tirsdag 13. oktober 2020

Pesta

Korona! Det er på tide at vi òg deler våre røynsler med, og difor vår visdom om, dette grufulle viruset. Vi fekk det nemleg. I to dagar hadde vi det. Men vi gav ikkje opp. Vi visste at det var oss eller viruset, så vi kjempa med nebb. Kjempa oss tilbake til livet, så å seia. Les den sterke historia.

Det var førre sundag morgon vi kjende det: litt vondt i halsen. Grunna mediehysteriet skjøna vi med ein gong at dette måtte vera korona, så vi gjekk i karantene heime denne dagen, noko vi for så vidt ville ha gjort likevel, sidan vi ikkje hadde andre planar. Vi vona at viruset skulle sleppe taket innan Dagsrevyen, men det beit seg fast. Her måtte lut til, så vi kokte te og hadde oppi ein masse fersk ingefær. Grei te, og vi merka ei lita betring som fylte oss med von: Då vi la oss, visste vi at vi kanskje ville vakne neste morgon.

Men vi sleit med å sova på grunn av plagene i halsen. Vi skulle så gjerne hatt ein lindrande halspastill! Fordi vi er oppvaksne i den viktige kystkommunen Melhus, har vi tradisjonelt svore til den autentiske sjømannspastillen Fisherman's Friend, brukt av titusenvis av sjømenn frå Melhus gjennom generasjonar. Men då vi halvdaude av halskløe gjekk ned i kjøkenet og rota i skuffene i jakt på denne sjelebøtande pastillen, fann vi han ikkje. Det var nummeret før vi la oss ned på golvet for godt. Men heldigvis hugsa vi dei vakre og sterke orda frå kamerat Trump, ein koronaoverlevar som med sitt enorme heltemot er ein inspirasjon for så mange: "Don't let it dominate you. Don't be afraid of it. We're gonna beat it. We have the best medical equipment, we have the best medicines, all developed recently, and we're gonna beat it." Det var då vi då kom til å tenkje på ei anna, meir bortgøymd skuff, der vi i april gøymde unna ein pose Hockeypucker for Vilde. Vi kraup fram til denne skuffa, krøkte oss opp, trekte ho ut med det aller siste av krefter ... Gud vere lova, der låg dropsversjonen av Hockeypulver! Dimed hadde vi styrke til å koma oss attende til senga. Vel, forresten tok vi med oss ein Underberg på vegen, og nokre kamferdropar vi ervde frå farfaren vår, som vi dryppa på ein sukkerbit. Dessutan hadde vi under senga ein boks Hong Thai traditional Thai herbal inhalant vi ein gong fekk i gåve av ein elev, nokre buddhistiske new age-greier som gjorde underverk for nasen, og i tillegg sjølvsagt terpentinpiller og ein harelabb. 

Altså sov vi til slutt ganske godt den natta, men merkeleg nok hadde vi framleis viruset då vi vakna. No skulle vi normalt ha gått på jobb og smitta alle der, men dette var diverre ikkje mogleg, fordi det var lærarane sin dyrkjøpte haustferie. Men dotter vår drog på jobb og sambuaren vår i barnehagen, og vi stålsette oss for ein svært einsam måndag med mange mørke tankar kring vår kalde grav. 


Svært ugunstig å vera oss førre sundag og måndag, då koronaen slo til for fullt. 

Då vi fyrst byrja tenkje, snudde vi likevel flisa på hovudet: Kanskje var all denne isolasjonen sjølve årsaka til den grufulle pesta? Kanskje var ikkje den klassiske skulemedisinen rett kur for oss? For vel er koronaviruset eit virus og på denne måten somatisk, men god helse byrjar likevel alltid i det psykososiale. Vi innsåg at det var på høg tid å koma seg ut or huset! Dei fleste problem kan ein trass alt gå seg ut av, dei fleste sjukdommar inkludert. Så i kveldinga gjekk vi, trass i åtvaringar frå alle ekspertar, på kviss på kafeen Antikvariatet. Der drakk vi ein porter og to ingefærøl, og alle desse kjendest vesentleg meir helsebringande enn nemnde ingefærte. Med det siste vi hadde att av pust og blodomlaup både lo og storkosa vi oss berre verre. 

Vi ville sjølvsagt aldri ha møtt opp på kvissen om det var fare for å smitte nokon, men dei andre på kvisslaget er så nedsylta i alkohol og tobakk at dei openbert er immune – mot alt. Etterpå slepte vi oss heim att gjennom gjennom regn og vind, og rekna igjen med å vakne daude neste morgon. Men det gjorde vi ikkje! Ved soloppgang var vi tvert imot friske, og vi sit her i dag som eit levande døme på at det siste ein bør gjera er å leggje seg ned og bukke under for koronaviruset. Det er ikkje sterkt, det er ikkje uovervinneleg, det kan ikkje slå oss. Vi har det beste ølet, den beste lakrisen. Gud velsigne Noreg, Gud velsigne oss.

SISTE: Albert Camus' roman Pesta har visstnok selt til gull att i koronatida; vel fortent. I dette verket finn ein nokre ord som alltid har vore mellom favorittsitata våre, og som gjerne kan stå på gravstøtta vår om vi no likevel skulle døy av pest og/eller korona: "Det er rettferdig," skreiv Camus, "at lykka iallfall no og då kjem som ei løn til dei som nøyer seg med menneska og deira fattige og fryktelege kjærleik."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar