mandag 18. juni 2018

Uglene er attende

Det har vore eit hol i stova vår, men òg i hjarta vårt. Tri ugler i skjel, laga av farfaren vår, har vore på avvegar etter at han døydde. Vi skal ikkje gå i detaljar om kven som kidnappa dei og har freista halde dei borte frå den rettmessige eigaren sin. Men det seier seg sjølv at det her er snakk om store verdiar både i kroner, øyro og affeksjonar, så vi kunne ikkje la saka passere. Uansett, no er uglene endeleg komne heim, pris skje Gud, og vi nyt kvar augneblink i lag med dei.

Desse uglene har alltid vore spesielle for oss. Det er ikkje berre det at farfaren vår laga dei med sine eigne hender, eller i det minste trur vi at han gjorde det. Men skjela han brukte, viss han no laga dei, var sjølvsagt skjel frå Melhus' beste matjord. Denne molda løyner enno mange spor frå dei fjerne åra rett etter siste istid, då heile dalen stod under vatn. Den gongen fanst det ugler som sumde i havet, som kjent, vandrande skrekkugler med augo store som tinntallerknar, og flygande ugler med skjel i staden for fjører, berre for å nemne noko. Alle likte dei å lesa, og mange av dei kunne òg skrive lange dikt og essays.


Dei tri uglene våre i typisk positur. I midten er Europas største ugle og fugl, hubroen. Til venstre finn vi ei typisk hornugle, medan ugla til høgre er den minste i Noreg, sporvugla.

Men det er ikkje berre det at dei er lynande intelligente. Heilt generelt er det noko eige med ugler. På kvissen på Antikvariatet var det ein gong spørsmål om kor mange ugleartar som lever heile året i Noreg. Den eminente medlemen Terje Røsand lista opp åtte på strak arm, nemleg kattugle, sporvugle, perleugle, haukugle, hubro, lappugle, slagugle og snøugle. Han rekna med at det måtte vera nokre fleire som han ikkje hugsa, så vi skreiv tolv på papiret. Men fasiten kom med ein festleg lagnadens ironi: Røsand kunne for mykje om ugler! Det riktige svaret var nettopp åtte, han kjende altså til dei alle. Det gjorde forresten òg den profilerte bridgespelaren Reidar Bårseth, hugsar vi, ein gong temaet kom opp til diskusjon på pizzeriaen på Sunndalsøra. Men! I tillegg er jordugla og hornugla i Noreg i sumarhalvåret. Dessutan kjem tårnugla gjerne på vitjing til Sør-Noreg, og dverghornugla dukkar innimellom opp. Merk òg: På alle fornuftige dialektar heiter det sjølvsagt "ei uggel", til liks med "ein fuggel".

2 kommentarer:

  1. Jeg synes det danske ordet for "kibitzing", bakspille på norsk, er fint. Det kalles "å ugle". Sier det meste det.

    SvarSlett
  2. Ja, det er flott, og ikkje minst interessant. Vi høyrde påstått at "kiebitz", med opphav i tysk og såkalla rennesteinstysk, altså jiddisk, bokstaveleg skulle tyde "ugle". Men seinare undersøkingar indikerer at det tvert imot er eit ord for ei slags lo eller vipe (Vanellinae). Det må altså vera fleire fuglar enn ugla som kan å glo. Men "å ugle" høyrest uansett betre ut enn "å vipe".

    SvarSlett