tirsdag 22. november 2016

ኢንተርናትኦናል ዳይ

Vi blir stendig skulda for å vera ein arbeidslaus nisse, og i åtte dagar i slutten av august var vi faktisk det. Men så fekk vi eit vikariat som det no syner seg at vi skal ha fram til sumaren, på vaksenopplæringa i heimbygda vår Melhus, eller Mællus som ho heiter i daglegtala. Det er same bransje som vi arbeidde i på slutten av opphaldet vårt i Lakselv, og vi må innrømme at vi verkeleg liker oss i dette hjørnet av utdanningssektoren. Jo meir vi møter nordmenn, di betre liker vi utlendingar, og i vaksenopplæringa er det utelukkande utlendingar vi underviser. Det kjennest meiningsfullt å få hjelpe våre nye landsmenn til å bli litt betre integrert i det norske samfunnet, som riktig nok ofte fortonar seg som uforståeleg jamvel for oss. Eit anna aspekt bør òg nemnast, som best kan illustrerast med ein liten anekdote, frå ein aftan då vi hadde ete bacalao og skulle få kaffi heime hjå Trond Bårdsen i Tromsø. Då kom denne temmeleg frittalande fyren, som mange nok held for å vera grov og rabulistisk, trekkjande med nokre vakre antikke kaffikoppar med blomar påmåla, som han introduserte med fylgjande ord: "Mi gamle grandtante Oluffa ville nok vorte veldig glad om ho såg at vi faktisk bruker desse koppane som eg ervde etter henne. Slike variantar skal ein òg ta med seg." Likeins var den gamle far vår ekstremt glad i utlendingar, forstod seg mindre og mindre på nordmenn, og drøymde vel eigentleg alltid om å dra langt fanden i vald, bort frå dette suppelandet, til Mauritania, Indre Mongolia, Papua Ny-Guinea eller kva det no var alt i hop. Med andre ord ville han likt at vi arbeidde med utlendingar. Sjølvsagt er dette fullstendig irrelevant, i ein viss forstand, men samstundes er det liten variant ein gjerne kan ta med seg.

Så var det avgjort at skulen no på laurdag skulle arrangere ein såkalla internasjonal dag, der folk i bygda skulle få koma og sjå  kven elevane er. Det vil seia, elevane skulle sjølve gjennomføre dagen, vi lærarar berre koordinere og leggje til rette. Elevane skulle delast inn i grupper etter land, og så få ansvar for å fylle kvart sitt rom med innhald relatert til dette landet. På førehand var det eit møte der lærarane fekk melde ifrå om kva landgruppe dei ynskte å arbeide med. Dei litt smarte ropte kjapt ut "Sudan!", eit land som som er moderat representert ved skulen. Vi mumla eit spedt "Eritrea?" utan å tenkje på at dette er den største grupperinga av dei alle. Eritrea var det einaste landet som skulle ha heile to rom, ikkje eitt. Ut gjennom veka var dei ikkje berre lette å halde styr på, dei viljesterke fjellgeitene frå Raudehavskysten. Men når det er sagt, har vi alltid hatt ein fascinasjon for landet deira. I all blygleik hugsar vi ein episode i baren Familien for ein del år sidan. Vi var der med nokre unge blondiner av det gneldrete slaget, og søkte oss difor raskt bort frå dei i retning bardisken, der det stod ein einsleg mørkhuda mann. "Kvar kjem du ifrå?" spurde vi. "Giss éin gong," svara han. Vi brukte no litt tid på å studere han, studere hudfargen og den generelle kroppsbygninga, strukturen på kraniet, spesielt fråstanden mellom augo, og nasen i forhold til panna, før vi med olympisk sjølvtryggleik fastslo: "Eritrea." Det var riktig! Men sant å seia var det ikkje så vanskeleg, for eritrearane ser unekteleg litt annleis ut enn andre afrikasørforsaharanarar. Vi har sansen for dei, og dei eritreiske romma til den internasjonale dagen vart då òg greie til slutt. Riktig nok forstår vi ikkje at girlander og ballongar, som var det det vart aller mest av, skal vera spesielt typisk for Eritrea. Men kven er eigentleg vi til å uttala oss om eritreisk kultur.



Eritreas heroiske krig for fridom frå overmakta Etiopia varte frå 1961 til 1991, og rundt ein tridjedel av soldatane var kvinnfolk. Bilete frå ei iscenesetjing under den internasjonale dagen på Melhus.

Overskrifta på denne teksten er, som de sikkert har forstått innan no, "Internasjonal dag" på det eritreiske skriftspråket tigrinja. Men vi veit ikkje eingong om dette vart rett. Uansett, den internasjonale dagen vart svært vellykka. Ein heil haug av folk frå bygda kom innom, og alle såg ut til å hygge seg. Elevane hadde sjølve laga mat frå sine respektive heimland, og delikatessane var mange. Eritrearane hadde på seg eritreiske klede, og serverte kaffi på tradisjonelt eritreisk vis, som inneber eit heilt rituale, der ein både skal brenne bønnene og merkeleg nok òg poppe popkorn. Det var eit Herrens mirakel at ikkje brannalarmen gjekk. Etter kvart vart det endåtil dans, og utpå ettermiddagen då tida var ute, verka det eigentleg ikkje som at nokon ville gå heim. Vi vonar og trur at elevane, gjennom møtet med bygdefolket, vart litt betre integrerte i det norske samfunnet. Det som i alle fall er sikkert, er at vi oppnådde målet vårt om å bli betre integrerte i det eritreiske samfunnet.

torsdag 17. november 2016

Ingen väckelse, ingen oro, intet andligt bekymmer

Igjen har de skuffa oss, men igjen er det vi som ler sist, for det er verst for dykk sjølve. Onsdag aftan heldt vi eit føredrag i Prestegardslåna på Melhus, med tittelen ""Ens ropandes röst i öknen"" – Lars Levi Læstadius og læstadianismen", og berre fåe av dykk som les dette, kan med handa på hjarta seia at de var der og høyrde på oss. At føredraget var spesielt bra skal vi på ingen måte påstå; til å operere som lærarar har vi neppe meir enn eit absolutt minimum av pedagogiske evner. Men det er ikkje poenget, poenget er snarare fylgjande: Med den slette karakteren dykkar, og den daddelverdige livsførselen, kunne de hatt godt av å høyre litt om Læstadius og hans førebiletlege liv og vyrke. 

Grunnen til at vi heldt dette føredraget, var at religionslærarinna vår frå vidaregåande, den gamle venninna vår Kristine "Kikki" Kaasa Moe, inviterte oss til å koma og predike over eit valfritt emne, totalt "con amore". Det er over eit halvår sidan vi fekk tilbodet. Då budde vi enno i Lakselv, og vi tenkte at temaet burde ha noko med boreale, for ikkje å seia frigide tilhøve å gjera. Sidan vi lenge har hatt ei interesse for Nordkalottens kulturhistorie, og for Læstadius spesielt, var valet enkelt. Vi fekk jo òg fyrstehands røynsle med læstadianarar, då vi gjorde den historiske prestasjonen å bli valt inn i kyrkjelydsrådet i Porsanger sokn, jamvel om vi ikkje eigentleg er religiøse. Men læstadianarane er no eigentleg ikkje så mykje verre enn andre fanatikarar, og fanatikarar finn ein jo på nær sagt alle omkverve i samfunnet, det vera seg innan idrett og kosthald, mote og utsjånad, pengar og glamur, politikk og makt ... Det som er sikkert, er at Læstadius var ein intelligent og kul fyr, og at alt det som epigonane hans har føreteke seg, må stå for deira eiga rekning. 




Kåre Kivijärvis kjende fotografi "Læstadianere", forresten teke i Indre Billefjord.  

Meir vil vi ikkje seia om innhaldet i føredraget, for de som var så plebeiske at de ikkje møtte opp, fortener ikkje å få det servert gratis no i ettertid. Men det kan kjøpast for ein rimeleg penge ved å sende oss ein e-post. Vi vil avslutte med å takke Kikki for oppdraget, og ikkje minst takke dei fåe andre som sat i salen: Ein assistent på bruket, sambuaren vår, to gode kollegaer på den daglege arbeidsplassen vår, ein utflytt porsangerværing med fylgje, eit mellomaldrande ektepar som kom med diverse kritikk, og ein eldre herremann som stilte eit godt spørsmål. Dykk andre helsar vi til avskil med Læstadii skildring av kyrkjelyden i Karesuando, då han byrja som sokneprest der i 1826 – med den vesentlege merknaden at sokneborna i dette tilfellet må jamstillast med dykk lesarar: "Församlingen var genom krögare och fyllhundar, rentjuvar och bedragare så djupt sjunken över öronen i fördärvet, så att fingerspetsarna knappt syntes." 

mandag 14. november 2016

Den dag du gav oss

Av våre lysaste ungdomsminne er datoen 2. februar i eit eller anna fjernt, forlora år, då Erlend Gaustad ringde og spurde kvifor vi enno ikkje hadde gratulert han med dagen. "Kvifor skal vi det," undra vi, "hadde du ikkje fødselsdag i januar?" "Jo," sa han, "men det er jo for faen verdas våtmarksdag! Dette må vi markere. Møt meg i Ravnkloa om sju minutt." Det er vel ikkje naudsynt å nemne at Gaustad ikkje har den ringaste interesse for, eller eit fnugg av kunnskap om, våtmarker. Men det vart eit party av dimensjonar. Viktigare, likevel: Det fekk oss til å forstå at kvar dag er heilag gåve, og verd å markere på eit eller anna vis. I Finnmark var vi så heldige å få to nye dagar å feire, samefolket sin den 6. februar og kvenfolket sin den 16. mars. På samefolkets dag no i år stakk nokre av dei villaste av dei afghanske elevane våre av frå klasserommet, fordi Samisk språk- og kultursenter, som låg i same bygget som skulen, serverte gratis vaflar. Vi måtte springe inn dit og formeleg hale dei ut av armane på dei kjærlege samiske tantene, som openbert hadde lagt sin elsk på desse unge eksotiske silkerampane. På kvenfolkets dag ein dryg månad seinare, var vi i sjølvaste kvenhovudstaden Børselv og snakka med biskopen i Nord-Hålogaland, og lydde til ein persisk muslim som las ein bibeltekst på kvensk. Men nok nostalgi. Eit viktigare høgdepunkt for oss som er i lag med ein arkivar, er naturlegvis arkivdagen, som kvart år blir arrangert på ein laurdag i november.

Difor fekk vi no på laurdag entre Vildes arbeidsplass, Trondheim byarkiv på Arkivsenteret i det gamle ubåtanlegget Dora. Namnet har det veldige byggverket fått fordi Trondheim som kjent heiter Drontheim på tysk, og Dora er bokstaven d i det tyske fonetiske alfabetet. Takk til Vilde for opplysninga. Riktig nok hadde annonseringa av dagen vore slett, og oppmøtet vart deretter, men di meir merksemd fekk vi sjølve av omvisarane, og di meir lærde vi. Temaet for dagen var "skule", noko som høvde oss godt, sidan vi sjølve opererer som ein slags lærar. I dei gamle protokollane vart fråveret til elevane kategorisert ut frå fylgjande årsaker: "Sygdom", "Fattigdom", "Uvejr" eller "Ligegyldighet". Men jamvel om årsaka var "Ligegyldighed", kunne ikkje elevane få meir enn eit visst antal "rapp", over fingrane eller baken eller kva det no var. Dei kunne heller ikkje tuktast i ein slik grad at dei fekk "varige men", diverre.


Utstilling av gamle undervisningsplansjar frå Rye, Åsheim og Ranheim skular.

Før har vi berre vore i bowling- og snookerdelen av det historiske bygget Dora. No fekk vi endeleg òg dykke ned i dei meir mystiske indre gemakkane, der dokument frå mange hundre år attende ligg trygt deponerte, i lag med ferskare løyndommar som enno er meir eller mindre klausulerte. Men Achtung! Her finst òg torpedoar etterlatne av tyskarane, og er det sant som vandrehistoria seier, så ligg det flust av jødar inne i dei ugjennomtrengjelege veggene ...

Dagen vidare skulle Vilde feire med venninner, så vi feira han med vener. Den 17. juni no i år hadde vi forresten gleda av å feire Islands nasjonaldag i Lakselv, heime hjå islendingen Atli Konràðsson. Han er realfagslærar, har kone, fem born, og ein gard på Saarela nede ved Lakselva, der han driv med islandshestar. Mange andre av Lakselvs islendingar var òg til stades, og Atli serverte fermentert håkjerring og årgangskvalspekk. Av desse to islandske spesialitetane var den fermenterte håkjerringa  kanskje overraskande for nokre  faktisk den minst motbydelege. Med sin distinkte smak av ammoniakk eller rett og slett urin, hadde håkjerringa sin styrke i det at ho i det minste var mogleg å tygge, i motsetnad til kvalspekket. Det skal seiast at håkjerringa er giftig idet ho kjem på land, nettopp fordi ho manglar urinrøyr og difor har ein valdsam ammoniakkonsentrasjon i kroppen. Men gje henne litt tid så ho berre får rotna, så blir ho mogleg å eta utan at ein døyr av det. Uansett, til poenget: Som ein takk for denne gjestfridommen, inviterte vi Atli til å koma ned frå Lakselv og feire arkivdagen i lag med oss. I tillegg kom tri andre eksemplar av menneskearten som for lengst skulle vore arkiverte, nemleg John Gunnar Kristiansen, Vidar Haavik og Jon Eiesland. Vi spela femøyres kurs og drakk øl av rustikke seidlar.


I høve til gamal skikk på landet, skal ein sitja ved kjøkenbordet jamvel om stova står tom.

Kva høver betre enn å avslutte med nokre vers frå boka vi nyleg fekk i bursdagsgåve av Vilde. Ved grensa, heiter ho, og er ei samanstilling av dikt av vår ungdomshelt Tor Jonsson og måleri av den eminente biletkunstnaren Anders Kjær.

          Dagen vev på sitt gråe tjeld.
          Gråe dagar skal glitre.
          Men tvilen reiser sitt tunge fjell,
          og alle augo blir bitre.

          Tvilen fylgjer til siste dag.
          Mange dagar er svarte.
          Men trua er som eit andedrag
          frå jorda inn i ditt hjarte. 

onsdag 2. november 2016

Katastrofe, skandale

Lesarar med godt minne vil hugse kor frustrerande seriemeisterskapen i bridge vart for oss i førre sesong. Vi hadde endeleg kome oss ut av 1. divisjon og fått innpass på eit lag i 3. divisjon, slik at vi kunne sleppe alt presset, og samstundes få spela på vakre Sunndalsøra heller enn på det grufulle Austlandet. Men så kom vi i skade for å vinne pulja vår i 3. divisjon, og då er det jo rett attende til 2. divisjon, og rett attende til Austlandet. I staden for ein flott køyretur gjennom djupe dalar mellom høge fjell, måtte vi altså køyre langs den tarvelege Trondheimsfjorden ut mot Værnes. På vegen byrja makkeren vår Stein Bjerkset som vanleg å gnåle om system, noko som resulterte i ein spontan narkoleptisk reaksjon hjå oss. Deretter måtte vi sitja på eit fly mellom tette skyer og lesa på det same uforståeleg systemet, og Bjerkset, som sat på sæterada framfor oss, bøygde seg i eininga bakover for å sjekke at vi framleis var vakne. Men no hadde vi kjøpt slike briller som Homer Simpson tek på når han skal utføre juryteneste, med pålimte vidopne augo, som gjer at ein verkar vaken sjølv om ein både siklar og snorkar.

Helga vidare vil vi eigentleg ikkje snakke om, for innsatsen var under all kritikk, ikkje minst frå vår side. Det er brei semje internt i laget om at 2. divisjon får vera ille nok: No skal vi syrgje for å halde oss i denne divisjonen, eller aller helst rykkje ned att i 3. Det er berre å sjå på nokre av dei spelarane som ligg lægst i 1. divisjon i år: Ikkje ein smil å sjå i fjesa deira, langt mindre ein lått å høyre ifrå dei gjennom heile helga. Vi forstår dei godt: Sitja i 1. divisjon og tapa kampar, når ein kan sitja i 2. eller 3. og vinne og vinne  kva er eigentleg poenget? Så er det altså samstundes denne balansegangen, ikkje å vinne for mykje heller, for då veit ein jo kva som kan skje: Ein kan koma i skade for å rykkje opp! Men det må då vel gå an for fem vaksne, velutdanna menneske å unngå ein så ublid lagnad?

Det skulle ein tru, men ikkje di mindre toppar vi resultatlista i pulja vår etter den fyrste av dei to spelehelgene. No er sjølvsagt ikkje dette einstydande med at ein faktisk kjem til å vinne, men det er i det minste ein teoretisk risiko for at det kan skje, og det er meir enn ille nok. Her må mange ta eit oppgjer med seg sjølve, og vurdere om dei har spela som dei skulle etter strategien vi planla på førehand. Det er faktisk freistande å seia at nokre må gå. Både vi, Stein Bjerkset, Asgeir Langen og Ivar Berg har eit ansvar, men eit spesielt ansvar kviler sjølvsagt på lagkaptein Reidar Bårseth. Kanskje bør han revurdere om han verkeleg er rett mann for stillinga han innehar?