onsdag 25. oktober 2017

Bridgehistorie for ikkje-bridgespelarar

Mange lesarar (to, tri av dei totalt fem, seks lesarane vi har) seier til oss at dei ikkje les ein töddel vidare i eit innlegg på denne bloggen, viss dei forstår at det handlar om bridge. Men her er ein kuriøs bridgevariant som kanskje kan vera av interesse òg for dei mange som hatar bridge.

Du sit med ess, dame blokk, to filurar, ess, dame, knekt, ti sjette og ess, liten. Makkeren din, som forresten er Tromsø og Hammerfests Trond Bårdsen, opnar 1 spar. I gunstig sone melder nestemann, som du aldri har sett før, inn 3 kløver, som han rettar til 7 hjarter, som han rettar til 4 hjarter. Du sit med den to månader gamle dottera di på armen. Du trur det er partevling, men er ikkje sikker. Høgre motstandar er ikkje éin, men to personar, men du veit ikkje kven nokon av dei er. Så er spørsmålet kva du melder. Gjer det nokon skilnad at du no oppdagar at du ikkje hadde ein liten kløver jamsides esset, men derimot tiaren?

Vi kontemplerte både lenge og vel over denne saka, vurderte fyrst 5 ruter, slo det ifrå oss fordi det som sagt moglegvis var partevling, vurderte deretter 5 spar som ein sleminvitt utan hjarterkontroll, men vraka det alternativet fordi vi berre hadde dobbel spar. Til slutt fall vi ned på den bleike meldinga 4 spar, og det gjekk lynjekk rundt. Vi var veldig spente på om utspelaren kom til å ta for ess og konge i hjarter i utspelet, eller om dette var ein brent slem. Men så vakna vi.

Dette er eit artig fenomen som den vitskaplege litteraturen ikkje nemner med eit kvidder: Lidenskapelege bridgespelarar drøymer om natta om bridge, og det er ikkje berre omstenda kringom bridgen ein drøymer om, det er sjølve korta, kvart og eitt av dei tretten korta ein har på handa, og i mange tilfelle også korta til makkeren og motstandarane. Heile spel, ja, kanskje til og med fleire spel, kan utspela seg i ein einskild draum, med same detaljnivå som i røynda. Når ein vaknar kan ein hugse det og tenkje attende på det, som dette meldeproblemet over 4 hjarter. Men – og dette er det interessante, som trass alt plasserer desse draumane i kategori med andre draumar – det skjer alltid eit eller anna absurd, som strid imot bridgens reglar og logikk. Til dømes har ein tolv kort, som tilfellet over, eller for den del berre seks, eller kanskje har ein alle honnørpoenga i stokken på handa, eller spelaren som i den eine augneblinken var eins eigen makker blir plutseleg ein motstandar, eller det same kortet blir spela mange gonger, og så bortetter. Vi hugsar til dømes ein draum der Rune Hauge heilt openlyst melde på makkers tenkjepause, noko vi vart så rasande for at vi gjekk til fysisk åtak på han, med det resultatet at vi vart kasta ut av tevlinga. Vi prøvde i timevis å sleppe inn att, men fekk ikkje lov! Aldri før har vi vore så opprørde.

Nemnde draum frå i natt var til samanlikning ganske moderat, det var ikkje veldig mange eller spesielt hårreisande logiske brestar. Men kva synst du om 4 spar-meldinga vår? Idiotisk, blodfattig, grei nok eller briljant? Vi er interessert i å lære her, til seinare bridgedraumar vi måtte koma til å ha. Samstundes vil vi gjerne skape litt engasjement kring bloggen, så ikkje-bridgespelarar kan òg gjerne respondere. Skriv svaret ditt kommentarfeltet under.

søndag 22. oktober 2017

Wlad vulgo Dracula dicitur wayvoda Wallachiae

Vi trur det er viktig at vi som foreldre forstår at dottera vår, Lindis, ikkje berre er ein vaksen. Ho er også eit barn, og må, som sådan, møtast med visse andre tilnærmingar enn ein vaksen. Vi kan ikkje berre sitja og lesa atlas og skrive sonettar i lag med henne, vi må òg ta del i meir infantile aktivitetar. Til dømes kosa vi oss med tridje sesong av fjernsynsserien Narcos i lag. Lindis hadde sett dei fyrste sesongane frå innsida av si mors liv, men synst det var gjævt å endeleg kunne ta ein bayer og ein bit fleskesvor til sjånaden.

Overskrifta er påskrifta på favorittskjorta vår. Vi har hatt henne sidan 2009, men ho er framleis ikkje heilt utvaska, for dette er robust rumensk kvalitet. Teksten dreier seg, som de vel forstår, om den valakiske fyrst Vlad III., kjent som Vlad Țepeș eller Vlad spiddaren (1431–1476), som heller ufortent vart ein slags modell for karakteren Dracula. I røynda skal han ha vore veldig populær mellom folk flest, fordi han fekk bukt med korrupsjonen mellom skatteinnkrevjarane, som saktens hadde godt av å bli litt spidda. Skjorta kjøpte vi på slottet Bran – som i røynda slett ikkje var heimen til fyrst Vlad – nokre miler vest for Brașov i fjellkjeda Karpatane i regionen Transilvania. Det var den gongen vi var der på Junior-EM i bridge, men faktisk hadde vi vore der to gonger tidlegare òg, sidan stemora vår kom frå nettopp denne byen. Veslesystera vår er halvt rumensk, eller snarare kvart, sidan mor hennar var halvt ungarsk, halvt rumensk.

Det er svært vakkert i denne historisk viktige delen av dagens Romania, men sjølvsagt er det òg uhyggeleg, ja, bloddrypande. Dette er illustrert mellom anna i det legendariske Super Nintendo-spelet Super Castlevania IV, som går føre seg i Draculas borg i Transilvania i det herrens år 1691. Som spelar går ein i rolla som Simon Belmont, ein vakker mann utstyrt med ein pisk, og oppdraget er å bane seg veg til toppen av slottet, og til slutt drepe Dracula. Som born hugsar vi at vi fann dette oppdraget ulideleg vanskeleg, men så kom broren til stemora vår på vitjing frå nettopp Brașov, og han hadde røynsler ikkje minst frå kampen mot den illgjetne diktator Nicolae Ceaușescu og hans drakoniske kjerring Elena, som gjorde at spelet for han var ei smal sak. Med kyndig vegleiing greidde vi òg å runde det etter kvart, vi fekk piska Dracula så han til slutt gjekk opp i liminga, og flaug i veg som ei einsleg flaggermus.


Frå møtet med mannen med ljåen i Super Castlevania IV, siste hindring før ein kjem til sjølve Dracula. Vi er til høgre, farleg nær å bli råka av ein utsendt sigd. 

I forkant av Lindis' nedkomst tenkte vi det var på tide å undersøkje om vår gamle Super Nintendo framleis fungerte – og forsyne oss: Medan smarttelefonar og berbare datamaskinar og alskens anna moderne møkk bryt saman berre ein mister det i golvet, lever den gamle SNES-en i beste velgåande etter over 20 år. Riktig nok må ein blåse bort støv kvar gong ein startar han, og kanskje stille han på høgkant eller setja inn spelet på ein særskilt måte, men liv blir det. Altså har dottera vår no fått del i dei vidunderlege Nintendo-eventyra vi sjølve fekk oppleva som born, med det kritikarroste Castlevania IV som det absolutte høgdepunktet. Det er mange fryktelege fiendar ein må hanskast med i laupet av dette spelet, avrivne hovud og vandrande skjelett og gigantiske kongroer an mass, men Lindis fokuserer på det vakre transilvanske landskapet og all den praktfulle musikken. 

Så kan folk berre sjikanere oss for at vi framleis sver til denne teknologien som snart er like gamal som sjølve Dracula-myten, men vi har prøvd desse moderne spela med all sin fancy-schmancy grafikk, og dei er ikkje noko for oss. No skal alt vera 3D, for ikkje å seia 4D, men har ein ikkje nok av den slags svineri i den røynlege verda? Når vi ein sjeldan gong tek oss tid til noko såpass samfunnsunyttig som å spela eit TV-spel, vil vi slappe av med maks to dimensjonar, helst berre éin, og til det føremålet er Castlevania IV perfekt. Og om nokon skulle lure: Ja, vi har også no nådd fram til toppetasjen i borga, og vi har piska gamle grev Dracula til den flottenfeiaren ikkje hadde korkje lyn eller eldtunger att å sende imot oss. Men ta dykk i vare: Éin stad i det karpatiske mørkret driv skrømtet av den store spiddaren framleis kvilelaust ikring. 

tirsdag 10. oktober 2017

Dei frie sjelers justis

Det har vore offentleg merksemd kring vår kjære hobby bridge i det siste, etter at stjernene Geir Helgemo og Tor Helness fekk fengselsstraffer og store bøter for grovt skattesvik. Når bridgen dukkar opp i media, er det stort sett utelukkande i negative samanhengar, det vere seg juks, spritsmugling med fatalt utfall, drap eller dobbeltdrap, og no altså òg økonomisk hufs.

I kva grad dei er skuldige skal vi ikkje seia noko om, men uansett trur vi på total likskap for lova. Difor augnar vi no ny von for Helgemo og Helness: I går vart det nemleg kjent at den eksentriske målar Odd Nerdrum, etter å ha vorte domfelt for akkurat det same som Helgemo og Helness, har vorte "benådet ved kongelig resolusjon", såleis at han slepp å sone fengelsstraffa si. Vi trudde knapt at slikt var mogleg i kongeriket Noreg, men "kongeriket" er nøkkelordet her: Når kongen for ein gongs skuld fann det for godt å bruke den vesle makta han har, var det altså for å hjelpe Nerdrum til å unngå fengsel. Kan Nerdrum vera ein av dronning Sonjas elskarar? Det blir spekulasjonar. Men éi sak er klår: Kommentarane til benådinga frå Nerdrums advokat Elden, sitert i VG-artikkelen vi linka til ovanfor, er noko av det artigaste vi har lese så langt i år. "– Alt er nå ferdig for Nerdrum når det gjelder skattesaken, og han fortsetter videre med maling som den frie sjel han er, skriver Nerdrums advokat John Christian Elden i en tekstmelding til DN. [...] – Hans kunstneriske sjel er og må være fri, og han kan nå konsentrere seg om kunst og kultur og ikke skatt, skriver Elden i en e-post til VG." At denne Elden, ein fyr som framstår som kul utelukkande i eigenskap av å vera ein usedvanleg gjennomført juridisk tørrpinn, skal drive og fable om Nerdrums "frie sjel", er rett og slett urkomisk.

Personleg var vi den heldige mottakar av ei restskattrekning på søte 93.000 her i sumar, ein sum vi innbetalte med glede. Hadde vi tenkt tanken at vår smule kunstnariske pretensjon kunne innvilga oss benåding ved kongeleg resolusjon, etterfylgt av lyriske fraser frå sjølvaste John Christian Elden, skulle vi nok likevel aldri ha betalt, men heller gått andre vegar med rekninga. Men gjort er gjort, og no er det Tor Helness og Geir Helgemo vi vil forsvare mot Skatteetatens nyslipte falløks.

Svært frie sjeler: Odd Nerdrum flankert av Geir Helgemo og Tor Helness. Dei mange sjarmerande fellestrekka gjer at dei alle tri, etter vår meining, fortener same blide lagnad. 

Desse figurane har mellom anna vunne VM i bridge på vegner av nasjonen Noreg, Helgemo også EM, og såleis vore gode representantar for kongeriket. Helness kjenner vi ikkje så veldig godt, men fleire møte med han ved bridgebordet, har gjort det tydeleg for oss at han er ei svært fri sjel, som ikkje er redd for å seia det han tenkjer, og på andre måtar oppføre seg minst like eksentrisk som Odd Nerdrum. Geir Helgemo, som vi har drukke mang ein kaffikopp med gjennom ei såkalla dagdrivarforeining organisert i det midtnorske bridgemiljøet, er ikkje fullt så eksentrisk. Men også han framstår som svært fri, iallfall så lenge han ikkje blir kasta i fengsel. Vi må berre appellere til kongens samvit, om snarast å slå ein strek over desse dommane. Vi må få sleppe å oppleva at Geir Helgemo – som vi hugsar at ein av dei metanolspritdømde gjorde – møter opp på sumarbridge i Bridgehuset ikledd ein oransje fengselshabitt. Det høver ikkje ein av bridgens største kunstnarar.

torsdag 5. oktober 2017

På frifot

"Jeg er fri, jeg er fri, jeg er fri! / Mitt fangenskaps liv er forbi! Jeg er fri som en fugl, jeg er fri!" Det var dottera vår Lindis som resiterte dei kjende linene frå Ibsens Når vi døde vågner, då ho på torsdag endeleg fekk lov til å forlata Nyfødd intensiv. Då hadde ho, som vi, vore der i halvannan månad. Vi er utruleg takksame for hjelpa vi har fått der. Men heldigvis hadde dei som arbeider der det same målet som oss, nemleg å få oss til helvete ut og heim. I den samanhengen har dei noko som heiter NAST, Nyfødd intensiv ambulerande sjukepleiarteam, som fungerer såleis at ein som forelder kan få opplæring i det medisinske som må gjerast med barnet, deretter reise heim medan ein enno formelt er innlagt, og så kjem ein sjukepleiar frå avdelinga innom tri gonger i veka for å sjekke at alt går etter planen.

"Min pappa triller piller / på byens apotek. / Han er så tynn og trist og blek, / og triller hvite piller." Slik byrjar ein av Lindis sine favorittsongar, nettopp fordi han handlar om far hennar. Vi står med ei lita sprøyte og doserer morfin og noko som heiter klonidin, eksklusive medisinar verde tusenvis av kroner, i gradvis nedtrapping for å unngå at Lindis blir abstinent. Så skal ho inntil vidare ha mat via ein sonde, og det i eininga, for ho må visst feitast opp. Dette er vi veldig imot: For oss har det magre alltid vore eit ideal, og Lindis er samd, jamfør sisteverset i den andre favorittsongen hennar: "Det var en gammel baker / på en bitteliten øy. / Han åt for mange kaker / med krem og syltetøy. / Forleden dag så satt han død / midt i en haug av wienerbrød."  Men det er korkje vi eller ho som legg føringane, så det er berre å innrette seg. Når alt dette er over, vil vi praktisk talt vera utlærde sjukepleiarar. Kanskje ikkje dei aller beste, men vi kan sikkert få jobb i det private helsevesenet.


Litt vemodig var det òg å ta farvel med hospitalet. Mellom anna hadde vi mange hyggelege middagar i kantina på Kvinne–Barn-senteret i lag med Jon Eiesland, som arbeider med eit eller anna EDB-relatert på St. Olavs. Her er han og barnets mor Vilde Christoffersen Walsø avfotografert utom kantina etter vår aller siste middag i lag. I midten ein utstoppa grevling, som også var ein viktig støttespelar for oss under det lange opphaldet.

Heldigvis er det ikkje berre sjukdom og elende i kvardagen. Det har, som de forstår, gått veldig framover med barnet, og det er òg mykje hygge med henne. Den siste kvelden vår på St. Olavs fekk vi lov til å gå ein trilletur i området, og vi synte Lindis mange av dei store spektakla i nedre del av Trondheim, så som Nidarosdomen. Men ho sov seg gjennom alt. Forleden dag vart det derimot ein tur frå leilegheita vår på Risvollan bort til butikken på Risvollansenteret, der vi skulle kjøpe lakris. På vegen er det ei flate der ein ser beint opp til Vassfjellets topp i vakre Melhus. Då ho for fyrste gong fekk sjå det fagre fjellet mot himmelranda, då kvikna ho til og smilte mykjeseiande.