mandag 8. mai 2017

Skivebom

Vi kan ingenting om sport. Det vi kan er å stå jamsides biljardbordet og krite køen. Då ser ein jævla kul ut. Så støyter ein, og bommar på kvitkula, og skjer ei diger flenge i filten. Tilsvarande var vi med vår ven John Gunnar Kristiansen på såkalla buldring for ei tid sidan. Der hadde dei ei kasse med kalk til å ha på hendene, det skal gje ein betre grep i klatreveggen. Kalke hendene, det kunne vi, i ein slik grad at vi fekk kalk utover heile kroppen og alle kleda. Så byrja vi klatre, og kom ikkje ein halvmeter over bakken. Men sveitte vart vi. Etterpå gjekk vi på E. C. Dahls bryggeris nye pub, som låg rett i nærleiken av buldresenteret. Stinkande av sveitte, kvite som snømenn av kalken, sat vi framfor ølglaset og såg jævla kule ut.

No har vi lærd eit nytt triks. Når ein spelar tennis må ein tidt og ofte slå racketen inn i sida på skoa si. Vi hugsar ikkje om det var for å få stein ut av skoa eller ut av racketen. Det er heller ikkje poenget, poenget er at ein ser jævla kul ut når ein gjer det. Deretter sørvar ein sjølvsagt rett i nettet.



Glimt frå ein tennis i den såkalla Stordalen på Risvollan. Frå venstre underteikna, John Gunnar Kristiansen og Vidar Haavik.

Men morosamt er det. Vi nemnde jo at vi, som residentar i Risvollan burettslag, har fått medeigarskap i to tennisbanar. Den gongen vi budde i Royal Tunbridge Wells, England, prøvde husverten vår Espen Erichsen faktisk å sende oss til tennistimar. Den dag i dag angrar vi på at vi ikkje nytta høvet. Då hadde vi kanskje vore litt mindre elendige, samstundes som vi hadde oppdaga tidlegare kor morosamt tennis faktisk er.

Bordtennisbord og diverse anna har vi òg, men tennis er best. Det ser resten av fysakklubben ut til å vera samd i. Vi starta ei gruppe på Facebook, og innlemma dei av venene våre som er mest fordrukne og i dårlegast fysisk form, i den tru at nærværet deira ville gje oss sjølvtillit. Men vi tapar uansett alltid. Det einaste som inntil vidare stoggar oss frå å gje opp for godt, er den positive feedbacken vi får frå tilfeldige småungar i grannelaget. Det er stendig nokre slike som kjem og ser på kampane våre og seier at vi er gode, fordi dei har lyst til å prøve å spela sjølve. Ein av dei stakk faktisk hendene ned i bukselommene på John Gunnar, for å prøve å få fatt i tennisballane han hadde der. Så populære er vi, og han spesielt.

Førebels har det vore vi sjølve, John Gunnar «Verdas verste fyr» Kristiansen, Erlend «Opp-ned-pærehovud» Fillingsnes, Vidar «Lille fnugg» Haavik og Karl Morten «Guten» Lunna. Vi prøver å møtast kringom éin gong i veka, helst i dårleg vêr, så ein er sikker på å få vera i fred. Underteikna tek med øl og vin. Det er best å fortlaupande utjamne den vesle helsegevinsten ein eventuelt har av fysaken, så ein ikkje byrjar få nykker. Skulle nokon i klubben, mot alle odds, utvikle seg til dyktigare spelarar, er det på hovudet og ræva ut. Fysaken skal vera eit utprega lågterskeltilbod, noko som inneber at til og med du er invitert. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar