torsdag 29. mars 2018

Jappens solbriller

Vi hadde faktisk med oss eit kamera til påskebridgen i Soknedal i går, då vi tenkte at det kanskje kunne gjera seg med eit bilete av vinnarane i avisa. Men noka fotografering fekk vi ikkje tid til. Det vart i det heile ei veldig hektisk tevling for oss i Soknedal denne onsdagen før skjærtorsdag.

Vi hadde kjøpt med ein haug med bayerar frå RS, Risvollansenteret. Éin kunne vi nyte i baksætet på Villiam Ovesens elbil på vegen oppover, og fullføre på trappa utom Soknahallen, då vi ikkje ville gå inn og risikere å bli bombarderte av makker Stein Bjerksets mas om heimesnikra konvensjonar. Men under sjølve tevlinga var det jo, som det er i dei fleste tevlingar no for tida, alkoholforbod. Ein kan naturlegvis spørja seg kvifor det er så viktig for mange, oss inkluderte, å bryte dette alkoholforbodet. Har ein ikkje, spesielt når ein arbeider som lærar og er varamedlem i kyrkjelydsrådet i Porsanger, eit spesielt ansvar for å prøve å oppføre seg ein smule sømmeleg? Kanskje, men samstundes er vi veldig opptekne av å ha det hyggeleg og sosialt. Enn vidare er vi oppvaksne i ein kultur, den norske, der den normale oppfatninga er at ein ikkje kan ha det hyggeleg og sosialt utan alkohol. Så har vi jo etter kvart vorte småbarnsfedrar, og det legg avgrensingar på dette med sosial hygge. Ein får saktens andre og meir gjevande former for hygge. Men dette har jo gjort at det no er ekstra viktig for oss, dei gongene vi skal vera sosiale, å få maksimalt utbyte av det, kort sagt ha det svært ekstremt hyggeleg, triveleg, koseleg, festleg, flott og artig. Då må det jo nesten vera lov til å ta seg "ein øl"? Ti spørjeteikn og tjue ropeteikn.

Men dei som no kanskje er redde for at påskebridgen i Soknedal vart ei useriøs og usivilisert tevling, kan ta det heilt med ro. Når ein berre kan drikke ute i snøen i pausane mellom rundane, med skjelvande hender fordi det alltid er hundkaldt i Soknedal, seier det seg sjølv at inntaket blir liggjande på eit minimum. Spesielt ille blir det når ein har ein makker som alltid skal gruble og spekulere jamvel i dei mest opplagte situasjonar ved bridgebordet, og såleis skusle vekk nesten alle pausane våre. Som om 99 prosent av bridgen ikkje handlar om rutine og gamal vane! Han hadde forresten sjølv ei flaske gamaldansk i bilen til sambuaren sin, ein bil han konsekvent etterlét vidopen og med nøklane i døra. Men kva hjelpte det, når vi så sjeldan kom oss ut dit. I den fyrste pausen etter tevlingsstarten klokka 17.00, opna vi ein øl. Vi vart ferdige med denne i lunsjpausen klokka 21.00, då vi òg opna ein ny ein. Den neste gongen vi rakk oss ut for å ta ein slurk, hadde det lagt seg eit fint lag is oppå ølet nede i boksen. Då tevlinga var slutt litt over klokka 01.00, hadde ølet vorte til issørpe. Dei siste restane av ølslushen naut vi i bilen på veg attende. Vi hadde då kome på den sedvanlege fjerdeplassen i tevlinga, medan medpassasjer Aksel Hornslien naturlegvis var smørblid etter ein suveren siger, og naut ein Dahls som ikkje var frosen. Sjukt sosialt, vilt hyggeleg!

Av dei mange bileta vi ikkje tok under påskecupen, er det særleg eitt vi angrar på. I ei hylle i veggen på utsida av lokalet, der diverse ølboksar stod og vansmekta, låg nemleg eit par solbriller. Det var ikkje vanskeleg å seia kven dei tilhøyrde, både fordi vedkomande stod der i kvar einaste pause i lag med oss, og fordi vi berre kjenner ein einaste person som konsekvent bruker solbriller med berre eitt glas i, og det både sumar og vinter, påske og jul . De har kanskje gissa det no, at dei tilhøyrde John Arthur "Jappen" Paulsen, som med sin særeigne karisme alltid har vore mellom favorittspelarane våre. Vi føler at dei malplasserte og dysfunksjonelle solbrillene til den renommerte afterskientusiasten Paulsen var ein nokså poetisk metafor for eit eller anna under denne påskas påskecup i Soknedal. Men vi rakk altså ikkje å fotografere dei, og det kan i seg sjølv vera ein svært vakker metafor for eit eller anna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar