torsdag 6. oktober 2016

Fyrste krinskamp

På tysdag byrja spelinga i krinsserien her i den såkalla Midt-Trøndelag bridgekrins. Denne bloggen skal jo slett ikkje handle om bridge, det blir for snevert, men saka kan likevel nemnast som eit generelt gladnyhende. Krinsserien nede i Brattørveita brukte nemleg å vera favorittevlinga vår, og det er ho kanskje framleis, det gjenstår å sjå. Vi har ikkje vore med på tri sesongar no, men vi har fylgt resultata med argusaugo, og registrert at det har gått kraftig attende med vårt gamle og kjære lag Lunna. Spelarane på laget, som vi trudde var venene våre, har dolka oss grundig i ryggen: Dei har berre vunne serien to av dei tri siste sesongane. Med andre ord var det på høg tid at vi vende nasen heimover, for å få reist den stygt falne kjerringa opp på høgkant.

Men fyrst eit aber: Oppe i lukka rom i Bridgehuset registrerte vi ei rekkje oppslag på veggene: "Hold lydnivået nede!" "Skru av musikken før dere åpner vinduene!" "Vis hensyn, vi har fått klager fra naboene!" Vi måtte spørja oss kva som eigentleg var skjedd med tankesporten bridge her nede i Trondheim i fråveret vårt. At Rogeir Paulsen og Liv Marit Grude kan vera i overkant høglytte under spelinga er ingenting nytt, det var dei saktens òg denne tysdagskvelden i oktober, men klager frå grannane ...! Men så fekk vi forklåringa, som både forbløffa og forferda oss: Andre etasje i Bridgehuset blir i eininga leigd ut til Trondheim tangoklubb! Ein skal høyre mykje. Etter vår meining er bridge ein kunst, dans noko syndig svineri, så dette blir som å joike, jodle eller plystre i Kautokeino kyrkje. Men kva verre er: Dei svevnlause grannane kjenner jo bygget berre som Bridgehuset, så dei må tru at all støya kjem frå bridgespelarane. Vi reagerer sterkt på at den noble sporten vår, med sitt hittil plettfrie rykte, på dette viset får omdømmet tilsmussa. Her bør krinsstyret snarast gå inn og gjera noko drastisk, for ikkje å seia overilt.

No vel. I fyrste runde skulle vi spela med sjølvaste lagkapteinen Karl Morten Lunna, som har styrt laget med jarnhand i uminnelege tider. "Du spelar på tysdag," var meldinga vi på førehand fekk ifrå han. Etter at Sverre Johan Aal måtte trekkje seg på grunn av barnrikdom, vil vi hevde at det er vi, Lunna og Åsmund Forfot som utgjer kjernen i laget. Men lagkameratar for kvelden var Tor Eivind Grude og Lars Arthur Johansen. Korleis to slike jyplingar har fått innpass på eit botnsolid lag av så formidabel patina, forstår ikkje vi. Men sjølv om meldingane deira var dumdristige og motspelet deira unøyaktig, må vi seia at juniorane for det meste trakterte korta sine greitt. Gje dei ein ti, tolv år på baken, så kan dei bli talentfulle. Motstandarar for aftanen var det renommerte lag Skagestad, som har namnet sitt etter den gamle økonomilæraren vår på vidaregåande. Det er klart at vi skolv i buksene i møtet med denne legenda, for økonomi har aldri vore det sterkaste faget vårt. Inflasjon, stagflasjon, styringsrenter, styringsrenters renter, ågerrenter, renters ågerrenter, ågerrenters ågerrenter, debet, kreditt, saldo, bilag, den slags har aldri vore noko for oss. Heile formuen vår har vi i venstre bukselomme, også når buksa er på vask, og så får vi sjå kor mange øl og lakrisstenger vi tilfeldigvis har råd til. Men når kulepennen til den godaste reknemeister Skagestad synte seg å vera totalt defekt, slik at han ikkje kunne nyttast til å føre liste, kven måtte då trø til? Jo då, då var det kulepennen vår som kom den feterte økonomen til unnsetjing.

Høgst overraskande var det altså vi som fekk eit tidleg psykologisk overtak i kampen. Men så skjedde det, det som aldri skulle skje, noko vi fryktar vil forfylgje oss gjennom heile denne sesongen og gjennom mange sesongar etter han. Denne bloggen skal som sagt ikkje handle om bridge, men de vil ikkje la akkurat denne historia gå ifrå dykk. Så la oss å forklåre på ein pedagogisk måte, så de som ikkje spelar bridge òg kan hengje med: Vi sit altså med ein kval av ei hand, 19 honnørpoeng, 4414 med singel ruter ess, Karl Morten Lunna opnar 1 kløver og Svein Skagestad melder inn 1 spar. Handa vår blir ikkje akkurat forringa av at vi held ess, dame, knekt i spar attom sparinnmeldaren. Vi doblar negativt, Bjørn Strand passar, og makker melder 2 kløver. Vi har no ei ideell hand for Blackwood, etter som alt vi manglar for ein lett storeslem er hjarter ess, kløver ess og kanskje kløver dame hjå makker. Men i desse futuristiske tider er jo alle hopp til 4 grand over fargemeldingar å rekne for kvantitative. Så vi melder 2 spar for å høyre kva makker kan lire av seg. Der kjem 3 kløver. Vi føler framleis ikkje at vi trygt kan hoppe til 4 grand, så vi lyfter til 4 kløver for å setja trumfen fyrst. Men så ... Hald dykk fast: Så går det pass rundt! Kva i all verda! Ti ropeteikn! Hundre spørjeteikn! For eit sjokk! Lunna trudde altså at 4 kløver her skulle vera ein invitt til utgang, når vi allereie har meldt 2 spar! Er det mogleg? Tydelegvis, men vi vil hardnakka hevde at å spela 4 kløver i denne posisjonen som invitasjon berre til utgang, må vera det glade vanvit. Er de ikkje samde? Vi hadde verkeleg trudd at meldeteknikken her nede i Trondheim var komen litt lenger i laupet av dei tri åra vi var borte, men så syner det seg altså at standarden er høgare på vertshuset i den avdøles finnegrenda Lakselv. Der vart alle slemmar melde, om så i stummande mørker. Men her står det altså ein enkel 1440 i 7 kløver, og vi noterer 190 i 4 kløver. 24 IMP ut av glaset, då vi var på veg mot storeslem, medan Øystein Fiplingdal og Ole Jonny Tøsse på det andre bordet berre melde vesleslem. Men rett skal vera feil, og som det heiter i ein gamal song: "It takes two to tango". Så la oss òg ta litt sjølvkritikk: Kloke av tidlegare skadar burde vi visst at alle desse falske meldingane er djevelens verk, og ganske enkelt hoppa til 7 kløver over 2 kløver. Sjansen for at makker har alle dei manglande nøkkelkorta, er jo relativt stor.


Karl Morten Lunna i Bridgehuset. Ikkje eingong det å stogge i delkontrakt når storeslem er nedlegg, kan få han til å slutte å glise.

Då vi langt om lenge var ferdige med andre halvrunde, fanst ikkje Grude og Johansen å sjå. Men vi visste kvar vi skulle leite: Som venta fann vi dei i ei støvete krå i den lugubre bula 3B, ei adresse der det i gamle dagar pla vera vekkjelsesmøte. Mellom ølglas og oskebekar fekk vi så vidt til å samanlikne. Det synte seg at vi hadde vunne kampen med tala 8044, som svarar til 16,293,71 i vinnarpoeng. Men det er bittert å tenkje på kor mykje meir det kunne vore, om berre storeslemmen hadde vorte meldt. Då hadde vi nok vunne tevlinga, men no fekk lag Lund fleire vinnarpoeng enn oss, så alt ser ut til å vera tapt. Berre ni av ti tysdagskveldar står att før serien er ferdigspela.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar