torsdag 19. januar 2017

Steinknuseriet

I julegåve av vår kjære sambuar fekk vi ein helgetur til Røros. Ho har nok forstått at vi, i det pissvåte trondheimske vinterhelvetet, stundom drøymer oss attende til dei stabile 10, 20, 30 kuldegradane i Porsanger, det evige klårvêret som blir pryda av nokre perlemorsskyer i blåtimen, og nordlys og stjerner etter at mørkret attervender. Så ho ynskte å glede oss ved å skipe til denne utflukta til det som vitterleg er eit av Noregs kaldaste stelle, eit stort offer frå ei som misliker kulde nesten like sterkt som vi misliker varme. Mytji lys avskyr vi forresten òg. Vi gjekk på snøggtrænet på Skansen stasjon laurdag morgon, og sanneleg møtte vi kjentfolk. Hans Arne Forseth frå kvisslaget Levon Helm sat der og skulle til Haltdalen og vitje slektningar. Så då hadde vi jo rikeleg med godt selskap på den vakre turen gjennom eit stendig meir vinterleg landskap.

Vel framme på Røros, sørsamisk Plassje, vandra vi litt ikring og tok nærare i augnesyn denne pittoreske og ikkje minst historiske småbyen, som vi eigentleg aldri har granska i detalj tidlegare. Det er ein underleg stad, det er det ingen tvil om. Innbyggjarane i den gamle delen av byen lever jo i ei halvt uverkeleg verd, ein slags filmkuliss, fanga mellom gamal og ny tid. På den andre sida er byen, interessant nok, kjent for eit glimrande narkotikamiljø. Vi gjekk på ein kombinasjon av galleri og kafé, Tomasgaarden, og drakk ein lokalprodusert bayer, medan ein eller annan minst like lokal trubadur spela nokre svisker i kategorien "cowboy i solnedgang". Det var nesten for idyllisk. Heldigvis slo han plutseleg fullstendig om, til aggressive og absurde hits signert Røros' store viselegende Per Bergersen, som 29 år gamal skal ha fått hjelp av ein kamerat til sjølvmord per skytevåpen. Eitt av albuma hans er faktisk innspela på akkurat den gallerikafeen der vi sat denne januarettermiddagen, og høyrde framførd mellom andre klassikaren "Svidd cornflakes", som det høver godt å sitere litt ifrå: "Ungen til nabo'n ligger på veien / og hyler på mora si, men hu ækk'e der, / og selv om hu var der, så blei det ikke bedre, / for mora til ungen til nabo'n er dau!"


Konsert med glimrande trubadur på Røros. Stolpen gjer han utydeleg, men det er like greitt, for det var primært i røysta han hadde sin forse.

Dette til djup ettertanke, då det fort kan bli for mykje fjellhytteurnorsk skismøringsnarsissisme på ein stad som Røros. Elles kunne vi skrive mangt og mykje om alt vi såg og opplevde i Bergstaden, historiske detaljar frå det glimrande gruvemuseet, og så vidare. Men Røros ligg jo ikkje serleg langt unna noko som helst, så det er i grunnen berre å dra dit. Fer de no snart, er det òg ein sjanse for at de vil vera heldigare med vêret enn vi var. Temperaturen kraup nemleg berre så vidt under 10 kuldegradar under opphaldet vårt, så det seier seg sjølv at vi sveitta som ein gris. Men utover dette var det ein flott og minnerik tur.

fredag 13. januar 2017

Bilbeistet

Liten anekdote. Her om dagen vart vi kalla opp i Soknedalen for å spela bridge med Berkåks Stein Bjerkset, ein aftan i den såkalla Gauldalsserien. Vi skulle vikariere for Størens Reidar Bårseth, som òg var den som førespurde oss, og som brukte store ord om kor fantastisk artig vi ville få det der oppe i Soknedalen denne onsdagskvelden i januar. Jau då, vi kunne fått det artig, viss vi berre hadde gjort som vanleg, og sete på med Trondheims Asgeir Langen oppover. Men av praktiske årsaker hadde vi ikkje tid, vi måtte bruke vår eigen elendige bil til eit anna føremål rett i forkant, og deretter suse ned og plukke opp Langen, og så fyke vidare i retning Soknedal, alt i eit forrykande tempo.  

For det fyrste heldt vi på å drepe både oss sjølve og Langen, då ein eller annan labyrintisk kvervelvegspiral nær Siemens-bygget nesten narra oss til å kaste oss ut i feil køyreretning på sjølve E6. Dinest råka vi på ein ofseleg snøstorm litt sørom Støren, og køyrde i praksis i blinde. Men ikkje noko av dette var eigentleg så ille, for om vi kom litt for seint til offisielt starttidspunkt, så stod soknedalingane og singsåsbyggen, budalingane og høkerane uansett framleis på trappa og togg på pipene sine. Nei, det verste var fylgjande: «Skal du ha ein øl?» spurde Bjerkset, så å seia idet vi gjekk inn døra til restauranthuset og spelelokalet Soknatun. Vi hadde hatt ein stressande dag, og lite freista meir enn nettopp ein roleg øl, servert av den grasiøse tyrkaren i baren. Men vi kunne ikkje drikke, for vi hadde jo bilen med! 


Stein Bjerkset i Soknedals solvegg med ein kopp øl. 

Bjerkset, einbeint og nesten blind og med hyppige psykotiske anfall, han køyrer sjølvsagt ikkje anna enn snøscooter. Han er ein lykkeleg og harmonisk jævel, gjer alltid nøyaktig som han vil. Det gjorde vi òg – inntil for eit halvår sidan. Men så skulle vi altså på daud og liv ta lappen, og var endåtil nøgde med å greie det! Snakkar om idioti! For kva skjer? Jo, plutseleg ein aftan sit ein der, klaskar kort og hoiar og skrik, i Soknedal av alle dalar. Men kva drikk ein? Sodavatn! Ikkje anna enn sodavatn! Bjerkset, den gamle piraten, han kvelvar i seg den eine sprudlande ølen etter den andre, men vi, vi! Nei då. Ingenting, absolutt ingenting. Sorrig og avholdenhed, som det heiter i diktet. Det er verkeleg så gale at det ikkje er godt for noko. Men berre vent, og sann våre ord: Ein vakker dag skal vi miste lappen, og då skal alt bli bra igjen.  

torsdag 5. januar 2017

Tadsjikistans vakre Maja

Ei av dei betre venninnene våre er litteraturvitarska Maja Kovskij. Ho vil vera kjent for nokre av dykk, fordi ho dei seinaste fem åra har skrive spalta «Kort fortald» i magasinet Norsk Bridge. Denne føljetongen har dreidd seg om kortspel i litteraturen, og omtalt så forskjellige verk som Stagnelius’ dikt «Grymt verklighetens hårda band mig trycka» og David Foster Wallaces roman The Broom of the System, Tennessee Willams’ drama A Streetcar Named Desire og Jostein Gaarders barnebok Kabalmysteriet berre for å nemne nokre. Men no er det slutt: Underteikna har sagt opp jobben som redaktør, Bridgeforbundets medlemsblad blir med dette lagt på is, og Maja mister den faste inntekta ho alltid har hatt for å skrive til bladet, ein tjuepakning Lucky Strike per nummer. Men før vi gjev henne ein sist klask på baken, vil vi gjerne slå av ein liten prat med dette fabelaktige kvinnfolket. 

Vi vart kjende med Maja då vi i ungdomsåra var på studietur til Minsk. Ho hadde ride dit heilt frå Pamirfjella i Tadsjikistan i lag med faren og brørne sine, for å selja hesteskinnshuver på marknadsplassen. Vi visste lite om tadsjikisk kultur den gongen, men kom i prat med henne om den kjende kirgisiske diktaren Tsjingiz Ajtmatovs kortroman Den flekka hunden som spring langs havets rand, og fann verkeleg tonen. Då vi nemnde at vi kom frå Noreg, fekk vi tilbod av Majas far om å kjøpe henne som brur, i byte mot ei stiftemaskin vi hadde med oss. Maja sjølv protesterte ikkje, då ho nørde ei sterk interesse for den norske poeten Emil Boyson, og ynskte å studere han i eit naturleg miljø. Ekteskapet verka difor som ei minneleg ordning, men diverre skulle det syne seg å bli turbulent. Vi var trass alt berre fjorten år gamle, ho tolv, og etter fåe månader vart vi skilde. Ho gjekk vidare med ein doktorgrad i litteraturvitskap ved Folkemusikkakademiet i Rauland, men vi heldt kontakten og vart verande gode vener.

– Og Maja, fortel lesarane våre litt om deg sjølv.
– Fyrst av alt: Kva lesarar? Etter kva eg forstår, har denne bloggen eit forsvinnande lite publikum. Så dette intervjuet er nokså poenglaust, spesielt sidan eg er ein fullstendig ordinær person. Eg vart fødd på hesteryggen, og vaks opp som yngste dotter i ein syskenflokk på elleve, i landsbyen Basid i Bartangdalen i den dåverande Sovjet-republikken Tadsjikistan. Vi var fattige bønder, så universitetsutdanninga mi fekk eg i ei hytte bygd av hestemøkk. Men for det meste måtte eg arbeide. Eg var hjuring for jakoksane, og hadde òg ansvaret for å dressere ørner og falkar til jakt. På fritida gjekk det mykje i den lokale hestesporten buzkashi, og eg likte òg å klatre i dei lokale fjella, men har ikkje vore på over 7000 meter meir enn fire, fem gonger. Elles gjorde eg det tidleg ganske skarpt innan kortspelet durak. Eg vann fleire lokale og regionale tevlingar, og kvalifiserte meg til finalen i Sovjet-meisterskapen for juniorar fire år på rad, med sylv som beste resultat.

– Fiffig, fiffig. Du har vel òg gjort det godt innan bridge?
– Vel. Då eg nokså tilfeldig vart selt til Noreg som brur, skuffa det meg djupt å sjå kor marginalt durakmiljøet er her i landet. Det var difor eg måtte byrja med denne bridgen, som alltid har fortona seg som heller banal for meg. Men eg har hatt stor glede av å møte nokre av dei ypparste karakterane i bridgemiljøet, det skal eg vedgå. Typar som Roy Kristiansen, Øystein Lerfald og John Arthur Paulsen har alle sjarmert meg i senk, og vice versa. Eg har spela tallause tevlingar med slike som desse, med skandaløst gode resultat, men diverre vart framferda vår ved bordet vurdert til å vera endå meir skandaløs, mykje på grunn av alkohol, slagsmål og diverse røyking. Vi vart difor strokne frå alle resultatlister, meisterpoenga mine vart selde til svenskane, og per i dag har eg ikkje eingong eit norsk spelarnummer. I påvente av at ein tilstrekkjeleg interessant makker igjen skal dukke opp, har eg lagt heile bridgen på is. Det er ikkje ein saknad. 


Maja Kovskij har alltid hatt utsjånaden med seg, og visst å bruke han for det han er verd.

– Akkurat, akkurat. Men Maja, vi må nesten spørja om det som alle lurer på: Gulltennene dine, kva er historia attom dei?
– For eit spørsmål! I Tadsjikistan er det svært dårleg stil å spørja ei dame om gulltennene hennar. Men eg kan seia såpass, at når ein veks opp på jakmjølk og jakmjølkbrennevin, så får ein svært gode tenner. Det er altså ikkje slik at eg har stelt dårleg med tennene mine, og forlora dei på det viset. Viss du absolutt må vita det, så ber eg gulltennene som eit minne, eit minne frå den tida då eg leita etter gull i Amazonas. På ein flodsvinrestaurant i Manaus kom eg i prat med den britiske oberstløytnanten Percy Fawcett, som var der i selskap med den bortskjemte sonen sin. Vi la i veg inn i jungelen i lag, og fann uhyrlege mengder gull. Diverre vart det økonomiske utbytet magert, då nokre barbariske innfødde, som forresten kom ridande på ein diger anakonda, brutalt stal ifrå oss nesten alt. Berre nokre småe klumpar greidde vi å gøyme unna, og desse hamna vi sjølvsagt i eit blodig slagsmål om. Det einaste eg vil seia om utfallet, er at eg miste nokre tenner, men heldigvis fekk sikra meg gullet. Dette limte eg seinare inn i kjeften, så eg for alltid skal vita kor eg har det, og for alltid hugse denne artige og spennande tida i livet mitt. Kva far og son Fawcett gjeld, så er dei openbert ein smule langsinte, for eg har aldri sidan høyrd frå dei.

– Jaså, jaså. Vi må innrømme at vi trudde de tadsjikar var muslimar. Men livsførselen din verkar påfallande uallahleg. 
Ta ikkje den, din skinnheilage seminarist. Sjølvsagt finst det ingen gud anna enn Allah, og Muhammed er profeten hans. Men kva så? I den store samanhengen har eg ikkje gjort mykje gale, og mellom meg og det muslimske etablissementet er alt i sin skjønnaste orden, for å seia det mildt. Eg kjenner dei karane der som mine eigne gulltenner. Ta gamle Khomeini, til dømes: Kor ofte sat ikkje eg og han i mørke kneiper i Qom og togg khat og diskuterte Omar Khayyam? Han likte meg godt, svært godt, om du skjønar kva eg meiner. Mahmoud Ahmadinejad har eg forresten framleis mykje kontakt med, lystigare type skal du leite lenge etter. Ein annan kjær ven av meg er sjølve stornissen mulla Muhammed Omar. Eg kjempa i ei kort tid for Sovjetunionen i Afghanistan, så venskapen vår hadde ikkje det beste utgangspunktet, men eg fekk då tvinna han kringom veslefingeren etter kvart. Vi song mykje karaoke i lag i Mazar-i-Sharif. Det er ikkje eit vondt fiber i den kroppen der, det kan eg garantere. Diverre har det vorte mindre med kontakten oss imellom i det siste, men eg møter han gjerne igjen over ei kanne opiumte.

– Riktig, riktig. Du er i sanning eit mangfaldig kvinnemenneske. Men det er altså litteraturen som har vore yrkesvegen din?
– Ja, yrkesvegen og den store lidenskapen. Den fyrste boka eg las, sumaren då eg var fem og for fyrste gongen gjette heile jakflokken åleine, var Nikolaj Gogols Daude sjeler. Eg vart så interessert at eg reid eins ærend til Moskva for å freista finne denne Gogol og ta ein drink med han. Det gjekk ikkje, han synte seg å ha gått i kloster, men eg drakk ein kjele jakbrennevin på grava hans som ein tributt. Tilfeldigvis kom Mikhail Bulgakov gåande, han skulle setja ned ein tistel framfor gravsteinen, og eg og han fekk god kontakt. Dimed vart eg dregen inn i det brokete litterære miljøet i Russland, og eg fekk mange vener i desse krinsane. Den fyrste ektemannen min var faktisk Velimir Khlebnikov, ein mann som kunne gå berrføtt ut i gata i januar, rett og slett fordi han gløymde å ta på seg skor. Men ekteskapet gjekk i oppløysing, som alle dei andre ekteskapa mine. Livsførselen min vart faktisk vurdert av Stalin til å vera såpass daddelverdig at eg måtte avtene nokre år i ein arbeidsleir nær Tiksi oppe i Sakha. I grunnen likte eg meg godt der, ikkje minst fordi eg innleia ein romanse med Ivan Denisovitsj, men tilhøvet mitt til Stalin vart jo berre endå meir problematisk som fylgje av dette. Difor skreiv eg eit kjærleiksdikt til han og sende det til Moskva, og då smelta han sånn halvvegs, og gav meg fridommen min attende. Vi møttest i nokre duraktevlingar etter den tid, men det var meir sporadisk. No vel, dette vart ein digresjon; du spurde meg om litteraturen … For å gjera ei lang historie kort: Eg har alltid likt ord betre enn menneske. Orda masar og gnålar ikkje på det same viset, og som vener er dei langt meir pålitelege. Utover dette trur eg dei fleste vil karakterisere meg som ei relativt sympatisk kjerring.    

– Skjønar, skjønar. Det verkar vel å merkje ikkje som du avgrensar deg til russisk litteratur. Openbert er du godt kjent med alskens internasjonale klassikararar, men meir overraskande for mange vil det vera at du kan så mykje om norsk litteratur.
– Det er eigentleg ganske tilfeldig. Bortsett frå tida i Afghanistan, avtente eg det meste av verneplikta mi som grensejeger på Kola, og vi i kompaniet sneik oss ofte over til Kirkenes for å gå på fylla. Den såkalla Hamna pub hadde biljardbord, og vi brukte å loppe både nordmenn og samar for store pengar i den sporten. Det hende jamvel at det vart eit duraklag etter stengjetid, og med det elendige nivået i Noreg vann eg mangt eit laken i den greina òg. Lyrikaren og sjamanen Ailo Gaup frå Kautokeino sat ofte i eit hjørne og tok ein øl og ein Sambucca, og såleis hadde det seg at eg lærde den samiske litteraturen å kjenne lenge før den norske. Men ein gong var Kjartan Fløgstad tilfeldigvis innom med nokre svirebrør frå Nordens klippe, og desse introduserte meg for andre norske forfattarar. Favoritten min vart tidleg Emil Boyson, som eg forresten hadde ein kort, men heit affære med. Men eg er òg veik for Olav Nygard, Tarjei Vesaas, Kjell Heggelund og Tor Ulven, berre for å nemne nokre. De nordmenn er i all hovudsak forvente hundar, men merkeleg nok har de hatt mange fine forfattarar imellom dykk.

– Interessant, interessant. Er det slik å forstå at du har slått deg ned i Noreg på permanent basis no?
– Ha! Du må vera galen. Dette suppelandet er verkeleg ikkje noko for meg. Altfor mykje tomt snakk. Nei, eg driv berre og legg meg opp skilling. Stillinga mi som professor i allmenn litteraturvitskap gjev riktig nok ikkje store avkastinga, men i tillegg spelar eg på hest og har diverse strøjobbar, som til dømes den spalta dykkar i Norsk Bridge. At ho no er nedlagt, tek eg riktig nok ikkje serleg tungt. Planen min er å dra attende til Tadsjikistan svært snart, med lommene fulle av spenn. Så kan eg kjøpe min eigen jakflokk, og endeleg leva det livet eg liker best. I helgene skal eg spela durak, drikke jakmjølkbrennevin og skrive på memoara mine.

– Nettopp, nettopp. Det blir eit tap for Noreg å miste deg, men ein siger for Tadsjikistan å få ditt skarpe hovud attende. Heilt slutt til slutt: Har du eit godt råd å gje til ungdommen?
– Nei. Eller jo, ved nærare ettertanke har vi eit tadsjikisk ordtak som seier det meste: "Sola kan ikkje løynast av eit skjørt."