fredag 2. november 2018

I celebert selskap

I helga var vi på Austlandet for å spela i den såkalla eliteserien, 1. divisjon, i bridge. Køyreturen nedover i lag med Helgemo, Bjerkset og Forfot var svært hyggeleg, og det same galdt returen. Ikkje minst var det artig å stå over nokre halvkampar, ein luksus ein må kunne unne seg på eit femmannslag. Meir av slikt andre spelehelg! Bridgen var, som vanleg på dette laget, mildt sagt rufsete. Det forsvann vel om lag ein million poeng på alvorlege hjerneblødingar og polymorfe psykosar. Men mange andre var heldigvis like veike, så vi ligg berre litt under middels ved halvspela tevling. Ein utførlegare rapport kva gjeld det bridgetekniske, kan lesast i magasinet Bridge i Norge ein gong før jul.

Det vi må få nemne, i ei tid då det diverre blir meir og meir akseptert å skryte av seg sjølv, er den gjæve prisen vi vart mottakarar av no i helga. De har sannsynlegvis aldri høyrd om han. La oss samstundes påpeike at vi faktisk har vunne ein pris ein gong tidlegare, den endå meir obskure Eidsfjord Sjøfarm-prisen, for beste anekdote i bulletinen under lagfinalen på Sortland 2011. Men no i helga, altså: Ranik Halles pris. Han blir delt ut av organisasjonen Norsk Bridgepresse for bridgeskribleri og dilikt, ikkje naudsynlegvis kvart år, men når det passar seg slik. Vi har skrive mange slags artiklar om bridge opp gjennom åra, og det var nok dei som skaffa oss prisen, svært hyggeleg. Men hyggelegast er det jo å få føye seg inn i den gloriøse rekkja av bridgejournalistar som har fått prisen tidlegare, med namn som Boye Brogeland, Leif Erik Stabell, Knut Palmstrøm, Geir Olav Tislevoll, Jon Sveindal og Peter Bendik Marstrander.


Plakett vi skal få sambuaren vår til å hengje opp, då vi ikkje kan å bruke hamar og/eller spikar.

Det artigaste ved det heile er likevel personen Ranik Halle (19051987) , som har gjeve namn til prisen. Vi har eigentleg berre kjent han gjennom den vidgjetne konvensjonen "Halles 2 kløver", men no måtte vi nesten lesa oss litt opp på han, og det var ein svir. Visste du at han var russar? Han vart fødd Andronik Saradscheff i Baku i dagens Aserbajdsjan. Faren vart drepen i ein eksplosjon, då han var mellom verdas fyrste oljebrannsløkkjarar. Konsulen Halfdan Halle, ven av avlidne, gifte seg med enkja og adopterte guten, som såleis hamna i Noreg. Som vaksen vart han pressemann, ein svoren antikommunist og ein framståande figur i partiet Høgre. Då han langt om lenge kasta inn handkledet der i garden, var det etter konflikt med partileiar Kåre Willoch.


Ranik Halle, eigentleg Andronik Saradscheff. Han likte ikkje kvefs. 

Men alt det der kan få liggje, då Halle heldigvis hadde nokre briljante eigenskapar òg. Då tenkjer vi ikkje fyrst og fremst på det faktum at han vann ein haug med bridgetevlingar og skreiv fleire bridgebøker, men snarare på fylgjande kuriosa, som vi saksar frå Norsk biografisk leksikon: "Men helsetilstanden var ikke den beste. I alle år hadde han arbeidet til langt ut i de små timer, ved det hjemlige skrivebord eller rundt bridgebordene. Nikotinforbruket var formidabelt, og skadet lungene alvorlig. Han måtte gi opp sigarettene, men takket være smugrøyking ble han kjent med sin hage. Frisk luft var han ikke tilhenger av. Han var også livredd for veps, som han kalte "verdens farligste rovdyr" i en artikkel som VG slo opp på førstesiden. Han likte heller ikke mosjon. Da han fikk en sykkel i gave, trillet han den ned til kontoret, men der ble den stående i en årrekke; hjem var det for mange bakker. Han døde av kreft i 1987." Så de forstår vel kvifor vi er stolte av å ha vunne Ranik Halle-prisen!