onsdag 4. januar 2023

Vanskeleg haust også på bloggen

Mange stussar nok på at det no lenge, som så mange gonger før, har vore temmeleg daudt på bloggen. Årsaka er naturlegvis krisetider. 

Vi hadde ei forsiktig von om litt meir sus i serken etter to år med drakoniske koronarestriksjonar som brutalt hindra nesten all aktivitet, men den eine krisa vart straks avløyst av den andre. I haust er det skyhøge straumprisar som har hindra oss i å bruke EDB-maskinen på Diverse opplysningars hovudkontor i Nedre Pissveita. Med auka prisar også på alle slags trevarer, kjemikaliar, psykofarmaka og anna som trengst i den daglege drifta, har vi ikkje kunna risikere ei straumrekning på toppen av det heile; dette på grunn av konkursfare. Det er faktisk berre fordi vi no låner ein EDB-maskin på det lokale biblioteket, at vi overhovudet kan publisere dette innlegget.

Vi skulle så gjerne ha ynskt dykk godt nyttår, men det seier seg sjølv at dette blir vanskeleg i noverande situasjon. Vi vil ta saka opp til ny vurdering på komande hastemøte i sentralstyret, som er planlagt gjennomført 26. juni. Mange vil hugse at vi oppsummerte 2021 med ein fortryllande biletkavalkade, og vi forstår at publikum har sett fram til tilsvarande også frå 2022. Men å publisere bilete er svært vanskeleg no på grunn av prisane på eingongskamera og ikkje minst fargeblekk (av tekniske årsaker må vi framkalle, skanne inn, skrive ut, kopiere og så skanne inn igjen alle bilete vi bruker på bloggen). Eit bilete i svart-kvitt kan moglegvis bli lagt ut seinare, men dette må vurderast lokalt. 

Vi skulle også gjerne ha skrive ein mykje lengre tekst her og no, for vi har saktens mykje på hjarta. Men dette er diverre utenkjeleg på grunn av krympflasjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar