tirsdag 11. september 2018

På beina

Vi har vore i ei særstilling dei siste vekene, fordi vi framleis har att litt av den såkalla papapermisjonen vår, samstundes som dottera vår så smått har byrja i barnehagen. Dimed har vi nokre timar kvar dag der vi i prinsippet kan gjera kva i granskogen vi vil. Uvane som vi er med ein slik luksus, maktar vi naturlegvis ikkje å forvalte han på eit fornuftig vis, og har stort sett greidd å skusle vekk kvar einaste sekund til no. Som til dømes forleden dag, som er den vi skal fortelja om her, då vi fekk det innfallet at vi skulle gå til byen. Gå, altså, ikkje ta buss, noko som er vesentleg raskare. Ikkje nok med dét, vi ynskte endåtil å styre unna den sterkt trafikkerte beinvegen, og i staden velja ei meir obskur og snirklete rute.

Dei som no trur at vi skriv dette for å skryte av den ekstremt sporty stilen vår, tek grundig feil. Nei, vi skriv det for å skryte av den utsøkte evna vi har til planlegging og strukturalistisk tankegang, kort sagt genialitet. Føremålet med denne vandringa var nemleg ikkje berre ein-, to-, tri- eller firedelt, men heile femdelt. Një: Vi følte at vi trong litt stoff til denne bloggen, der det har vore tynt med oppdateringar i lengre tid, og vi tenkte at vi sikkert kom til å oppdage eit eller anna nemneverdig langs vegen. Dy: Vi ynskte å kjøpe peparrot og pastinakk til ein slags middagsrett, som riktig nok skulle syne seg å bli ganske medioker. Grunna omorganisering har Coop-butikken på RS, Risvollansenteret, mangla jamvel desse elementære matvarene i det siste. Tre: Vi hadde fått i oppgåve av sambuaren vår å byte eit uhøveleg klesplagg tilhøyrande dotter vår, mot ein tilgodelapp på ein barneklesbutikk. Katër: Vi ynskte å intervjue ei samestudine med sikte på ein artikkel i avisa Ságat om Saemien Studeenth Tråantesne, samisk studentforeining i Trondheim, og hadde avtalt å møte henne i sentrum. Pesë: Vi ville gjerne spare pengane det kostar for bussbillett ned til byen, og heller berre ta bussen opp att. 37 kroner er mykje pengar i 2018.

Mange vil kjenne oss som typen som liker å sitja, sitja inne og pimpe når sola skin. Men det kan vera interessant å sjå på tilhøva utomhus òg. På denne turen fekk vi faktisk oppleva nokre delar av byen vi knapt nok har kjent til tidlegare, fordi dei er så avsidesliggjande, nemleg Vestlia og Othilienborg. Vi meinte å ta forlokkande bilete derifrå med smarttelefonen vi nyleg har vorte påtvinga, men den hersens tingesten dreiv og sette seg sjølv i flymodus, så det vart ikkje noko av det. Det var ikkje før vi plutseleg og mirakuløst dukka opp på Moholt, at telefonen fann det for godt å gå ut av flymodus att.


Undergang under E6 på Moholt. Det var ikkje dette vi eigentleg tenkte å ta bilete av, men slik vart det altså, då den fordømde telefonen i det lengste var i flymodus. 

Deretter gjekk det slag i slag bortover mot Valentinlyst og Tyholt, gamle og kjære trakter for oss. Her låg nemleg kjellaren vi budde i då vi fyrst kom til Trondheim som bondestudentar. Men han er sikkert fylt att med sement for lengst, og vi ville ikkje risikere å få humøret øydelagt ved å gå nedom der. Vi snakka ikkje til nokon, men vi nikka til fleire, ikkje minst mange dyr. Ja, vi såg faktisk både brunsnigel, kråke, ku og hest under vandringa, sistnemnde både ståande og sitjande. Vi ordna oss så vi kom ned forbi Festningen, eit anna vakkert område. Men opphaldet her vart diverre skjemma av ein slags festival dei dreiv og planla, med eit skyhøgt støyvolum allereie under øvingane. Når vi blir åtekne av Iran, som alle ser ut til å frykte no, skal festningsverket vårt altså forsvarast av fulle folk som ikkje høyrer bombene for berre diskomusikk. Godt å vita!


Blinkskot: Nidarosdomen og Kristiansten festning i eitt og same bilete. De skal vera glade for at dette er eit bilete og ikkje ein film med lyd, for det var reint hustrig kva katzenjammer som skar oss i øyro der vi stod og fikla for å få telefonen ut av flymodus.

Internett estimerte på førehand éin time og sju minutt på den beinaste vegen frå Risvollan ned til sentrum. Men vi brukte nesten nøyaktig så lang tid inkludert alle omvegane og alle gongene vi gjekk feil og måtte snu, og ikkje mist alle pausane vi måtte ta for å prøve å få telefonen ut av flymodus. Hadde vi hatt ein stegteljar, ville han nok ha synt ein del steg, men det har vi ikkje, og det skal vi aldri få. Men vi kjende at vandringa tæra på isteren, det gjorde vi, og vel framme i sentrum måtte vi omgåande utjamne energitapet ved å eta ein enormt god lunsj på kafeen Thai Thai på Trondheim torg. Det var såkalla buffe, endåtil med kaffi og kaker inkludert.


Ved målet, der og då ein lykkeleg augneblink. I ettertid ser vi at telefonen på dette tidspunktet openbert var på veg inn i flymodus att, og der er han enno.

Endå ein strek i gleda skulle det diverre vi bli: Vi fann pastinakk, men peparrot greidde vi ikkje å lokalisere på ein einaste butikk i heile Trondheim sentrum. Noreg, det siste u-land! Likevel, alt i alt var det ein vill og poetisk tur vi seint vil gløyme. Takk til føtene, skorne og grunnen under dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar