lørdag 6. mai 2017

Svært hyggeleg

Årets utgåve av Trondheim cup var ein stor suksess. Dette seier vi utelukkande fordi vi sjølve og Petter Eide gjekk sigrande ut av partevlinga; arrangementet generelt har vi ingen føresetnad for å uttala oss om. Men korta var godt gjevne, dei passa utmerkt til metodane våre. Riktig nok låg vi under middels ved lunsjtid, men så! Den store Monrad-bylgja beint til himmels. 5000 blanke kroner rett i lomma, i halve laken! Men ein del av dei forsvann straks etter tevlinga, då den gestapisten Liv Marit Grude tvang oss til å bistå arrangementskomiteen i den praktiske gjennomføringa, ved å stå bak eit bord og selja forfriskingar. Premiepengane blanda seg med pengane vi selde drikke for, og med bongar som einskilde betala med, og så var det dei som betala på krita, og så byrja den kriminelle sigøynaren Steffen Fredrik Simonsen blande seg inn, og så var det nokre suspekte kviterussarar hjå svensken Staffan på Café 3B, og innan vi vakna morgonen etter hadde vi knapt eit raudt øyra att.


Petter Eide på den raude lauparen mellom Brattørveita og Brattørgata, Bridgehuset og 3B, etter sigeren i partevlinga i Trondheim cup. 

Uansett, ein dyktig spelar denne Petter Eide, frå Hamar. Han gjer ikkje mange feil, ulikt oss. Men ikkje di mindre er han svært blid. Det var delvis difor vi spurde han om å spela, pluss det faktum at han nyleg har fått ein unge, medan vår eigen sambuar jo er nokså drektig. Dimed var han ein fyr det gjekk an å spela berre partevlinga med, ikkje naudsynlegvis den gyselege lagtevlinga på sundag. At vi ikkje var påmelde der, var vi jo særleg velnøgde med då vi vann partevlinga. Lagtevlinga kunne ikkje vorte anna enn eit nederlag.

Dette innlegget skriv vi vel å merkje ikkje for å skryte av triumfen vår på laurdag, men for å reklamere for dei null til éin lesarane våre for kortspelet bridge. Det er verkeleg eit fantastisk spel, når det går bra. Når det går dårleg er det til gjengjeld eit forferdeleg spel, redselsfullt, gebrekkeleg, oppkasteleg. Tru ikkje ein augneblink at vi innbiller oss at vi kjem til å le sist: Neste gongen går det nok elendig igjen, som så ofte før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar