torsdag 7. juli 2022

Bilaterale forviklingar, generell problematikk og liknande

Det blir sagt og skrive mykje om krigen i Ukraina for tida. Men Diverse opplysningar har det i statuttane sine, som diverre har forsvunne i vask, å vera ei politisk nøytral nettside. Vi skal difor nøye oss med å kommentere krigen i form av ein sann anekdote, for såleis å illustrere at ei sak alltid har minst éi side. Måsar flyg både ved Svartehavet og Kvitsjøen, og folk er folk. Vår gamle veninne Eva Olsen i fiskeværet Titran har sågar to måsar som plar vitje ho, nemleg Gakken og Gammelgakken, og oppgjennom åra har dei kome flaksande med mykje saftig sladder frå dei sju hava. Men det er ei anna historie.

I denne samanhengen tok vi likevel ein tur til Øvre Leirfoss, berre for å gjera noko. Sumaren er lang som ein stygg fjord, og eit eller anna må ein finne på. Dessutan hadde vi, under ein sykkeltur nokre dagar tidlegare, sett at slusene no var opne og fossen stor, og som diktaren skreiv: "Å, var eg sjølv slikt vatn uti straum ..." Vi tok med dottera vår, Lindis på snart fem år, på utflukta. Sonen vår, Hallvard på tjuefem dagar, ynskte diverre ikkje å vera med. Lindis har til vederlag den gode evna at ho kjem i kontakt med absolutt alle, fordi ho ganske enkelt går bort til dei og stikk fingrane oppunder skjorta deira eller tek tinga deira og slepper dei i bakken. Vi har ikkje tal på kor mange flotte menneske vi har kome i prat med takk vere ho, og i tillegg nokre skikkelege grobianar. I dette tilfellet, ein familie med to småe jenter som dreiv og mata måsane, eller eigentleg endene, men desse vart myrda av måsane i kamp om brødsmulane. Ein typisk sumaridyll, altså. Vi er ikkje særleg glade i måsar, men vi liker dei. Tenk berre på André Bjerkes nydelege dikt "Måken", og omslaget på den glitrande romanen Vi bare kjører, så ser vi av vår veninne Hilde Stålskjær Osen. Men plutseleg kom ein fyr med eit gevær!

"Skumle saker," sa vi, og dytta kvinner og born til sides for å hoppe ut i vatnet og leggje på svøm. Men ikkje kan vi å symje, og generelt var vi berre ein hårsbreidd unna å bli slukte av fossen og skylde i land blant heilt andre måsar på Newfoundland eller Novaja Semlja, då familiefaren ved breidda heldigvis ropte: "Vent! Det er berre viltnemnda som kjem for å avlive ein måse som har ein spisepinne gjennom hovudet. Det var vi som ringde og varsla." "Å ja," humra vi, og børsta av oss vatnet. "Snedig."
 

Måsar er eit populært diskusjonstema om sumaren. Fåe stader har vore så hardt ramma som Berlevåg, der millionar av krykkjer gjer livet nærast uleveleg for menneske. Illustrasjonsfoto.

No trudde vi omsider at vi kunne halde fram med den hundre meter lange turen frå bilen til fossen. Men vi kom ikkje meir enn eit par steg vidare før Lindis fann eit eldre ektepar sitjande på ein benk. Kona hadde sju stakkar, og Lindis la i veg innunder dei, i jakt på den løynde kjernen av denne matrusjkaaktige figuren, som ganske snart synte seg å vera ein ukrainsk babusjka. Ho babla i veg og smilte og lo, men vi ana òg eit skjer av redsle i det kulerunde fjeset hennar. Vi oppfatta orda "Kharkiv" og "stor bomb". "Huff då," mumla vi, og riste på hovudet. "Welcommen in Norway."

Samtala halta og gjekk ei god stund, men kommunikasjonen vart berre dårlegare og dårlegare, og det er inga overdriving å seia at han snart kollapsa totalt. Men då fann den snarrådige babuskjaen fram mobiltelefonen sin – dei kan sin teknologi, dei raudkjaka og potetpannekakebakande ukrainske bestemødrene – og i neste augneblink hadde ho på tråden ei ukrainsk veninne som snakka norsk. Denne dama fekk forklåra oss kva som var det eigentlege problemet: Ekteparet hadde vore ute og spasert heile dagen – etter seiande budde dei på Lademoen og hadde gått heilt derifrå, noko vi riktig nok ytra tvil om, sett i lys av den generelt ganske gravide forma deira – men så var dei altså komne hit til Øvre Leirfoss, og her fekk dei auga på denne mannen med gevær. Synet gjorde dei særs nervøse, for dei frykta at dei no rett og slett hadde forvilla seg inn på militært område og kom til å bli skotne.

Då vi høyrde korleis det heile hang saman, måtte vi storflire. "Nei då," sa vi, "berre hald dykk unna måsen med ein spisepinne gjennom hovudet, så skal det gå bra!" Dimed var den misforståinga løyst, alle lo og dansa ein ukrainsk folkedans, og det er ingen tvil om at dei aldrande ukrainarane vart svært glade for å kunne halde fram med spaserturen sin. Ja, så takksame var dei, at dei like godt inviterte oss på ferie til Kharkiv. Moralen, slik vi oppfattar han: Ingenting er så gale at ein ikkje kan skrive noko slags meiningslaust vås om det.

SISTE: Viltnemnda melder at måsen med spisepinnen gjennom hovudet no er skoten. Vi lyser fred over hans minne, men vi har diverre ingen opplysningar om kvar måsar, som lever store delar av jordelivet sitt i himmelen, hamnar når dei er daude. Sannsynlegvis i Gudbrandsdalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar