tirsdag 11. oktober 2016

Tullbøy

Overskrifta er ein vesttrøndsk eufemisme for ein periode der ein har mist forstanden, altså eit forbigåande delirium eller liknande. Fordi den kjære sambuaren vår var bortreist i helga, hadde vi lenge planlagt å ha oss ei helg av det idiotiske slaget. Men så synte det seg at akkurat denne helga skulle nesten alle dei beste av dei verste venene våre òg ut av byen, og det byrja spøkje for heile greia. Så snakka vi tilfeldigvis litt med Erlend Gaustad, som no residerer på Vatne på Sunnmøre av alle merkelege stader, om planane hans for komande helg. Det synte seg at han skulle til heimstaden sin Titran, heilt ut mot storhavet lengst sørvest på Frøya, i samband med 60-årsdagen til onkelen sin. Då fekk vi den lyse ideen at vi òg kunne dra dit. Når ingenting av interesse hender der ein er, må ein vera villig til å flytte på seg. I dette tilfellet innebar det å køyre frå storbyen Trondheim fredag etter jobb, bortimot 20 miler til eit fiskevær som per dags dato har kringom 40 innbyggjarar, helvta av dei over 60 år gamle. Vi har vore der to gonger før, og veit at det er eit eldorado.

I vakkert landskap i vakkert vêr, og med alle Beethovens symfoniar på CD-plate, var forresten bilturen i seg sjølv ei form for terapi. Vi var framme på Titran i det aller siste av dagslys, og greidde så vidt å skimte Erlend Gaustad i ein vegkant. Inne på kjøkenet venta far hans, Geir Gaustad, med heimelaga fiskekaker i brun saus. Kartongkvitvinen harmonerte godt med maten. Til dessert fekk vi kirsebærkompott, og vi fekk ikkje lov til å ta ein liten porsjon eller til ikkje å ha sukker på. Eit aber var at den helvetes skitungen Erlend hadde drukke opp all fløyten, meinte Geir, så vi fekk nøye oss med heilmjølk. Etterpå synte det seg at fløyten stod på benken, uopna. Det å høyre på den evige høglytte kjeklinga mellom far og son Gaustad er i det heile ei ypparleg form for underhaldning. Titterværingane er kjende for å vera frittalande, og desse to er inkje unnatak. Geir meiner at Erlend ustanseleg uttalar seg skråsikkert om tilhøve han ikkje har den ringaste peiling på, og Erlend fnys den betrevitande tonen til far sin. Det var til dømes ei grundig lekse Erlend fekk før vi skulle på vitjing til grannen Kåre, om at han for ein gongs skuld måtte prøve å oppføre seg fint og syne vyrdnad. Kor vyrdnadsfullt det i utgangspunktet er å koma utan forvarsel i halvfylla klokka ti om kvelden og invadere huset til ein edrueleg gamling som sit i ro og mak og ser på fjernsynet, kan vel diskuterast. Geir vart sitjande lenge i finstova hjå gamlingen, medan vi og Erlend ganske snart gjekk vidare, for å sjå om det var noko meir liv på Titran denne stjerneklåre fredagskvelden. Den eksentriske Eva  forresten mor til John Gunnar Kristiansen, som vi før har skrive om her på sida – var nokså openbert heime. Men ho opna ikkje døra for oss. Med berre sandalar på føtene, samvitsfullt berande på kvitvinskartongen, førde Gaustad oss gjennom eit digert kratt til neste post, den lettare labile tidlegare lottomillionæren Jan Otto. Han freista ikkje ein gong leggje skjul på at han var der, han berre skreik gjennom døra at vi fekk sjå til å hute oss til helvete vekk. No trudde vi at alt var over, men vel attende i Geirs hus synte det seg at ein gjest var komen gjennom den alltid ulåste døra, nemleg den muntre John Arnfinn. Han sat mutters åleine i Geirs stove, og var glad for å få selskap. Så kom også Geir attende, og så kom den relativt unge granneguten Sverre Georg med ein diger hund. Ganske snart byrja Geir mase på Erlend om at han for pokker fekk sjå til å gå og leggje seg, og så var kvelden over.

Vi sov i kjellaren, men vart tidleg vekte av lyden av far og son Gaustad som dreiv og sjikanerte kvarandre oppe i kjøkenet. Ikkje di mindre diska dei opp ein fabelaktig frukost, med sjølvfanga krabbe som den største delikatessen. Geir var nøye med påpeike at han, og ikkje sonen, hadde gjort alt arbeidet med maten. Etterpå gav Erlend oss ei omvising på Titran. Staden er rett og slett pittoresk. Vi fekk stå på utsida av det gamle Sildekontoret, vi fekk studere restane det tyske militæranlegget Stabben fort, og vi fekk nyte utsikta mot Noregs høgste fyr, Sletringen, som ligg på ein holme rett utom Titran. Vi fekk endåtil gå på vitjing hjå den lokale helten Roy, som riktig nok ikkje var så nøgd med solskinet og den relative vindstilla denne laurdagen. Han føretrekkjer regn og sørvestkuling, som saktens er det vanlege på Titran, så neimen om han skulle forlata huset for å dra i nokon 60-årsdag, han måtte halde seg innandørs.


Erlend Gaustad guidar oss gjennom sitt personlege eldorado, Titran. 

Selskapet skulle vel å merkje ikkje vera på Titran. For jamvel om onkel Rune Gaustad er ein titterværing av ypparste klasse, eig han eit småbruk i den meir innestengde bygda Meldal. Geir køyrde dit med den høge og lange Johan Eldar og den meir kompakte Nils Erik, og vi køyrde etter med Erlend ved sida vår. Han koste seg med nokre øl langs vegen, og lydde til ein CD med The Pogues. Johan Eldar visste om ein snarveg, som gjorde at turen til Meldal vart ekstra lang. Erlend kritiserte vegen, men ikkje køyringa vår, så vi var nøgde. Samstundes var det godt å koma fram, og kunne setja seg i ein fluktstol i ein lavvo. Mange slags vener og slektningar var inviterte i selskapet, og vi var veldig takksame for å få lov til å vera med. Vi har stor sans for den blide og rause Rune Gaustad. Det var ei nydeleg kjøtsuppe han serverte gjestane sine, sjølv om Geir uttrykte sterk misnøye med at kålen var for lite kokt. Dette var Erlend fullstendig usamd i, han meinte den tvert imot var for mykje kokt. Kakene var gode dei òg. Rune hadde endåtil ordna overnattingsplass til oss, på øvste plan i stabburet, der det var svært varmt og godt å liggje. Einskilde andre hadde det diverre ikkje like komfortabelt. Ingen veit kvar Nils Erik sov, men han påstod at han hadde vakna sundag morgon med rim i barten. Venteleg var det difor han i sjutida den morgonen sette seg til i stabburet for å snakke med seg sjølv og syngje på songen "På låven sitter nissen". Han forstod ikkje kvifor han skulle dra heilt til Meldal for å fryse i hel, kunne han ikkje like gjerne gjera det heime på Frøya? Men ein liten sommerakevitt gjorde humøret lettare, og etter kvart vart alle samde om at det hadde vore ein relativt fin tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar