søndag 11. juli 2021

Kvalrosspizza

Ein liten epistel frå vår årvisse hoppsatur til Finnmark med "gutta boys". I år må vi vera sparsame med informasjonen, fordi vi kanskje skal skrive ei lengre avhandling om saka i ei avis, og difor ikkje kan bruke opp alt sensasjonsstoffet. Men vi kan seia såpass at det var ein hyggeleg tur, som neppe ville ha passa for alle. Mange har stussa på at vi la ut på denne ferda såpass kort tid etter bryllaupet vårt, men vi kan garantere at det måtte bli slik av praktiske årsaker, og at alt skjedde med vår kones relative velsigning. Vi skal sjølvsagt på ein honningmåne med ho litt seinare. Eit anna kritisk spørsmål som stendig melder seg i samband med reisene våre til Finnmark, er kvifor vi ikkje heller fer til andre vakre område i Noregs langstrekte land. Til og med folk som bur i Finnmark, lurer litt på dette. Svaret gjev seg sjølv: Finnmark er det einaste området på det norske fastlandet der vi blir godtekne for dei vi er, der ein ikkje er omgjeven av hordar av menneske med dømmande blikk, og der temperaturane generelt er levelege (sjølv om det var i varmaste laget no i år, alle andre stader enn på Slettnes fyr).

Denne gongen flaug vi, som for to år sidan, til Kirkenes. Der bunkra vi opp saft og brus i leiebilen, og tok så ein svipptur litt opp i Pasvikdalen for å gløtte inn i Russland. Men det fanst ingen russarar å sjå, og der oppe i skogane var det verkeleg altfor varmt. Så ganske snart bråsnudde vi, og vende nasen mot det som var destinasjonen på turens fyrste dag: Kjøllefjord, kommunesentrum i Lebesby. Vi liker oss betre i ytre Finnmark enn indre, det er liksom steinrøysene ute ved kysten som er det sannaste Finnmark for oss. Dette har nok mykje å gjera med at vi er oppvaksne i ein kommune med stolte kystkultur- og sjøfartstradisjonar, nemleg Melhus. 


Daud kvalross i Ivarsfjord nær Skjånes, Gamvik kommune. Frå venstre Feiten, John Gunnar og Gaustad. Osland meinte at kvalrossen hadde ein noko ubehageleg odør, og vart difor ikkje med på biletet.

Det er eit stykke frå Kirkenes til Kjøllefjord, og det store spørsmålet var om vi kom til å rekkje puben der oppe. Den mest gastronomisk interesserte av turdeltakarane, Erlend Gaustad, hadde på førehand undersøkt nøye kor vidt det overhovudet fanst noka servering i Kjøllefjord. Det synte seg at puben nyleg var opna att etter lang tids kvile, og Gaustad hadde ein lengre korrespondanse med innehavaren Jan Børre for å sikre at vi ville få plass i lokalet denne kvelden. Om Jan Børre nokon gong før hadde opplevd å få ei innringt bordbestilling, skal vera usagt.
 

God stemning på veg til puben i Kjøllefjord. Berre elleve kilometer å gå, omvegane inkludert. Gaustad i front, deretter Sindre, John Gunnar og Feiten. Skiltet i bakgrunnen informerer om fråstanden til Kifjord og Dyfjord.

Det såg lenge ut til at vi tidsmessig låg greitt an, men så hadde underteikna som vanleg valt den mest økonomiske løysinga kva galdt losji: Hytta vår for natta, forresten litt for lita for fem vaksne, låg i ein sameleir eit godt stykke utom Kjøllefjord sentrum. Etter ein kort pow-wow kring kjøkenbordet var ingen i reisefylgjet særleg villige, eller kapable, til å køyre den siste stubben. Så då måtte vi gå, og så rota vi oss sjølvsagt bort nedi ei myr og noko kratt. Men då vi langt om lenge kom over åsen og fekk sjå Kjøllefjorden bada i kveldssol med den mektige Finnkirka ytst, då visste vi at vi var berga. Jan Børre stod klar med ein doggfrisk akevitt til oss alle, og utsøkt pizza serverte han òg; vi tinga to store Kalak og éin stor Bekkarfjord. På uteserveringa sat dessutan ein annan kjenning: Trond Olsen, vår gamle bridgementor, innfødd kjøllefjordværing som budde i Trondheim ein gong i tida. Vi spela til og med eit par rundar bridge i laupet av kvelden, men nivået vårt var så elendig at Olsen ikkje gidda å halde på særleg lenge, forståeleg nok.


Frå biljardklubben i Kjøllefjord. Trond Olsen ventar tolmodig medan Erlend Gaustad forgjevast prøver å sikte på kvitkula.

Ikkje di mindre serverte Olsen oss frukost neste morgon, i biljardklubben han er øvste leiar for. På bordet stod heimelaga fiskekaker og heimerøykt laks, berre for å nemne noko. Han rakk å gruse oss i biljard òg, før vi måtte suse vidare. Vi hadde nemleg mykje på programmet. Men dette kan vi diverre ikkje skrive utførleg om, både fordi vi då vil drepe den moglege avisreportasjen, og fordi diverse folk vi kjenner i Finnmark, vil drepe oss om dei får vita at vi passerte dei utan å helse på. Akk, vi skulle så gjerne hatt meir tid! Men vi oppnådde nesten alle måla våre for turen, som mellom anna var å koma oss til Kifjord, Dyfjord, Skjånes og framfor alt Nervei, Njereveadji, den sjøsamiske bygda som inntil nyleg ikkje har hatt farbart vegsamband. Direkte god er ikkje vegen no heller, og 17 kilometer på grov grus og stein tek saktens si tid. Vi hadde nok ikkje teke sjansen om det var vår eigen knapt tretten år gamle Ford Focus vi risikerte livet til, men no var det heldigvis berre ein nymotens blankpolert hybrid som stod på spel. 

Vel, nok er nok, vi har allereie røpt for mykje. På oppmoding frå den litterært interesserte turdeltakar Sindre Osland, vil vi denne gongen avslutte med litt lyrikk. Petter Dass, "Kiøllefiords beskrifvelse":
Fem fede drenge,
de pines på hullete veie
på Finnmarkens jord.
En samehytte til leie
med kun fire senge
er all deres eie
i Kiøllefiord.

Men dog er der vakkert!
De skuer fra Tana
et fata morgana –
en øl og en akkert
på Jan Børres bord.