søndag 2. oktober 2016

Gratulerer

Vår kjære sambuar Vilde fylde år på fredag. Dette måtte sjølvsagt feirast i tri dagar til ende. Ho er i sanning eit "støkke", og vi har vore heldige. Men meir panegyriske kan vi diverre ikkje bli, for var det noko vi ikkje kunne fordra den gongen vi levde i einsemd, så var det sleiske menn som i full offentlegheit driv og briskar seg med sine respektive kvinnemenneske. Til kvar og ein av våre tallause single vener, vil vi tvert imot seia nokre oppmuntrande ord: Det finst ei kvinne for deg òg, om ikkje i Noreg så i Ukraina eller Thailand.

På fredag, etter arbeidsdagen, gav vi henne gåva hennar, nemleg ein koffert med eit puslespel inni. Båe delar var noko ho hadde ynskt seg. Puslespelet anar vi ikkje kva ho skal gjera med, men kofferten skal ho sannsynlegvis frakte oss i. Han er sertifisert for bruk som handbagasje, så ho treng ikkje sende han ifrå seg, så det er ingen fare for at vi hamnar på ville vegar. Den romantiske bursdagsmiddagen åt vi på ein indisk restaurant borte i Ravnkloa. Han har vore der så lenge vi kan hugse, men vi kan ikkje hugse å ha vore der nokon gong. Maten var god, han, og det indiske ølet Chakra likeså. Dessutan averterte dei med "harmonisk atmosphere", og det var det verkeleg: For det meste hadde vi heile restauranten og all den indiske ragaen heilt for oss sjølve, og avgudebileta òg, for den del. Etterpå gjekk vi på kino for å sjå ein ny film med nokre av Vildes barndomsheltar, damene i Absolutely Fabulous. Vi visste godt at filmen hadde fått terningkast to av opptil fleire kritikarar, då dei meiner at den aktuelle typen humor er utdatert. Men då vi i vår tid skreiv meisteroppgåve om litteraturkritikk, lærde vi i grunnen berre ein einaste ting, nemleg at kritikarar overhovudet ikkje er til å stole på. Sidan den gongen har vi gått blindt etter vår eigen nase, og han narra oss ikkje no heller: Filmen var glimrande. Vulgær britisk humor går aldri ut på dato, og alle som påstår noko anna er mentalt tilbakeståande.

Dagen etter var eit knippe av Vildes næraste vener inviterte heim til oss i selskap. Vi serverte fårikål, og til dessert ei heimsnekra ostekake og rips. Ripsa plukka vi no i slutten av august, i den såkalla Valdtektsparken oppe ved Stamne bru. Der står alskens bærbuskar og blømer kvart einaste år, og fåe eller ingen forsyner seg av dei. Til etter måltidet hadde vi laga ein kviss. Det var 32 spørsmål med alskens delspørsmål, bilete og musikk. Diverre hadde vi undervurdert gjestane: Opptil fleire av dei greidde temmeleg mange spørsmål, så det er trygt å seia at kvissen var for lett. Men på spørsmåla om veiter i Trondheim og om planetar og månar i solsystemet, var resultata sjokkerande veike. Frå start deltok sju personar, som vi ikkje greidde å dele inn i meir enn tri lag. Mot slutten av fyrste omgang kom tri personar til, som så vart fordelte utover dei andre laga. Det stolte vinnarlaget vart lag True Blondes, med Hanne, Heidi og Even. Dei fekk ein pose Bassett's Allsorts. På den sure andreplassen fylgde lag Svilde, med Vilde, Lena og Gustav. På den solide tridjeplassen kom lag Gangsta Girlz, med Ina, Karina, Sylvelin og Liv. Vi gratulerer alle medaljørane.

På sundag fylgde eit selskap av meir familiær art. Vår eiga mor, og Vildes foreldre og hennar to brør, éin av dei med familie, tok alle turen. Diverse søtsaker vart fortært, pluss naturlegvis ei sursak, nemleg endå meir rips. Ungane laga eit salig spetakkel. Men vi fekk tvunge igjennom at også sundagens kontingent skulle ta kvissen frå laurdagen. Igjen var kvissen for lett, men igjen var kunnskapane om veiter i Trondheim og planetar og månar i solsystemet direkte mangelfulle.

Så alt i alt sit vi igjen med ein flau smak i munnen, men samstundes var helga hyggeleg. Då dei siste gjestane var farne, forstod vi forresten kva Vilde skulle gjera med puslespelet: Ho skulle leggje det. Ho sette seg til nede på golvet framfor vindauga, og var iherdig heilt frå fyrste augneblink. Vi vart òg inviterte ned, og fekk faktisk eit par, tri brikkar til å falle sånn høveleg på plass. Men så fekk vi menisk og prolaps av å sitja på det harde golvet, og dessutan var brikkane uansett altfor identiske for ein med vårt elendige syn. Så det er nok betre om vi heretter sit i sofaen og kjem med generelle råd og vink. Vi estimerer at kringom 900 brikkar enno skal plasserast. "Kva skjer etterpå?" spurde vi Vilde. "Ein legg brikkane attende i boksen," svara ho. Det gav oss noko å tenkje på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar