakka om at han skal kjøpe eit hus i Karibien, der vi skal få koma og bu i lag med han. Han sa ikkje meir om kva øy det vil bli, men det skal iallfall vera i Karibien, og resten av livet skal vi sleppe å bekymre oss for noko som helst. Så kvifor laga vi slikt drama kring dei nokre tusen grunkane vi tapte på ikkje å vinne Proffen-cupen (som vi forresten neppe hadde vunne uansett utfall av den siste runden)? I huset i Karibien treng vi openbert ikkje ei krone for å leva som grevar. Der kan vi sitja med Smisetfoss heile dagen, kvar einaste dag mange tiår inn i framtida, og hyle paraplydrinkar og diskutere dei to kløverkontraktane i siste runde av Proffen-cupen 2018. Vi skal berre attervende til gamlelandet ei helg før kvar jul, for å spela nye utgåver av Proffen-cupen, som nok vil gje oss endå mykje meir å snakke om. På attersyn i Karibien, Odd Roar! Eller for å seia som vi ofte har sagt, med den mest notoriske av alle rageaholics, George Costanza: "Serenity now, serenity now!"

mandag 10. desember 2018

Att kila upp til Nisse

Det har vore magert på denne vevstaden i ei god stund, det skal vi vedgå. Men etter tolv dårlege månader kjem alltid ei god helg. Som no i helga, då vi tok med sambuaren vår på ei utflukt. Det var ei gamal avtale oss imellom at sidan vi fekk dra på den sjudundrande ferieturen vår til Lakselv i sumar, måtte vi ha lyst til å spandere noko tilsvarande på henne litt seinare på året. Slik sett vil vi estimere at helga i Lakselv, der vi forresten budde og åt gratis, til slutt kosta oss ca. 20.000 kroner. Men noko må ein jo finne på. Takk til svigerforeldra våre som tok hand om barnet i helga; det ville kosta oss ytterlegare ei formue å leie anna barnepike.

Det vart så vi drog til Stockholm, der Vilde ikkje hadde vore på lang tid, og underteikna berre har vore på snøgg gjennomreise, på veg til ymse avkrokar i Aust-Europa. Så det kunne jo vera vel verd å sjå litt nærare på denne byen, som vi alltid har tenkt på som vakker og forlokkande. Vi kjenner han best gjennom vårt barndoms idol Cornelis Vreeswijk, og vi må seia at det var stort for oss å få sjå "in real life" alle dei songomsungne stadene vi berre kjenner frå musikken hans: Kungsträdgården, Nybroviken, Tunnelbanestationen, berre for å nemne nokre. Den gyllene freden rakk vi diverre ikkje å få med oss, men han er visst uansett ikkje heilt som på Polaren Pärs tid no lenger.


Svenskekongen, den døgenikten, var ikkje særleg glad for å sjå oss. Men det var i grunnen gjensidig. 


Vi såg jo at Pär, og Vreeswijk, saktens må ha hatt sitt å stri med i Stockholm. Det finst ei overklasse der i byen, det er det ingen tvil om. Vi gjorde ei synfaring i båt kringom Södra Djurgården, og såg dei utrulegaste feriebustader for eliten. Svenske tilstandar av verste sort! Men elles møtte vi mange hyggelege folk, nokre fåe av dei etniske svenskar, dei fleste hakket mørkare. Til dømes kom sjølvaste Hare Krishna hoppande forbi i ei av dei fornemme shoppinggatene, dansande og messande som alltid før, og det sette vi stor pris på. Sverigedemokraterna, som subba og sjangla nokre hundre meter bakom, fortona seg som svært anemiske i samanlikning.


Svensk jul på sitt fagraste. Vår gamle ven Per Sand var faktisk på elgfarm i Sverike ein gong, i Duved, men det er ei anna historie. 

Men shopping, ja ... Det galdt naturlegvis å få handla litt julegåver, eller iallfall ha planar om det. Vilde fekk kjøpt mange, det aller gjævaste var truleg ein kvensk kaffiost på Gamla stans julemarknad. Men personleg har vi som tradisjon å utsetja heile suppedasen til nokre fåe dagar før jul. Men vi hang no på, og kom med nyttige vink og innspel undervegs, primært: "Treng dei verkeleg det der?" Råda våre vart berre sjeldan tekne ad notam, men for å seia som Vreeswijks svirebror Fred Åkerström: "Sådan är kapitalismen, / otack är den armes lön." Men eit visst honorar for møda fekk vi for så vidt, i form av god mat og drikke som vi betalte sjølv. Men det var jo hyggeleg at Vilde i det minste ville eta og drikke i lag med oss.

Vi och Nisse Ferlin.

Vi vil gjerne la ein annan poet få avslutte vår vesle epistel frå Stockholm. På veg frå busstasjonen til hotellet kom vi nemleg over eit for oss tilsynelatande tilfeldig stelle, der to gamle polarar sat på ein benk og naut ein mellanöl på deling. Vi ville slett ikkje tenkt på denne asfaltpletten som eit torg, om det ikkje var for at det stod ein tridje mann der, ein mager statue, og at skiltet på veggen bar påskrifta "Nils Ferlins torg". Då hugsa vi eit vers av nettopp Nils Ferlin, ein diktar som heller ikkje Vreeswijk og Åkerström var ukjende med. Vi må ta det fritt etter minnet, etter ein annan fyr som òg tok det fritt etter minnet, men det er uansett ei passande oppsummering av helga vår i Stockholm.
Jag satt i stolen.
Nu är den tom.
Var tog jag vägen?
Har någon sätt mig?