lørdag 4. juni 2022

Jetsetlivet, igjen

Vi har tidlegare rosablogga i det vide og breie om korleis det er å vera ein D-kjendis. No vil vi halde fram med dette. Vi trur det kan trøyste dykk i det monotone kvardagslivet dykkar å vita at nokon lever så glamorøst og ekstravagant som oss. Vi vil eksemplifisere det flamboyante ved tilværet vårt ved å fortelja om berre to av dei (totalt to) gloriøse turneane vi har vore på denne våren. 

I månadsskiftet marsapril var det Sunnmøres snøkledde alpar vi turnerte. Det byrja svært luksuriøst med flytaxi til Værnes (fordi flyet skulle gå så gudsjammerleg tidleg at det ikkje var mogleg å ta flybuss, og fordi kona trong bilen medan vi var borte). For å fly til Ålesund måtte vi om Oslo. Då vi kom til Gardermoen, las vi feil på tavla på veggen, og trudde at flyet vårt vidare var i ferd med å lette, så vi sprang som ein galen heilt til den andre enda av flyplassen med ein sekk smekkfull av bøker på ryggen. Vel framme såg vi at vi hadde lese feil, så vi byrja springe til det andre flyet til Ålesund som stod lista opp på skjermen, nok ein gong i andre enda av flyplassen. Men dette viste seg å vera eit Norwegian-fly, medan vi skulle flyge med SAS. På grunn av dei to bomturane var det no temmeleg kort tid att til SAS-flyet vårt skulle gå, så vi trudde at vi igjen måtte springe for å nå fram i tide, og vi sprang og sprang på kilometervis. Men dette flyet var i praksis litt forsinka, så den siste laupeturen vart òg forgjeves. 

Gjennomblaute av sveitte og forkrøpla av prolapsar landa vi i Ålesund. Der venta heldigvis ein leiebil på oss. Så køyrde vi lengre enn langt, til Stranda ungdomsskule. Der snakka vi til skuleelvar. Artig å sjå at så mange møtte opp, sjølv om ingen av dei hadde noko val. Same kveld, då vi heldt eit ope arrangement på biblioteket i Sykkylven, kom tre personar. Ein av dei var Erlend Hukkelås Gaustad, som bur på Vatne på Sunnmøre og ville støtte oss psykisk. Etterpå sjekka vi utelivet i Sykkylven  det var ein pizzarestaurant. Vi åt ein pizza og drakk eit par øl med Gaustad, som riktig nok ikkje kunne drikke, fordi han køyrde. Han var så venleg å køyre oss attende til hotellet etterpå, ved ferjeleiet. Vi såg fram til ein drink i hotellbaren, men tilsynelatande var vi den einaste gjesten på heile hotellet, og innehavaren hadde lagt seg. Det gode nyhendet var at vi fekk ha alle spegelegga i frukostbufeen for oss sjølve. Så var det ut på landevegen att, til Fosnavåg, der vi igjen predika for ungdomsskuleelevar. Artig å sjå at så mange møtte opp, sjølv om ingen av dei hadde noko val. Til slutt køyrde vi attende til Ålesund, langt det òg, for å ta flyet heim. Det var ikkje vanskeleg å finne det rette flyet på Vigra. Men ikkje før hadde vi sett oss i flysetet, så måtte kapteinen diverre annonsere at det var oppdaga ei flis i flyvengen. Så det gjekk ikkje an å fly med dette flyet, og det var ikkje akkurat slik at dei hadde eit anna fly i bakhand heller. Sluttresultatet: småpene fem timar forseinking. Til vederlag fekk vi plass i "SAS pluss" då vi fyrst kom oss i lufta. Der er alt gratis, både ein øl og ein snacks. Vi hadde ikkje lyst på ein snacks, men jaggu bad vi om ein snacks likevel, berre for å hemne oss på flyselskapet. Vi har den snacksen i kjøkenskapet vårt enno, og der skal han få liggje. 

Ferjer og fjell, det er den enkle oppsummeringa av turneen vår på Sunnmøre. Biletet er moglegvis frå sambandet HundeidvikFestøya, som var endå tommare enn føredraget vårt i Sykkylven. Men det kan vera ei anna ferje òg, for det vart etter kvart så mange ferjer at det gjekk fullstendig i surr for oss. At vi rakk dei alle, verkar i ettertid nærast mirakuløst. 

