søndag 25. september 2016

Crazy little party boy

Torsdag kveld vart vi omsider ferdige med eit nytt nummer av magasinet Norsk Bridge, som vi er redaktørar for. Det er ikkje eit veldig vanskeleg arbeid å lage bladet, for vi har nokre års rutine, men likevel tek det si tid. Fyrst og fremst handlar jobben om å mase på folk om å levere innan tidsfristane, noko dei aldri gjer uansett, og så er det å sjekke at alle kort er på riktig plass i alle dei tallause speldiagramma, noko som heller aldri går bra. Så kvar gong vi kjem i hamn med denne gresselege arbeidsprosessen, er vi rett og slett sjeleglade. No er det nærare to månader til vi for alvor må byrja tenkje på neste nummer.

Altså var det naturleg å feire litt no i helga. På fredag hadde vi ståande invitasjon til å vera med på konsert med Mayhem. Vi likte dette legendariske bandet ein gong i tida. Men etter at Per Yngve "Dead" Ohlin så ettertrykkjeleg tok livet av seg, og Øystein "Euronymous" Aarseth var så uheldig å bli knivdrepen, har det i grunnen berre gått nedover med Mayhem. Vi tenkte difor at det var betre å utsetja feiringa vår til dagen etter.

Laurdag formiddag sa vår gamle John Gunnar Kristiansen fylgjande per telefon: "Det blir party i kveld." Men då vi troppa opp heime hjå han i Alfred Larsens gate på Tempe, lo han godt av oss. Han skulle nemleg ikkje ha noko party, han skulle berre ta det roleg og lage pizza i lag med ein felles ven av oss, grønsakshandlaren og rastafarianaren Jan Roger Lyngvær. Gode råd var no dyre for oss som var budde på party, og som til og med hadde teke på strømper utan hol. I praksis vart vi sitjande og nippe til eit par øl, snakke med Kristiansens to kattar og lyde til Jan Johansons "Jazz på svenska", medan Kristiansen og Lyngvær drakk Oskar Syltes ananasbrus og arbeidde vidare med pizzaen sin. Samstundes sende vi ut nokre tekstmeldingar for å finne ut om nokre andre enn oss overhovudet var i partyhumør denne vakre, mørke og regnvåte septemberkvelden.


Jan Roger Lyngvær i sin karakteristiske lilla genser, som eigentleg er ein kjole. Vi er her rundt midnatt, men klokka på veggen stogga for godt for fleire år sidan.

Pizzabakinga hadde byrja i firetida den ettermiddagen. Men med enorme mengder chili, kvitlauk og purrelauk som skulle finhakkast, scampi som skulle marinerast og ein steikomn som skulle nå den rette temperaturen, vart prosessen nesten like tidkrevjande som produksjonen av eit nummer av Norsk Bridge. Då den fyrste pizzaen endeleg var ferdig, var klokka faktisk over midnatt. Men det skal seiast at arbeidet var langt frå bortkasta, for det vart i sanning ein heilt grei pizza, var slett ingen usmak på han. Vi rakk å smake to småe stykke før vi måtte springe, for å rekkje den siste bussen frå Tempe ned til diskostroket i Trondheim sentrum.

Vi rakk han likevel ikkje, og måtte gå. Dimed kom vi åtte minutt for seint til ei avtale vi hadde greidd å gjera, med den einaste som responderte positivt på tekstmeldinga vår. Det var Åsmund Forfot, som oppheldt seg i baren "Bror" i lag med arbeidskollegaer. Dei var eigentleg ute og gjorde feltarbeid, for bransjen deira er rusomsorg, og då gjeld det å vita korleis dette med rusmisbruk eigentleg føregår. Forfot er dedikert; til dømes nyttar han konsekvent fagtermen "rusepisode" om all former for festleg samver. Sjølv om dei ikkje gjorde stort for å hjelpe oss med rusproblema vi sjølve har – som til dømes det at så fåe vil partye i lag med oss  treivst vi i grunnen greitt i selskap med desse heksedoktorane. Vi rakk å drikke ein heil øl og ein tridjedels cider, sistnemnde på Forfots rekning, før baren stengde og hjernekrymparane skulle på nachspiel. Dette skulle vi eigentleg ikkje vera med på, men så viste det seg å skulle føregå i sjølvaste Tyrkrisveita, som vi alltid har hatt lyst til å utforske nærare. Så vi var der i ein dryg halvtime. Deretter gjekk vi heim, og resten kan Cornelis Vreeswijk få skildre: "Sen spöar han sin fru / med dunder och med brak, / och somnar som ett svin / och vaknar som ett vrak."

For å oppsummere, vil vi påstå at dette var ein svært vellykka kveld. Vi gjorde lite av skandaløs karakter, og brukte ekstremt lite pengar. Med andre ord vil vi greie å gløyme heile kvelden ganske fort, og då skal ein vera godt nøgd. Vi vonar òg at de har hatt glede av å lesa om denne flotte kvelden, og at historia om han kan vera til glede og inspirasjon i dykkar eigne tilvære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar