lørdag 27. mai 2017

For dårleg

26. mai er ein høgtidsdag av sjeldne proporsjonar. Dette er nemleg fødselsdagen til den amerikanske musikar og delvis skodespelar Levon Helm (19402012), "known for his deeply soulful, country-accented voice, multi-instrumental ability and creative drumming style", for å sitere internett. Bandet hans var sjølvsagt The Band, mellom andre.

Han har òg gjeve namn til kvisslaget vi er med på, der vi eigentleg ikkje fortener plassen vår, fordi vi kan altfor lite om Levon Helm. Eller rettare sagt: Vi kan altfor lite, punktum. Men leiinga på laget ser det openbert som naudsynt å freista banke litt kunnskap inn i hovudet vårt, noko vi sjølvsagt er dei evig takksame for. Ein spesiell takk til kaptein Geir Olav Tislevoll i Auckland, New Zealand, og assisterande kaptein her i Trondheim, Håkon Lyng. Utan desse til å oppdra oss, hadde vi vore endå mykje dummare enn vi er.

Udugelegleiken vår til trass, blir det nokre kvissigrar for lag Levon Helm, spesielt dei kveldane når vi for vår del ikkje har høve til å delta. På Antikvariatet på Bakklandet kjem kveldspremieringa i form av bongar på øl, men fordi alle på laget er working class heros, blir det sjeldan høve til å sitja utover måndagskveldane og tylle i seg all premieringa. I dei elles magre lommebøkene til kasserarane Ivar Berg, Meldal, og Hans Arne Forseth, Rauland, byggjer det seg med tida opp nokre feite bunkar av slike ølbongar. Før dei blir så nedslitne at dei ikkje lenger kan lesast, må ein helst få nytta dei. Lag Levon Helm bruker difor å ta ein felles seanse der alt det tilgjengelege ølet blir konsumert, gjerne i samband med Levon Helms fødselsdag. I år fall jo denne på ein fredag, så det høvde svært godt.

Underteikna heiste det norske flagget allereie ved soloppgang. Sørstatsflagget vi hadde tinga frå Elaine, Arkansas, kom diverre ikkje fram i tide. Laget kom saman på Antikvariatet klokka 16.30. Lyng hadde med aviser med kvissar til oppvarming, og det var berre å gå til bardisken og forsyne seg med øl. Vi vil presisere at vi, som strengt teke ikkje har fortent nokre av premiane, drakk med litt meir måte enn dei andre på laget. Det skulle verkeleg berre mangle, for så vidt òg fordi vi, med den stusslege fysikken vår, toler svært lite av det sterke. Lyng gjekk snart over på sine eigenkomponerte kvissar. Vi var her så heldige å trekkje Terje Røsand, Kristiansund, som lagkamerat. Han må verkeleg vera eit slags geni, iallfall kan han nesten alt. Så den fyrste kvissen, om Levon Helm, vann "vi" nokså klårt over Berg og Forseth, med godt under helvta rett. Vi visste absolutt ingenting, men Røsand visste ein del. Neste tema var Oddvar Brå, og der vart vi slått. Vi visste ingenting, Røsand visste ein del, men Berg og Forseth visste litt meir, og vann denne runden på kanskje ein femtedel av den oppnåelege scoren. Heldigvis hadde jamvel vi nokre svar rett då kategoriane vart litt rundare, nemleg litteratur og film, så totalt gikk vi sigrande ut av Lyngs kviss.


Ein ung Levon Helm.

For nokre veker sidan, på ein kviss der vi ikkje var til stades, hadde lagleiinga avgjort at andre del av Levon Helms bursdagsfest skulle føregå i den nye bustaden til underteikna og hans kjære sambuar. Svært sjenerøst godtok Vilde denne avgjerda utan å mukke, noko dei færraste kvinner ved sine fulle fem ville gjort. Det vart tinga ein drosje til Marie Sørdals veg kring klokka 20.00. Servitrisa på Antikvariatet gjorde noko høgst uvanleg og djupt rørande: Ho sende med oss ei gratis flaske sprudlevatn i gåve. Fyrst måtte ho riktig nok forsikre seg om at nokon på laget hadde ein sekk, så vi kunne ta flaska med oss utan å vekkje oppsikt på vegen ut. Sekk hadde heldigvis opptil fleire, mellom andre Røsand, fordi han drog på ein gamal kassettspelar, som var tenkt brukt til å spela ein kassett med noko av Levon Helms rikhaldige musikalske produksjon. Stor takk til servitrisa for flaska og lykkynskingane.

Vel oppe hjå underteikna, heldt kvelden fram med musikkfilmen The Last Waltz på repeat, og fleire kvissar laga av medlemene på laget. Vi greidde oss godt så lenge vi trekte Røsand som lagkamerat, men dei andre rundande vart diverre skrale. Når vi no i ettertid ser igjennom poengskjemaet som alle resultata skulle førast inn i, er det riktig nok umogleg å seia sikkert ut frå dette kven sigerherren vart. Men det må nok ha vore Røsand. Etter at vi hadde presentert vår eigen litt for enkle kviss (opptil fleire greidde opptil fleire av spørsmåla), og skårunge Kristian Kvamsøe, Dale, sin populærkulturelle og difor urvanskelege kviss, gjekk vi over på ymse såkalla Kahoot-kvissar, eit høgteknologisk intermedialt format. Det var komplisert, ikkje minst for oss med Nokia 100, men på mystisk vis gjekk det bra.

I det heile lærde vi svært mykje av denne førebiletlege kvelden, som enda om lag klokka 03.30. Gjestane var til og med galante nok til å medbringe ein sjokolade til Vilde som takk for velviljen. Gratulerer igjen til Levon Helm, og Guds fred over minnet både om han og bursdagsfesten hans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar