mandag 3. september 2018

Shabbat shalom

Som ingen vil hugse, omtalte vi for to år sidan ei såkalla byvandring i det jødiske Trondheim, i regi av vår bridgeven rabbi Ralph "Raffe" Buchmann og historikar Terje Bratberg. Dette var alt vi den gongen fekk med oss av den årvisse Jødisk kulturfestival. I fjor vart det ingenting overhovudet for vår del, men i år ynskte vi ein revansje. Så vi kika litt på programmet, og oppdaga noko som verka svært forlokkande fredag aftan, nemleg ei vaskekte jødisk sabbatsfeiring. Her kunne vi slå ein haug med fluger i ein smekk: Så lenge det ordna seg med barnevakt, kunne vi ta sambuaren vår med på noko passeleg romantisk, samstundes som vi igjen kunne glede Buchmann med vårt nærvær, glede oss sjølve med mat og vin, og til overmål lære om kultur, religion og anna. Så vi tinga to billettar, og susa nedover til Hotell Augustin i seinsumarsola.

Vi veit jo at mange av dykk er kritiske til Israel av relativt sosialistiske årsaker, medan andre av dykk er reine nazistar. Sjølve var vi sterkt israelsvenlege i barndommen og ungdommen, men kva kunne vi for det, oppvaksne som vi var i ein pinsekarismatisk heim. Alt vi høyrde var shalom, halleluja, hosianna, maranata, "Gå, Sion, din konung att möta, / Jerusalem, gläds åt din Gud," og så seint som i 2008 var vi faktisk i eit blautkakeselskap i Sandgata i samband med staten Israels 60-årsjubileum. Med åra har vi heldigvis byrja sjå ting frå fleire sider. Det er ingen tvil om at mykje av det Israel driv med er høgst kritikkverdig, og at så mange kristne er så opptekne av å forsvare denne staten som strengt teke har svært lite med kristendommen å gjera, framstår for oss som ein smule merkeleg. Samstundes er det liten grunn til at vi skal skrive om Israel her, for det er heldigvis ikkje slik at dei jødane som framleis bur i andre land, naudsynlegvis ber ansvaret for syndene til staten Israel. Det går altså fint an å vera ein ven av den jødiske kulturhistoria, som jo må seiast å vera uhyre interessant, utan å vera ein støttespelar for den israelske krigsmakta. At det blir arrangert ein jødisk kulturfestival i Trondheim, med den lange jødiske historia her i byen, er i grunnen berre på sin plass.


Mames Babegenush, briljant dansk klezmerband med mellom anna dragspel og flygelhorn.

Buchmann møtte oss så å seia i døra på Hotell Augustin. Han og dei mest ihuga hadde sjølvsagt allereie vore på gudsteneste i synagogen, dit vi diverre var forhindra frå å dra. Ved langborda måtte Raffe naturlegvis sitja i lag med sjølve sjefsjøden, Ervin Kohn frå Oslo, som hadde ansvar for å leie publikum gjennom kveldens seremoniell, med ymse songar på hebraisk, signingar av vinen og fletteloffen, og så bortetter. Til vederlag kom Buchmann bort til oss under forretten, gefillte fisch, ei form for kalde saltfiskballar, for å forsikre oss om at vi åt godt av vår chrain, eit tilbehøyr laga av peparrot, gjeve farge av raudbetar. Dette kan vera litt kvast, men Buchmann visste openbert ikkje kor glade vi er i wasabi, for vi fann denne greia aldeles utsøkt, som alt anna som har med peparrot å gjera. Hovudretten var salt lammekjøt og gjekk under namnet brust, nok eit jiddisk ord, då heile måltidet jo hadde opphav i eit nord- og austeuropeisk eller såkalla askenasisk jødisk miljø. Til dessert fylgde ei snedig greia kalle kugel, kald bandspaghetti sydd i hopp til ein slags muffin, krydra med kanel og greier, nokså fiffig. Jødane er ikkje fråhaldsfolk, som de veit, så ein trong ikkje sitja tyrst heller. Til overmål var det fleire underhaldningsinnslag, frå ymse musikantar som skulle opptre i større skala vidare under festivalen. Det var fyrst ein verdskjent klezmerfiolinist frå New York kalla Alicia Svigal, dinest det sprudlande ensemblet Kleztory frå Canada, og så det danske bandet Mames Babegenush. Vi liker klezmermusikken svært godt, han er mildt sagt livleg, og minner ikkje så reint lite om sigøynarmusikken far vår pla spela frå rumenske videokassettar, der alt vart kaos då ein masse høns plutseleg kom flygande opp frå ei kurv i salen og inn i skjermbiletet. Men tankane går saktens òg til Isaak Babel, Fortellinger fra Odessa, eller for den del Jonathan Safran Foers elleville Alt blir klart og betydelig. Neste år vonar vi det blir Matisyahu. Den jødiske kulturen er rett og slett eventyrleg rik, det kan ikkje stikkast under stol. Vi skulle ha reist oss og dansa, men ville ikkje risikere at den nokså laustsitjande kippaen ramla av hovudet vårt. Det gode var at vi då hadde nokre krefter att også etter arrangementet, til å gå og ta ein drink med Vilde, og fordøye dei mange tusen inntrykka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar