torsdag 1. mars 2018

Oikouménen

Folk trur kanskje at dette med å gå på bar er noko svært forderveleg. Men vi veit betre. Seinast her på laurdag måtte vi slå i hel nokre timar i Trondheim sentrum medan sambuaren vår Vilde hadde eit slags babytreff i heimen vår. Gode råd var dyre, så vi gjekk på ein av dei billegare plassane, Bobby’s bar. Vi veit at det er feil å bruke denne apostrofen, men baren sjølv er litt schizofren når det gjeld akkurat dette, og vi må difor, av respekt, veksle mellom å bruke og ikkje bruke han.

Kven denne Bobby er, er uklårt. Han bak disken heiter visstnok Tore. Mang ein gong har han bede oss om å snu i døra, han liker nemleg ikkje folk som berre kjem og tek ein øl eller to, for så å vandre vidare. Vi forstår han godt, for denne baren lever jo av stamgjestane sine, som gjerne sit der frå sola står opp og heilt til dei ramlar av krakkane sine i kveldinga. Skal forresten bartenderen tinge taxi til deg, kostar det 20 kroner, det står på eit oppslag på veggen. Uansett, desse fredsæle menneska er avhengige av tryggleik og stabilitet, dei toler ikkje for mange useriøse spirevippar som oss. Men akkurat denne laurdagen fekk vi faktisk ei hyggeleg helsing då vi kom inn døra, kameraten vår John Gunnar og vi: «Hei, gutta,» sa Tore Bobby. Han må ha vore i eksepsjonelt godt humør.

Folk tenkjer vel no at vi berre vart sitjande der og passivt eta maltsupe som vanleg. Men det er ikkje tilfelle. På veggen på Bobbys oppdaga vi nemleg eit kart, og det var eigentleg dette kartet vi ville skrive om her i dag. Vi har nemleg det eksakt same kartet hengjande på kontoret vårt heime, og det er ingen tvil om at det er eit særs frapperande kart.


Vi har alltid vore interesserte i kart. Seinast i november tvang vi elevane våre til å lære om Ptolemaios, og til jul fekk vi i gåve av mor vår den briljante sakprosaboka Verdensteater av Thomas Reinertsen Berg, om historia til karta, så no skal alt bli så mykje betre. 

Det står at det er produsert av Adressavisa, men det må ha vore for temmeleg mange år sidan. Vi fann det då vi rydda ut or leilegheita til den altfor tidleg avlidne farfaren vår, fred over minnet, utan at vi kan hugse å ha sett det tidlegare. «Kart over deler av Trøndelag og Møre» er tittelen. Det har eit spesielt skrått perspektiv, med blikket mot vest, og gjev eit unikt blikk på geografien kringom Trondheimsfjorden.

På Bobby’s bidrog kartet med mykje god samtale. John Gunnar vart overraska over å finne sitt kjære Titran lengst ute i havgapet, medan atter andre fekk høve til å briljere med anekdotar frå sine eigne respektive heimstader, som Hølonda og Buvika. Det var kort sagt ei urhyggeleg stemning og eit sjukt godt læringsmiljø på Bobbys bar denne laurdag formiddagen, og vi gler oss allereie til å gå dit igjen. Men sidan vi som sagt har det same flotte og nyttige kartet heime, kan det like gjerne hende at vi inviterer alle frå Bobby's opp til oss ein dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar