søndag 30. mai 2021

Svært hyggeleg denne veka

I mangel på fiksare idear køyrer vi ei overskrift i stilen til Kjell Olav Gisnås, vår briljante forgjengar som bridgespaltist i Gauldalen. Men dei som no ventar seg eit sedvanleg bridgeessay, vil bli skuffa. Poenget er at vi fekk ein telefon for nokre månader sidan, ein vanleg dag på jobb, der nokon som kalla seg Bokhandlerforeningen kunne fortelja at dei ville gje oss ikkje mindre enn to hundre laken. Kva skal ein seia til slikt? Vi ramla av stolen, sjølv om vi stod. 

Nesten like fantastisk var det at desse pengane skulle kronast med eit fysisk arrangement. Tenk det, eit fysisk arrangement! I denne antisosiale, menneskefiendtlege, helsefanatiske tida. Og dette skulle gå føre seg på Lillehammer, av alle stader, ein by vi faktisk ikkje misliker. Vi brukte jo i mange år å vera der på bridgefestival, kvar einaste sumar, og sjølv om vi sjeldan gjekk bortanfor spelehallen der vi spela og spelehotellet der vi dansa og drakk og speidarhuset der vi overnatta gratis, fekk vi eit godt inntrykk av byen. Det som var ekstra bra den gongen var sjølvsagt at vi pla få gratis bilskyss så å seia til døra, medan vi no i år måtte ta toget og skrive ei komplisert reiserekning. Men i praksis viste det seg at vi hadde sansen for dette med å ta toget, noko de kan lesa meir om i eit eige essay her (riktig peikar kjem seinare, når essayet er skrive og publisert). 

Jamvel Soknedal er vakkert sett frå toget.

Vel framme fann vi fort parken der stipendseremonien skulle gå føre seg, og dit kom òg vår kjære redaktør Geir Nummedal frå Oslo. Hans rolle i vår smule suksess som skribent kan ikkje undervurderast: Å gje ut bøker er alt anna enn eit soloprosjekt, og hjelpa vi har fått frå denne underlege forleggjaren og forfattaren, har rett og slett vore enorm. I Søndre park skulle vi bokbadast, eller i alle fall stikke tærne uti, i lag med medprisvinnarane Ingrid Nielsen og Ida Fjeldbraaten. Gratulerer òg til desse. 

Etterpå føreslo Nummedal eit anna arrangement: "Den poetiske hoppuka". Sjølv om vi ikkje kan noko som helst om sport generelt, og endå mindre om hopp, har vi ikkje angra ein sekund på at vi gjekk dit. Her var eit glitrande samtalepanel samansett av vår gamle kjenning frå universitetet filolog og skiflygar Kristin Fridtun, forfattarar og tidlegare skiflygar Thorvald Steen samt eksentrisk og urkul forfattar og heimehøyrande i skiflygingshovudstaden Vikersund Thure Erik Lund, desse tre leia av poet, moldensar og mangeårig sjølverklært "sirkushest" Endre Ruset. Særleg Rusets haikudikt om Noriaki Kasai, akkompagnert av subtil jazz ved Stian Omenås frå Valldal, bergtok oss. Det same gjorde forresten jodlar og strupesongar Bjørn Tomren frå Vestnes, som denne gongen bidrog med to hoppviser, den siste ein vakker ballade om sjølvaste Matti Nykänen. Vi lærte meir enn vi har gjort på lang tid, og vi lærer vanlegvis ikkje fort. 

Samtale om hopp. På scena, frå venstre: Kristin Fridtun, Thorvald Steen (foten), Endre Ruset, Bjørn Tomren og Thure Erik Lund. I framgrunnen ukjend kvinne og Geir Nummedal (låret). 

Den herlege Ruset var berre ein av mange kjendisar vi rakk konversere på denne altfor korte dagen på Lillehammer. Det bør òg nemnast at vi observerte endå fleire kjendisar, mellom andre den infamøse Høgre-politikar og felespelar Olemic Thomessen, i tillegg til moskus på Dovre. 

Innan nattoget skulle ta oss nordover att kl. 01.21, var vi så søkklasta av inntrykk og kjensler at vi knapt fekk opna døra til sovekupeen. Det einaste negative som elles kan seiast om heimreisa, er at toget frå Lillehammer ikkje stoggar på Melhus. Altså måtte vi vera med til Heimdal, for så å ta buss attende til Melhus for å koma oss på jobb. Alt slepande på to blomebukettar, eit diplom og ein svartsekk full av stipend.