onsdag 11. juli 2018

Og presten sa: "Tralalala"

Apropos tur, i samband med sumaren tenkte vi det kunne høve å ta ein tur i lag med sambuaren vår òg. Barnet har heldigvis ein del besteforeldre som villige til å ta seg av henne, og på lengre sikt er det jo gunstig for dei at vi bergar parforholdet. Men vi visste at vi ikkje kunne bli borte så lenge, og vi byrja tenkje: Kvar, innanfor rimeleg fråstand, har vi aldri vore før? Det var slik vi kom opp med Kristiansund, ein by som ligg berre ei kort båtreise frå Trondheim, men der vi likevel aldri har sett beina våre! Vi nemnde forresten planane for mor vår, og ho fekk ein velfortent psykisk knekk, då ho skjøna kor grovt ho hadde svikta som mor ved aldri å ta oss med til Kristiansund.

Ikkje berre dét, ho har heller ikkje lærd oss det minste kvidder om dette Nordmøres Paris. Vi har utelukkande kjent byen gjennom Knutsen og Ludvigsens gamle monsterhit "Kristiansunds nasjonalsang", som vi har på ein kassett. Då vi no gjekk til denne kassetten for å førebu oss til turen, måtte vi konstatere at teksten eigentleg seier fint lite om sjølve byen Kristiansund, for ikkje å nemne kulturen og historia hans. Vi tolkar det slik at skraphandlar Lund kjem frå Kristiansund, sidan det er dit Lina Larsen må dra når ho blir gravid med han. Men då har ho vel strengt teke ein grunn? Vi synst òg at bodskapen til Linas far er ein smule tvitydig. Han bed henne gløyme dei tunge sorgene sine, men konstaterer straks etterpå at "så mang en stund / med unge Lund / har blitt din skjebne". Kvifor heiter det eigentleg då i neste vers at "det er sant / at sorgen vant"? Kva er sorga? Barnet som smiler søtt? Og denne Lina Larsen, kven ho no eigentleg er for nokon, snur ho verkeleg ryggen til heimen sin før ho blir med barn? Eller er dette ei omskriving av den eigentlege kronologien, gjort av reint litterære omsyn?

Kort sagt sat vi att med fleire spørsmål enn svar etter å ha freista analysere denne teksten, og då vi gjekk på hurtigbåten i Trondheim, ana vi lite eller ingenting om kva vi segla til. Men det er for så vidt ikkje eit dumt å ha eit ope sinn. Reisa var i seg sjølv svært vederkvegande, for vi har aldri tidlegare vore med denne båten lengre enn til Hitra, og det òg må vera minst hundre år sidan. Men no fekk vi oppleva både Kjørsvikbugen ved Tjeldbergodden, historiske Edøya sørom Smøla, og med kikerten vår såg vi faktisk heilt ut til det gamle fiskeværet Grip. For Vilde var ikkje dette så spesielt, ho har vore på Grip og sunge, men heller ikkje ho hugsa stort av Kristiansund.


Like vindfullt som stemningsfullt i kystparadiset Kristiansund. Nordlandet sett frå Kirklandet. 

Vi har alltid vore kritiske til flate byar, dei blir fort uoversynlege og avflata også kulturelt, så slik sett er Kristiansund uhyre perfekt, då store delar av byen er skråning. Det var mildt sagt fredeleg der ein torsdag aftan, men det er jo eigentleg like greitt. Dei mange tomme bygningane gav oss hyggelege assosiasjonar til tragiskvakre byar som Honningsvåg og Vardø. Men til vederlag er husa i Kristiansund svært fargerike, i ein slik grad at byen blir kalla "den polykrome". Dette er ein av mange interessante faktoidar som kan og bør nemnast om Kristiansund, men tok Knutsen og Ludvigsen seg bryet med å syngje så mykje som eit pip om noko slikt? Artig er det jo òg med ein by på tri forskjellige øyer, fire såkalla land, der ein nesten gratis kan ta ein skyssbåt imellom øyene. No i dag er folk så opptekne av bruer, men slike kan ofte skjemme landskapet, noko dei for så vidt òg gjer i Kristiansund. Demonstrativt heldt vi oss til den gamle såkalla sundbåten.

Elles er det jo spesielt klippfisken som står i fokus i Kristiansund. Av alle fiskar som sym i havet, trur vi at dette må vera favoritten vår, kanskje i lag med peparrøykt makrell. Det var difor berre naturleg at vi gjekk på ein betre restaurant og pakka i oss klippfisk, og ikkje minst vitja det spennande klippfiskmuseet. Så skulle vi sjølvsagt ha teke eit bilete av Vilde flankert av Klippfiskkjerringa, som står i statueform midt i sentrum av byen, men av ein eller annan grunn fall dette i klippfisk. Eit plaster på såret var det då vi smaka på den andre lokale spesialiteten, "fishan" eller fish and chips. Restauranten som serverte dette var vel snarare verre enn betre, men retten smaka uansett fortryllande, tralalala, spesielt med mengder av eddik og salt. 


Nyperosa blømer framfor Kristiansund mekaniske verksted på Gomalandet, der båten Jern-Erna ligg inne til reparasjon. Generelt har byen slite med verknadene av oljekrisa, og ikkje minst forskjellig anna elende. 

Kort sagt er det ingen tvil om at vi ynskjer oss attende til Kristiansund. Vi har òg ein intensjon om å ikkje svikte så kapitalt i foreldrerolla som det mor vår gjorde i denne saka. Vi gjev difor eit høgtideleg løfte her og no, til vår eiga dotter, om at ho skal få oppleva Kristiansund før vi døyr. Ho må berre bli litt større fyrst. Innan neste sumar veit ho vonleg å verdsetja smaken av klippfisk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar