fredag 11. mars 2022

Ingen andre på maltesisk storfilm

Det har vore nok ein seig og trasig koronavinter, der smittefare ved bruk av tastatur til og med har hindra oss frå å gjera det vi elskar, nemleg å oppdatere bloggen. Altså har vi neppe vore åleine om å sjå fram til lysare tider. 

Men er det ikkje det eine, så er det det andre: Våren kom no som vanleg, han, men så måtte det sjølvsagt bli krig. Det einaste positive som kan seiast om krigen, er at han på mirakuløst vis ser ut til å ha gjort slutt på heile koronaen, nærast over natta. Men alle som i to år har kost seg med å jamre om korona, jamrar no i staden om atomkrig og jod, så jamring blir det lell.  

Ikkje di mindre trudde vi at mange ville søkje ut av sine klamme stover no i vårløysinga, og omfamne det vesle som finst att av levande kulturliv i Trøndelag. Sjølve inviterte vi iallfall med kona på ein "date" her forleden dag (vi er ikkje sikre på det norske ordet, men det må helst vera "dato"), der vi skulle eta ein betre middag  til og med fleirkulturell, av typen indisk  og gå på kino. 

Det var ikkje vanskeleg å velja film: Mellom alskens norsk ræl og amerikansk møl, dukka tittelen Luzzu – fiskaren frå Valletta opp. Maltesisk film skal ein ikkje kimse av, som kjend, så vi sprang frå restaurantbordet i god tid for å vera sikre på å få billettar. Deretter såg vi oss om i vrimlearealet etter kjentfolk. Vi tok det for gjeve at vi dei fleste vi kjenner hadde tenkt seg på Luzzu  fiskaren frå Valletta denne vakre onsdagskvelden. Men det var berre framande å sjå, så vi rekna med at alle vener og kjende allereie hadde gått inn i salen.

Fiskaren Jesmark i sin tradisjonelle luzzu. Men alt er ikkje så idyllisk som det ser ut til. Moderne fiskeripolitikk gjer livet vanskeleg for Jesmark, som må ut i grumsete farvatn for å kunne forsyrgje den sjuke sonen sin. 

Då vi sjølve kom til salen, trudde vi fyrst at vi måtte ha gått feil. For endå det no berre var ein halvtime att til start, fanst det ikkje ei levande sjel å sjå på eit einaste sete. Vi kontakta til og med ekspeditrisa for å høyre om vi hadde hamna rett, men jodå, det hadde vi. "Det er berre de to som har kjøpt billett," sa ho, og av denne vitsen lo vi høgt og hjarteleg: "Ja, det skal du ha oss til å tru!" No vel, tenkte vi, folk har sikkert vore på ymse soarear og vernissasjar tidlegare på kvelden, dei kjem vel ramlande i siste augneblink. 

Men nei, ingen kom. Gjennom heile den nydelege filmen, eit moderne arbeidarklassedrama spekka med tradisjonelle båtar og eksotiske fiskar, hadde vi og kona salen for oss sjølve. Korleis kan dette vera mogleg, at berre vi i heile Trondheim ynskte å sjå Luzzu  fiskaren frå Valletta denne vakre onsdagskvelden? Om sant skal seiast, er vi framleis i sjokk. Vi kan difor ikkje skrive meir no, og sannsynlegvis ikkje på lenge.