Turneen i byrjinga av mai var om mogleg endå betre. Ikkje eit vondt ord om Sunnmøre, men vi har som kjend eit spesielt hjarta for Finnmark. Trygg Jakola i Vestre Jakobselv, som vi kjenner frå det kvenske, iscenesette gjennom Folkeakademiet i Nord-Hålogaland ein turné for oss i Aust-Finnmark. For ei ære! Vi landa i Kirkenes, og møtte ungdomsskuleelevar der òg, på biblioteket. Ein russisk bibliotekar synte oss med stoltheit den store russiskavdelinga deira – tankevekkjande. Så hadde vi tid til ein betre middag i den kulinariske kategorien som er Finnmarks spesialitet, thaimat, før bussen vår gjekk mot Vadsø. Nok ein luksus dette, å sleppe å køyre og berre kunne sitja og glo ut på landskapet. Vi har jo vore på nokre turar i Varanger tidlegare, men då i bil og i fylgje med folk som av ulike grunnar har vore ute av stand til å køyre, så vi har alltid enda opp som sjåfør. Bussen var svært punktleg, og vi kom til vakre Vesisaari i passeleg tid før kveldens seanse på det store og moderne biblioteket i byen. Der skulle nemnde Trygg Jakola bokbade oss, noko han gjorde med stødig hand. Frammøtet var faktisk òg glimrande. Etterpå vart det sjølvsagt bankett, først ein Qvænbrygg på hotellet i lag med Jakola med kone og granne, deretter ute på byen. På ein av Vadsøs mange nattklubbar møtte vi tilfeldigvis ein fyr frå Porsanger som vi tidlegare berre så vidt har snakka med, men som vi no fekk høve til å bli litt betre kjende med. Svært interessant. Det er vel neppe naudsynt å nemne at vi sov som ein stein den natta; opplevingane hadde vore så mange.

Neste dag var det elevar ved Vadsø vidaregåande som høyrde på oss, og dei sat som tende lys på stolane sine. Etterpå fekk vi tid til kultur òg, ei vitjing på det temmeleg nye og svært sjåverdige Kvenmuseet i kvenhovudstaden. Kona vår figurerer forresten både i taket og på ein vegg der. Vi kjøpte endåtil med oss ein suvenir frå museumsbutikken, Samuli Paulaharjus legendariske På Finnmarks ytterste øyer, i spildrande ny omsetjing frå finsk ved Mikael Holmberg. Ei gåve ikkje berre til oss, men til verda. Såleis fekk vi endå meir lesestoff til den litt for korte bussturen vidare ut til Vardø, som var siste stogg på turen vår. Det var reint fascinerande å sjå korleis vêret endra seg utover langs kysten: I Vadsø var det vår, i Vardø full vinter og som vanleg sterk vind – men òg, det må seiast, vakker song frå tusen måsar. Vi måtte nesten berre le av vêret, det var så fantastisk. Sjefen på staden der vi overnatta, ein innfødd vardøværing som i ein periode var den einaste kvite drosjesjåføren i Baltimore, Maryland, USA, fortalde forresten ein vits om dette med Vardø og vind då vi tok ein drink med han i foajeen, eller rettare sagt i TV-kroken, der han tilsynelatande alltid sat med ein drink (det var trass alt onsdag, og vår): "Veit du kva som skjer med ein vardøværing når det blir vindstilt?" spurde han. "Nei, grei ut!" ropte vi. "Han tippar framover." Det er verkeleg litt av eit etablissement denne bartefine branden og den snakkesalige amerikanske kona hans administrerer: Namnet er Meieriet, tidlegare "funpub", no generell bygning med nokre soverom i overetasjen. Møblementet, tapetet, vêret ... Alt var berre heilt perfekt. Det vart forresten Finnmarks nasjonalrett til middag igjen, thaimat. Til føredraget vårt i det såkalla Glasshuset midt i Vardø sentrum kom fåe frivillig. Men heldigvis hadde pensjonisten som var kontakten vår i byen, pressa ein lærar til å presse elevane sine til å koma, sjølv om arrangementet altså var på kveldstid. Dei skulle visst få heftig avspasering seinare som kompensasjon. Kva læraren fekk for å vera til stades, veit vi ikkje. 

Vårnatt i Vardø, sett frå rommet vårt på Meieriet. Bilen tilhøyrer den tidlegare einaste kvite drosjesjåføren i Baltimore. Om det er den same bilen som han nytta i Baltimore, er riktig nok uklårt.

Turneen vart avrunda med full bankett på verdskjende Nordpol kro. Vi sat lenge åleine i eit hjørne, men slikt vedvarer aldri i Finnmark: Plutseleg kom vi snakk med ein fyr som vi ikkje hadde noko sams med og heller ikkje likte spesielt godt, og det vart ei utruleg hyggeleg og gjevande samtale. Vel attende på Meieriet tenkte vi at det no var på tide å gjera som stjerner flest, nemleg kaste møblar ut i bygatene. Men vinden var for sterk, vi fekk ikkje opna vindauga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar