lørdag 10. juni 2017

Marbakken

Tradisjonelt har vi vore skeptiske til kysten, båtar og fiske og alt det der. Det har nok hatt å gjera med alle fosningane vi ufrivillig kjenner, typiske kystfolk som har rodd inn til byen frå Rissa og det som verre er, berre for å drikke og klaske kort og lage kvalme, slengje sildbøtter og tangstukne nøter ikring seg til alle baugar og kantar. Nei, vi har nok vore meir av eit innlandsmenneske, snø og granskog og alt det der, som skikken er i det gamle Melhus. Men det er noko med det; etter kvart som tida går blir ein tvungen til å utvide horisonten, og vi skal ikkje nekte for at vi saktens har sett nokre mesmeriserande kystlandskap, spesielt i Nord-Noreg. Det var difor direkte naturleg for oss å ta del i den såkalla kystens dag, som gjekk av stabelen her i Trondheim no på laurdag.

Vi fekk kjennskap til dette storstilte arrangementet gjennom sambuaren vår. Arkivsenteret på Dora, der ho arbeider, var nemleg ein av arenaene for det heile, og i den samanhengen hadde Vilde fått eit særs ærefullt oppdrag: Ein del av showet var utstillinga av ein uniform frå den nazityske marinen, ein uniform ho måtte sy diverse dekor på, inkludert ein ørn med hakekross. Vi stilte villig opp som mannekeng under syprosessen, og kunne med tryggleik konstatere at høgda vår ikkje ville kvalifisert for ein posisjon i tysk krigsmarine. Vi hadde nok høvd betre mellom dei stuttjukke partipampane, Himmler og Streicher og slike.

Uansett: På kystens dag stod vi tidleg opp, og sat og gjorde andre ting i mange timar. Så tok vi bussen ned til byen. Vi inviterte ein heil skokk av venene våre til å vera med, men responsen var laber. Den mest positive attendemeldinga fekk vi frå ein person som skal få lov til å vera anonym: "Var på kystens dag i sted, men ble antastet av ei overkåt kystdame; var ikke forsvarlig å bli der lenger." Så vi fekk altså ikkje møte han heller, men måtte kose oss i vårt eige elendige selskap. På Dora hadde dei pynta med ballongar, og nemnde naziuniform venta oss rett innom porten. Dei delte òg ut sjokolade, donert av grannen Nidar, utan at vi heilt forstod kva dette hadde med kysten å gjera. Vi fekk ei synfaring gjennom torpedogangen, der vi for så vidt har vore før, og vidare ut til skuta Hansteen, som låg i hamnebassenget på baksida. På dette ærverdige fartøyet vart vi geleida rundt av sjølvaste kapteinen, ein gamal marulk som sjikanerte oss for å stå malplassert på dekket, med foten midt oppi ein taukveil, som visstnok plutseleg kunne fyke i veg og slengje oss langt pokker ut i Frohavet. "Hadde du hatt hyre som dekksgut," konstaterte han tørt, "ville du vorte kjølhala."

Etterpå gjekk vi til den svært maritime Kafé Løkka, og tok ein bayer med dei ilandflotne lettmatrosane Åsmund Forbregd og Torgrim Wemunddal. Det er ikkje tilfeldig at dei kjem frå Rissa, og at det einaste dei ville snakke om var Johan Bojer og Den siste viking. Ikkje før var vi komne, så drog dei oss attende til Dora, men ikkje for å gå på kystens dag. Nei då, desse karane kan jo allereie alt som er å kunne om kysten og det maritime: Forbregd ein sursildfiskar i verdsklasse ... Wemunddal, ein notknytar av Guds nåde ... Dei skulle sjølvsagt spela biljard, og kven kan klandre dei? Det er ikkje ofte det ofselege Smutthavet, der dei til kvardags ligg og otrar etter røykalaks, er smult nok til at høgkvalitets biljardspeling kan føregå i kahytten. Så dette var ei veldig verdig avslutning på dagen, og vi rodde heim att gjennom regnet på ein mental bylgjetopp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar