tirsdag 30. august 2016

Høgtid og lågmål

Vi er berre ein skarve skårunge, ein benjamin på kvisslaget Levon Helm. Difor skal vi vera uhyre forsiktige med å uttala oss om noko som helst. Vi innser at kunnskapsnivået vårt held botnnivå samanlikna med nivået på dei andre på laget, og det er berre rett og rimeleg at vi sit på ein trestol medan dei får sitja på skinnstolar. Vi er heldig som får lov til å sitja i det heile, eigentleg burde vi stått.

Den førre måndagen, og i går, var det ekstra høgtid under kvissen, som går på Antikvariatet på Bakklandet i Trondheim. Det har seg slik at lagets eigentlege kaptein, Geir Olav Tislevoll, er heime i Trondheim ein svipptur. Etter som han vanlegvis residerer bokstaveleg talt på andre sida av jordkloten, i Auckland på New Zealand, er ikkje dette kvardagskost. Det sterke engasjementet hans set ein ekstra spiss på ein kviss som alltid er blodig alvorleg, og nervepirrande inntil det angstbitarske.

Førre måndag, den fyrste i sesongen, kom lag Levon Helm på fyrsteplass. Det var ikkje vår forteneste, og vi vil rette ein stor takk til laget for at vi likevel fekk ta del i triumfen, og til og med i premien, som var tri øl på deling. Men i går vart resultatet ein audmjukande åttandeplass. Etter ein slik fadese må ein spørja seg kva som gjekk gale.

Ikkje at det skal vera noka orsaking, men to tragiske hendingar innanfor skisporten fekk utvilsamt tragiske fylgjer for gårsdagens kviss. Så sønderknust vart visekaptein Håkon Lyng av dei bråe og uventa daudsfalla til langrennslauparane Berit Mørdre og Harald Grønningen, at han ikkje kunne møte opp i går: Han ynskte forståeleg nok å vera åleine med sorga. Dimed var vi sjanselause på den fyrste oppgåva, som dreidde seg om det geografiske opphavet til tri forskjellige designarsmykke. Det var òg ei musikkoppgåve som dreidde seg om eit album av artisten Björk, der Lyng i motsetnad til oss andre ville greidd å svare rett. Men at det vart skrive "Australia" på spørsmål om kva verdsdel Victoria-ørkenen ligg i, syner at konsentrasjonen i laget generelt var for dårleg i går: Verdsdelen heiter då vitterleg Oseania. Teorien vår er at utidig kviling på laurbær, i kombinasjon med dårleg væskebalanse som fylgje av for lågt ølinntak, var dei utløysande årsakene til katastrofen. Men vi granskar framleis ulykka frå alle moglege vinklar, og vil ikkje konkludere enno.

Det nytter vel å merkje ikkje å gråte over spilt mjølk, og det viktige for laget blir no å sjå framover, og ha fullt fokus på arbeidsoppgåvene. Samstundes er det klinkande klårt at nokon må ta ansvar for det som har skjedd. Tislevoll sa med ein gong at det måtte han som kaptein gjera, og var i ferd med å klatre ut vindauga for å hoppe ned i Nidelva. Men vi meinte at dette vart feil, at det tvert imot er han med den lægste ansienniteten som må ta støyten i ei skandaløs sak som denne. Difor er det no vi som ligg på botnen av elva. I det minste ligg vi i eit vakkert område, nær songens Gamle bybru, og vi helsar til Håkon Lyng frå Berit Mørdre og Harald Grønningen, som vi nettopp møte under perleporten. Takk for alt, og farvel.

torsdag 25. august 2016

Ver helsa

La oss byrja muntert, med ei artig gåte vi las no nyleg: Kva er skilnaden mellom ein daud fugl?

Den gamle vevstaden vår, Kjellaren, har kollapsa. Mange av dykk nok har vore urolege for oss, men vi kan forsikre at rykta om dauden vår er delvis overdrivne: Ved eit Herrens mirakel sat vi ikkje i Kjellaren då katastrofen skjedde, vi sat for ein gongs skuld i overetasjen. Riktig nok var heile livshistoria vår arkivert i Kjellaren, så ho er for alltid tapt no. Men då grunnen opna seg under oss, klamra vi oss fast til ei sky på himmelen, og sjølve organismen vår slapp ifrå det med livet. Til å byrja med var vi i sjokk og sorg, men så vart vi gripne av ein heilag vreide, så vi børsta støvet av skuldrene og sa som Charlie Chaplin: "When I return, I shall come back!" Dei siste vekene har vi gått på ein hardkur av stryknin og brandy, nervetonic og terpentin. Det er med stor glede vi kan annonsere at vi no er fullt ut rehabiliterte, og at vi har bygd ein ny vevstad midt i ruinane av den gamle.

Riktig nok forstår vi at denne nye sida aldri kan bli like bra. Det vi likte med Kjellaren, var at han var så mørk, og det harmonerte godt at skrifta var mikroskopisk. Vi koste oss då gamlingane fortalde at dei måtte sitja med lupe og lesa tekstane våre. For å leggje stein til børa deira, passa vi på å gjera kvart einskilde avsnitt uendeleg langt, i uendeleg lange innlegg.

Minuset var at det tok oss uendeleg lang tid å skrive desse uendeleg lange innlegga. Dessutan byrja heile konseptet Kjellaren å få eit tvilsamt rykte, etter det infamøse medieutspelet til Josef Fritzl: "Eg forsøkte å gjera livet i kjellaren så komfortabelt som mogleg." Vi har difor avgjort at den nye vevstaden vår skal ha eit lett og ledig uttrykk, meir i pakt med tida vi lever i. Vi skal ikkje lenger skrive kolossar av nøye gjennomtenkt tekst ein svært sjeldan gong, men heller prøve oss med korte, impulsive og idiotiske oppdateringar nokså ofte. Det meste vil vera i kategorien generell informasjon, men litt humor kan det òg bli. Kanskje kan vi jamvel publisere eit bilete i ny og ne, men dette tviler vi i grunnen sterkt på.

Svaret på gåta i innleiinga: Den eine foten er like lang.