onsdag 21. desember 2016

Goro på låret

Kvart år på denne tida byrjar vi tenkje på intervjuserien "Fem på jordet" i teikneserieuniverset Sleivdal IL, der ein eller annan bygdetulling blir spurd kva det viktigaste ved jula er for han: "Det viktigaste ved jula er gleda ved å gje," svarar han. "Eg gjev stort sett blaffen." Dette har vi sikkert skrive mange gonger før, men noko så smart kan vanskeleg seiast for ofte.

George Costanza er forresten òg inne på noko vesentleg. Han liker dårleg at ein kollega han sjølv har gjeve baseballbillettar i julegåve til, attende gjev ein donasjon på George sine vegner til noko slags veldedigheit for born. Jerry Seinfeld deler ikkje oppfatninga av at dette er skandaløst, noko som sjølvsagt provoserer George ytterlegare, i ein slik grad at han rasande utbryt: "Where's your Christmas spirit? An eye for an eye!" 

Men vi har då bakt sju sortar til jul, akkurat som Äldreomsorgen i Övre Kågedalen føreskriv: Mareritt, jødebrød, Dr. Ottawas spritkransar, prestegardsnøtter, straßburgarar, salte pinnar og sotkjeks. Vi har pynta eit digert juletre med dei gyselegaste eigenproduserte nissehovud. Vi har kledd oss opp i dress og slips for å drikke juleøl og akevitt og vitje Bobbys bar og Kafé Larssen, kort sagt te oss som den halvfeite fjøsnissen vi utvilsamt er. Ja, på jobben har vi endåtil iførd oss ein drusteleg nissehabitt, og skremt unge innvandrarar med uforståelege nissespørsmål. Ei dryg veke tidlegare ikledde vi oss forresten Lucia-habitt òg, og song som ein stukken ribbegris. Så ingen skal påstå at vi ikkje tek dette med jula på rammaste alvor.

Mellom alle vakre julesongar har vi éin som er oss særleg kjær, som vi føler talar spesielt sterkt til akkurat oss. Det er Hans Rotmos formfullenda "Jul berre ein gong fer året", frå den legendariske plata Vårres jul. Songen er ei varm skildring av ein romjulsjuletrefest hjå han Ole på kåret, så det seier seg sjølv at det sentrale rimordet er nemnde "året". Frysningar får vi fyrst i det femte verset, den absolutte favoritten vår, som går som fylgjer: "Første servere'n sodd, og øl attåt, det e det, / og så ska'n søng "O, jul med din glede", / og så e det kaffe med goro på låret. / Det e jul berre ein gong fer året." Nettopp! Så enkelt, men akk så vakkert, kan det altså seiast. I desse orda anar vi sjølve essensen av julehøgtida, slik vi alltid har opplevd henne: Sitja i eit selskap så overfylt og kaotisk at ein manglar bord, og difor måtte balansere ei goro – den tørraste av alle tørre julekaker – på låret på dressbroka, som såleis blir tilsmussa av smular. Det er dette jula eigentleg dreier seg om, sjølve kjernen av den glade julebodskapen, og det er så rørande djupt og sant.   

søndag 4. desember 2016

Det store spelet

Vi skulle eigentleg vore bonde. Vi måtte vel å merkje ha byrja tidleg i ungdomsåra våre. Det var då det forferdelege skjedde: Gamalonkelen vår Erik døydde, og ingen i slekta melde interesse for å overta garden hans, som òg var heimgarden til Magne, farfaren vår. For han var det at garden skulle forsvinne ut av slekta ein nærast utenkjeleg tanke. Han vende seg difor til einberningssonen sin Helge, far vår, for å freista overtala han til å nytte forkjøpsretten sin og bli bonde. Men far vår var ingen utprega bondetype, tvert imot. Han var riktig nok glad i Tarjei Vesaas, og sa han følte seg som Per Bufast, odelsguten i Det store spelet. "Du skal bli på Bufast all din dag," seier far til Per, men Per vil ikkje overta slektsgarden, vil ikkje "lære å elske jord". Inspirerte av dette las vi sjølve den gamle romanen, og ganske snart var det vi som følte oss som Per Bufast: Då far vår nekta å bli bonde, gjekk farfaren vår nemleg til oss. Ikkje veit vi kvar vi, som nettopp hadde byrja på ungdomsskulen, skulle fått pengane til kjøpet ifrå, og endå mindre korleis vi skulle greidd å drive ein gard, når vi knapt nok kunne å knyte skolissene våre. Men det er jo fascinerande å tenkje på kor annleis livet vårt kunne vorte, om vi hadde valt den leida der. Akkurat no kunne vi ride fordrukne rundt på ei geit i dei bratte åsane kring Skjetne-garden, og skoda utover vårt eige eldorado av jord og skog. I staden sit vi her ved ein datamaskin, som ein vanleg idiot. Garden vart selt, og det til ein kakse av siste sort, som ikkje drygde lenge med å brenne ned den ærverdige låna, og i staden byggje opp eit latterleg utsjåande palass i verste Røkke-stil. Sic gloria transit mundi.


Magne Skjetne med to firbeinte vener. Utsynet over dalen gjer det openbert at vi her er i nærleiken av heimgarden hans på Melhus' vakraste vestkant. 

Grunnen til at vi igjen byrja tenkje på denne gamle historia, er at farfaren vår døydde for ei dryg vekes tid sidan. Vi var der då det skjedde, såg han sovne stille inn. No på fredag la vi han i jorda, jamsides farmora vår utom den gamle steinkyrkja på Melhus. Salmane var trauste og velkjende, berarane var berre menn, kista var enkel, og gravsteinen er enkel han òg. Ikkje noko av alt det moderne fiksfakseriet. Under gudstenesta heldt vi ei minnetale, som i grunnen handla om akkurat det same: Farfaren vår var ein mann av den gamle skulen, og det var nettopp difor vi likte han så utruleg godt. Han var ein heidersmann, ein utdøyande rase i ei tid der alle skal mjøle si eiga kake, gjera mest mogleg ut av seg sjølve, rope høgare enn alle andre. Eg trur ikkje nokon kan påstå at dei har noko uoppgjort med Magne Skjetne. Han heldt seg på den smale stigen, gjorde det han skulle og klaga aldri. Det viktige for han var dei tradisjonelle verdiane, det var slekta, venene og heimbygda. Han utviste måtehald på eigne vegner, og samstundes stor gjestfridom og stor omtanke for andre. Med han døyr òg ein verdifull del av den segnomsuste bygda Melhus, som han lærde oss å bli glad i. Dei sjeldsynte kunnskapane hans om lokalhistoria, om menneske, gardar, stadnamn og dialektord er gått tapt. Det er eit stort tap for mange, ikkje minst for oss. Men det vi rakk å lære av han, skal vi ta med oss vidare i livet, og vonarleg ein dag få lære bort til vårt eige avkjøme. Til slutt eit dikt som kan høve godt i denne stunda, klassikaren "Snø og granskog" av Tarjei Vesaas.

          Tale om heimsleg 
          Snø og granskog 
          er heimsleg.

          Frå første stund
          er det vårt.
          Før nokon har fortalt det,
          at det er snø og granskog,
          har det plass i oss 
          og sidan er det der,
          heile, heile tida.

          Meterdjup fonn
          kring mørke tre
          – det er for oss!
          Innblanda i vår eigen ande.
          Heile, heile tida,
          om ingen ser det,
          har vi snø og granskog med.

          Ja, lia med snøen,
          og tre ved tre
          så langt ein ser,
          kvar vi er,
          vender vi mot det.

          Har i oss ein lovnad
          om å koma heim.
          Koma heim,
          gå borti der,
          bøyge greiner,
          – og kjenne så det fer i ein
          kva det er å vera der ein høyrer til.

          Heile, heile tida,
          til det er sløkt
          i våre innlandshjarte.