fredag 2. oktober 2020

Tekakedagar

Vi må berre leggje oss langflate og beklage at bloggen har gått for varmt og kaldt vatn i ei stund. Vi vil forsvara oss med eit paradoks: Vi har aldri tid til å skrive her inne når vi faktisk har noko å skrive om, berre når vi ikkje har noko å skrive om. Slikt blir det kvalitet av, kan de tru.

Men i går trekte vi eit letnadens sukk. Dette uttrykket kan umogleg vera god nynorsk, men dei siste dagane har vi mildt sagt fått vår metnad av god nynorsk, i ein slik grad at vi vurderer å byrja skrive inuittisk i staden. Saka er at vi omsider har fått ferdigstilt den andre boka vår, romanen Kleda er gjennomvåte, som kjem på Flamme forlag om fåe veker. Vi har, om sant skal seiast, pusla med dette prosjektet vedvarande gjennom sju, åtte år. Likevel det liksom koma til eit punkt der ein må sitja oppe til langt på natt og flikke på komma og klammeformer, fordi ein plutseleg har ein deadline neste morgon. Berre timar før dauden inntreffer oppdagar ein plutseleg at ein har forveksla ei mosebok med profeten Malaki, Herre Jeremias! Men vi trur det meste vart rett til slutt. Vi skal elles ikkje masa mykje om innhaldet i boka, det får tala for seg sjølv når ho er trykt; vi vil berre presisere at ho inneheld opptil fleire gode vitsar. Altså ikkje subtil, fordekt humor, men reine vitsar, à la dei ein finn i Marvin Wiseths legendariske storverk Trønderblanding. Trøndersk historie, 539 trønderskrøner, trønderske ordtak, ei bok som på mange måtar har vore ein føregangsmodell og ei rettesnor for romanen vår. Så her er det berre å hoppe i det og tinge  og skulle de ikkje ha lyst på vår bok, ting då i det minste, for Guds skuld, Marvin Wiseths trønderblanding.

Mildt sagt juicy, tekaka frå Melhus bakeri.

Til poenget: Det er på grunn av det letnadens sukket vi trekte då vi endeleg var ferdige med heile denne bokbalubaen, at vi har funne det opportunt å kose oss med denne bloggen att. Vi kan likevel ikkje skrive for langt, for no skal vi ta feiringa til nye høgder ved å eta tekake  eller "thecake", som ungdommen kallar ho  frå Melhus bakeri. La det riktig nok vera sagt at vi sjølvsagt ikkje er så sjølvforelska og hedonistiske at vi kjøper tekake til 49 kroner halvkaka berre på grunn av ei skarve bokutgjeving. Nei, sambuaren vår Vilde, Gud velsigne ho, hadde bursdag her om dagen, og det var i den samanhengen vi krøkte oss inn på Melhus-torget etter tekake. Ho kunne ikkje ha vorte meir rørt. Men som vi alltid seier til ho: "Det er godt å finne noko i morgon òg!" Og det gjorde vi. 

Dei av dykk som no sit med vatn i munnen og siklar etter tekaka vår, kan vi trøyste med fylgjande: I Kleda er gjennomvåte nemner vi ordet "tekake" ikkje mindre enn ti gonger  pluss to gonger i bunden form! Så det er berre å setja over kaffien. Kald mjølk høver for så vidt òg godt.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar