tirsdag 6. juni 2023

Ynskjeson

Akk ja, så er han snart over, pappapermen vår. Vi skal ikkje stikke under stol at det har vore deilig å ha ei orsaking for ikkje å poste daglege oppdateringar her på bloggen. Det var allereie ved nyttår at vi gjekk ut i perm. Fyrst forstod vi ikkje kva det var snakk om, trudde at kona og NAV samarbeidde om å sende oss på ei sjølvutviklingsreise til Perm i Sør-Sibir. Den tanken var slett ikkje fråstøytande for oss, og fyrst vart vi kanskje litt skuffa då vi forstod at det handla om å vera heime kvar bidige dag og stulle med den då seks månader gamle sonen vår, Hallvard. Men etter kvart som vi kom inn i oppgåvene, viste det seg at dette eigentleg var ganske morosamt. For ein treng sjølvsagt ikkje å sitja heime og ha foreldrepermisjon, sånn eigentleg, det er i grunnen mykje interessant ein kan gjera med ein baby på slep, spesielt om vedkomande er såpass blid og omgjengeleg som Hallvard. Han ser ut til å ha ervd vårt eige verdisyn, som i korte trekk dreier seg om at lite er meir idiotisk enn noko anna. Sånn sett spelar det inga rolle kva ein gjer, ein må berre finne på noko, kva som helst. Vi bruker å seia at vi er som Hitler, ein veldig aktiv person, og det same kan seiast om Hallvard. Han sit ikkje i ro i to sekund, og kvifor skal ein vel det, i ei verd der såpass mykje kan utforskast.


På internasjonal kafé på Melhus. Arabiske kvinner og born overtok på eige initiativ ansvaret for Hallvard, medan vi kunne meske oss med falaflar og liknande. Noko tilsvarande skjedde seinare på ein thairestaurant i byen, med den skilnaden at vi der overhovudet ikkje kjende damene som plutseleg stakk av med han. 

I ei stund gjekk det bra å ha han med på lunsj i Dagdrivarforeininga. Dette er ei foreining for bridgespelarar som ikkje nedlèt seg til å ha vanlege dagjobbar. Vi passar eigentleg ikkje inn, sidan vi til vanleg har ein dagjobb. Men vi passar kanskje litt inn likevel, for vi kjenner alle medlemene, og under lunsjane var det lenge ei smal sak å sende Hallvard frå den eine bridgespelaren til den andre, så vi sjølv fekk ete ein schnitzel eller liknande. Etter kvart måtte vi diverre slutte med dette, fordi Hallvard byrja gjera seg urimeleg og forlange meir tilpassa underhaldning. Eit fint substitutt viste seg å vera den såkalla opne barnehagen i Hoeggen kyrkje. Her kan alle som går heime og passar på ein eller annan baby, dement oldefar eller liknande, møte opp heilt gratis. Lokalet er fullt av leiker og heilt trygt, så det er berre å plassere den hjelpetrengjande på golvet og lene seg attende og ta ein kaffi. På torsdagar har dei også vaflar, så der har vi vore mykje. Eit par gonger var vi forresten òg på babykino med vår gamle bridgeven Petter Eide, som til liks med oss har vore i pappaperm dette halvåret. Babykino er eit anna superbt opplegg: Pælm babyen ned på golvet, len deg attende, et popkorn og sjå film. Lyden er litt redusert av omsyn til babyane, dei bør jo ikkje bli overstimulerte. Hallvard likte til dømes filmen La elva leve, sjølv om han er meir ambivalent til den evinnelege Fosen-saka. På onsdagane brukte vi, så lenge det vart arrangert, å gå på "Lunsj blant bøkene" på hovudbiblioteket. Ein halvtimes føredrag om ei eller anna bok eller tre, som vi kunne nyte med ein kaffikopp medan barnet sulla rundt på golvet. Hallvard søkte seg konsekvent mot hylla med tigrinja- og amhariskordbøker, interessant nok. Diverse museums- og kunstutstillingar har vi òg fått med oss. Hallvard er riktig nok sterkt kritisk til moderne kunst, då han hevdar at ein tilfeldig baby kan lage betre verk. På Vitenskapsmuseet likte han å sjå på den nye utstillinga om neandertalarane, og kommenterte sylfrekt at han såg mykje av desse i far sin. Men her avslørte han seg som ung og umogen, for det må jo tyde at det òg finst spor av dei i han sjølv. 


Her har vi stukke Hallvard inn i eit kaleidoskop på Vitensenteret i Trondheim sentrum. Der inne koste han seg i timevis, naturleg nok, men han gret ein skvett då han kom ut att og oppdaga at han framleis berre var éin. 

Etter kvart kom våren. Dette var heilt topp, for i motsetnad til kva mange kanskje trur, liker vi faktisk å vera ute. Gå på tur, som det så vakkert heiter. Delvis som research til ein roman vi har tenkt å skrive, om ein mann som går på tur. Men òg av eigeninteresse. Vi er riktig nok ikkje så glade i skogane her i Trondheim, dei blir for folkerike. Eller, vi har gått der òg. Men dei beste turane har vore i ymse utkantar av vår kjære heimbygd Melhus, som jo om våren er endå vakrare enn til vanleg. Det kan nok òg hende at vi har sakna vår kjære arbeidsplass Melhus voksenopplæring, og ynskt å vera i nærleiken av denne. Det synte seg heldigvis tidleg at Hallvard liker å sitja i ein såkalla beremeis, så det har eigentleg berre vore å hive han oppi der og vandre i veg. Langs Vigdas pittoreske breidder frå Buvika opp mot Ånøya, frå Rakbjørga og Rapbjørga over til Skjetnmarka og ned til Gaulas gylne breidder, og sjølvsagt mykje rundt omkring i Skjetnmarka, altså den sanne Skjetnmarka, ikkje den bleike kopien som finst i Trondheim, samt langs Gaulas solbada breidder, og naturlegvis i det skyhøge Vassfjellet, og heilt ute på det fjerne Hølonda, og så bortetter. Ofte på desse turane har vi hatt med oss mor vår, barnets farmor, som er mykje dyktigare på dette med tur enn oss. Ho kan blant anna å grava seg ned i tide. Den aller verste turen vart difor ein der ho av praktiske årsaker ikkje deltok. Det var ein heller grå og kjøleg maidag, og vi fekk den fikse ideen at vi no skulle gå til Vassfjellhytta, der vi ofte spratt lykkelege ikring som lite barn. Oppover sprang vi også no, nær tretti år seinare, som ei fjellgeit med Hallvard som ein lemur på ryggen, det gjekk på null komma niks. Men diverre har vi ein sterk trong til alltid å arrangere ein rundtur, det held ikkje for oss å gå den same vegen ned att som opp. Mange tenkjer vel at det bør gå fortare å koma seg ned frå eit fjell enn opp på det, men ikkje når ein mister stigen av syne kringom fjorten gonger, og endar med å klatre og ramle i stupbratt ur og uframkomeleg kratt. Regna og bles gjorde det òg, spesielt i høgda, og vi var gjennomvåte på føtene allereie etter den fyrste kilometeren. Hallvard er heller ingen lettvektar, så mot slutten vart det rett og slett for mykje for oss: Vi hadde på det tidspunktet både forstuva opptil fleire anklar, knust ei kneskål og radbrekt krossryggen fullstendig. Dessutan stod vi fast i ei myr, og det byrja bli kveld, så det såg ikkje særleg lyst ut. Men kva gjorde Hallvard då? Han hoppa opp av meisen og gav oss ein kvist å gripe etter, slik at han fekk trekt oss opp av myra og ned i den same beremeisen som han nettopp forlét. Deretter bar han oss på ryggen, vår kjære vesle son, krabbande, dei siste åtte kilometrane attende til bilen. Vi kunne heller ikkje køyre i vår tilstand, men han fann tenningsnøkkelen i lomma vår og frakta oss heilt attende til Risvollan, der vi residerer. 


Ei bru i Vassfjellet, kanskje ein stad mellom Snurrumyra og Bjønnholet. Også denne konstruksjonen måtte Hallvard bera oss over, utan at dette såg ut til å uroe han.

No i dag er permisjonen vår omsider over, guten fyller snart eitt år og har så smått lært seg å gå. Vi vil tenkje attende på denne velsigna tida med glede og takksemd. Hallvard, du er på alle måtar eit utmerkt barn. No skal vi arbeide i heile to og ei halv veke fram til lærarferien byrjar, og så skal vi igjen passe på Hallvard medan kona vår arbeider og dottera vår er i barnehagen. Eller kanskje er det heller Hallvard som må passe på oss, så gamle og tilårskomne som vi no byrjar bli, der vi sit i eit horn på veggen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar