tirsdag 18. september 2018

Sumar på hall

To eller tri har venteleg sakna ein artikkel frå sumarbridgen, som vi faktisk produserte heile to artiklar ifrå i det Herrens år fjor. Her kjem omsider eit resymé frå i år, seint, men dårleg. Jamvel om du ikkje spelar bridge, må du gjerne lesa vidare. Dette oppkoket er nemleg nokså fritt for teknikalitetar, og høver såleis for ikkje-bridgespelarar òg, sjølv om innhaldet sikkert kan verke absurd, uforståeleg og skremmande.

Det kan kanskje fortone seg for dykk som at vi overhovudet ikkje har spela sumarbridge i år, men det har vi. Det var berre det at alt vart så frykteleg feil for oss, vi fekk det fullstendig om bakfoten heilt frå starten av. På den aller fyrste kvelden vår, i midten av mai, spela vi med den ikkje ukjende jarnbanearbeidaren John Kristen Våge. Denne vann vi i klårt, og dimed visste vi allereie at laupet var køyrd: Med ein slik storscore i botnen, sa det seg sjølv at flaksgrisen Våge kom til å vinne sumarbridgen i Bridgehuset 2018. Det vart altså frå start eit spel om andreplassen, den fyrste taparplassen. Sidan tok vi heile to kveldar med den kjende psykop, orsak, psykiater Aksel Hornslien, og hadde ikkje hellet med oss nokre av gongene. Som ein revansje tenkte vi å trø til med ein skikkeleg kalaskveld i lag med vår sporadiske makker gjennom mange år, matematikklærar Karl Morten Lunna. Men her gjorde vi den katastrofale feilen å køyre bil til spelinga, noko vi aldri har vore dumme nok til å gjera før. Ikkje berre vart vi veldig oppskjørta av den stressande trafikken ned mot sentrum, men i tillegg måtte vi altså sitja og gruve oss for heimturen, utan utsikt til eingong å kunne roe nervane fyrst, med den sedvanlege stensildrinken på Kafé 3B etter spelinga. Prosenten vår på bridgen vart på line med prosenten på Munkholm. Langt pokker ut på sumaren hadde vi altså berre tri teljande scorar, for berre éin score med kvar makker kan jo stå i samandraget, og desse tri var i sum elendige. Vi kjende oss demotiverte, ja, rett og slett ferdige med heile sumarbridgen.

Samstundes var det eitt særskilt bridgeandlet som nattstøtt heimsøkte mareritta våre, og det var oppsynet på inkassoinnkrevjar Bjørn Erik Althe. Han spurde oss allereie i fjor om å ta ein sumarbridge, men det passa oss aldri då. No i 2018 byrja vi frykte at kravet hans om sumarbridge fort kunne gå til inkasso, og vi bestemte oss for å skjera igjennom og få saka unnagjort. Så veike som prestasjonane våre hadde vore så langt i tevlinga, skreid vi til verket heilt utan forventningar. Vi var berre sjeleglade for å sleppe å køyre nedover igjen, då Althe kom og henta oss. Med seg i bilen hadde han sin noko fastare makker, brevdueoppdrettar og professor emeritus i kjemi Preben Cato Stabell Mørk. For aftanen skulle han spela med pensjonert dynamittforvaltar Jostein Ramberg, som sat i lag med oss i baksetet. Vi og Ramberg heldt oss svært rolege, ja, tafatte. Mørk og Althe, derimot, heldt eit leven av kataklysmiske proporsjonar i framsetet: Ein gong på 70-talet hadde nemleg Mørk fått eit inkassokrav imot seg, etter seiande fordi straumselskapet hadde vore altfor seine med å sende ut den opprinnelege fakturaen, noko han enno på ingen måte har gløymt eller tilgjeve. Althe gjekk truleg i barnehagen den gongen, men Mørk heldt han likevel personleg ansvarleg for heile tragedien. Althe nekta for så vidt ikkje for å vera innblanda i saka, men han argumenterte knallhardt for at skulda for fadesen openbert måtte liggje hjå Mørk sjølv, då inkassoselskapa er ufeilbarlege. Det krev sin mann å tala ein fetert professor midt imot, ikkje minst når vedkomande òg har vore ei stor stjerne innan bridgen. Så vi fekk ein fornya respekt for Althe under denne køyreturen, og dimed gjekk det òg sjokkerande bra med spelinga vår.

For ei ulykke! På grunn av denne glimrande prestasjonen, ein av våre sterkaste nokon gong, hamna vi likevel "i poss" i samandraget før den aller siste sumarbridgekvelden. Vi rekna på det, og drog den slutninga at vi knapt trong over middels på denne aftanen for å ende i premierekkja. Så mange kroner hadde vi allereie investert i sumarbridgen 2018, at det ville vore for gale å ikkje gjera eit siste forsøk på å få med seg ein premie. Under den heidundrande aftanen med Althe vart vi forresten litt oppelda ved kjensla av kor artig det ein sjeldan gong kan vera å spela bridge, så vi vurderte faktisk seriøst eit tilbod som melde seg frå den kjende ungdomsskulelærar Jørgen "Jøgge" "Molbo" Molberg om å spela med han i lagtevlinga under Steinkjer cup komande helg. Det vart avtala at vi to skulle ta den siste sumarbridgen som ei øving til tevlinga på Innherad. Med ein så god makker var det vanskeleg, sjølv for oss, å unngå middelsstreken. Åttandeplass i samandraget gav akkurat den siste premien, kr. 500. Når vi altså har spela seks sumarbridgar à kr. 80, og i tillegg hatt utgifter til transport og øl/lettøl, kan det ikkje stikkast under stol at årets sumarbridge vart eit gedigent tapsprosjekt for oss, ikkje minst emosjonelt. Men det hadde sjølvsagt vorte endå mykje verre om vi ikkje hadde hamna i premiane. De kan jo gisse fyrst, og så sjå på lista, kven som stakk av med sigeren ...


John Kristen Våge med fyrstepremien frå årets sumarbridge i Bridgehuset. Han kan openbert pensjonere seg no, men er så glad i å reise rundt og representere Noreg i dei internasjonale jarnbanebridgemeisterskapane at han nok held fram i jobben sin som pukkgravar i mange tiår enno. I ungdomsåra våre spanderte du mang ein øl på oss, John, og vi veit vi sa at vi skulle spandere ein på deg ein dag, men no kan vi vel kanskje sleppe? Fotografi ved Haldis Guttormsen. 

Vi spurde nyleg den ein gong så aktive og velspelande EDB-seminarist Tor-Ove Reistad om kvifor han har slutta med bridge. "Eg veit," svara han, "at om eg berre møter opp på ein einaste liten sumarbridge att, vil eg straks bli fanga i årevis i eit garn av førespurnader om sumarbridgar og klubbkveldar og rundekampar og det som verre er, frå den eine tullingen verre enn den andre." Han nemnde nokre konkrete namn òg, utan at vi skal repetere desse her. Litt såleis var det altså med oss og Steinkjer. Men det var forbausande morosamt å spela der inne, bortsett då frå den siste kampen, då vi surra vekk ytterlegare 1250 kr. i premiepengar. Men vi kom på andreplass, og fekk med oss ein fin slant likevel. Takk til Molberg, og takk til lagkameratane, kraftmogul Glenn Frode Grøtheim og profesjonell gambler Johan Petter Tøndel.

Ein fredeleg seinsumarsundag i vårt nye fylkes administrasjonssentrum verkar kanskje som ei verdig avslutning på årets sumarbridgeinferno? Nei då. Sumaren er kanskje over her nord i fylket, men i Soknedal varar han enno i fleire veker, heilt ut september. Vi skal ha ein siste sumarbridge der oppe no snart, i lag med einbeit fysioterapeut Stein Bjerkset, ein slags tradisjon. Med ei god avslutning har han faktisk moglegheiter til å vinne samandraget der i dalen, og det har vi tenkt å hindre han ifrå. Ha ein flott bridgehaust, ludomane desperadoar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar