tirsdag 21. april 2020

O sykkelstyre, o kjærlighet

Bompengar! Har aldri likt dei. Prinsipielt er vi fullstendig for dei, og det er ingen tvil om at alle siviliserte land bør ha skyhøge bompengesatsar. Om folk ikkje har råd til å betale bompengane, får dei halde seg heime. Grunnen til at vi likevel avskyr bompengar, er konsekvensane dei har for oss, altså meg: Det kostar oss ein formue å køyre til og frå jobb på Melhus, og dét endå vi tek ein lang, svingete, livsfarleg krok om Tiller bru for å spara 14 kroner kvar veg. Vi må takke kinesarane for koronaviruset, for heimekontoret vi har hatt i det siste, har gjort oss merksame på kor mykje pengar vi faktisk ausar ut til bompengemogulane kvar månad: Over tusen kroner! Pengar som kunne ha stått i banken i staden.

Her om kvelden oppdaga vi at vi hadde gløymt ei bok på jobb, ei bok vi treng i donten vår. Så såg vi på kalenderen – april og vår  og då gjekk det ein skikkeleg nisse i oss: No skal ikkje bompengebaronane få eit raudt øre til av oss, tenkte vi  og kasta oss på sykkelen! 

No trur de sikkert at dette innlegget er eit dårleg fordekt forsøk på å skryte av kor sporty vi er, men der må vi på det sterkaste protestere. Vi har nemleg elsykkel, så det er eigentleg berre å gli i veg, ein treng knapt å trø. Likevel lurer vi på om vi kanskje vart "støl" av den totalt fire mil lange turen, men vi er usikre på kva ordet tyder  er det ikkje eigentleg ei slags seter? Vi vil understreke at vi dessutan åt ein masse kanelboller før vi drog heimefrå, og Øffer gammeldaws flæskesvær då vi kom heim. Nei, poenget med denne sykkelturen var på ingen måte å koma i form, det handla utelukkande om å gje bompengesjeikane eit spark bak, og kollektivtransportkrøsusane ikkje minst: Vi ville nemleg prove at frå Risvollan, der vi bur, går det fortare å elsykle til Melhus enn å ta buss, som jo inneber alskens uforståelege byte i stendig meir avsidesliggjande vegkryss. Skulle vi få rett?

Vi var ikkje komme lenger enn til Leira soningsanstalt før vi sterkt vurderte å grava oss ned i tide, då det snødde både fram-, side- og baklengs. Men då ville bompengekalifane og kollektivtransportgrevane ha ledd sist, så det vart ikkje aktuelt! Vi heldt fram over Øvre Leirfoss til Sjetnmarka. Velkomsten var som ein kan forvente av folk som skriv Skjetne utan k. I det nesten like stusslege Heimdal sentrum letta vêret litt. Men var det noko som verkeleg skuffa oss på denne turen, så var det kor gudsjammerleg lang den dystre dalen frå Heimdal ned til Klett har vorte. Han var mykje kortare då vi var yngre, men det var den gongen Klett vart stava som det bør stavast: "Klæt". "Klett" er på mange måtar ein veldig svindelaktig stavemåte, for han får liksom Klett til å høyrast nesten truskuldig ut, medan det motbydelege "Klæt" meir ærleg avslører det sanne vesenet til denne ufanslege bakevja. Før hadde dei i det minste det vidgjetne Klett-krysset å skryte av, men no veit vi ikkje kor det har vorte av dette heller. Det er neppe naudsynt å nemne at vi er sterkt imot heile utbygginga av E6 mellom Trondheim og Melhus, for no går det så absurd fort å køyre til jobb at vi nesten ikkje får noko åleinetid per dag. Eit anna moment er naturligvis valdtekta av matjord og vakkert landskap. Vi er glade for at vår kjære farfar slapp å oppleva denne terroren. Men at han snur seg i grava der oppe ved Melhus kyrkje, høyrer vi kvar morgon når vi parkerer bilen utom voksenopplæringa. For eit par år sidan skreiv vi faktisk eit dikt om den vederstyggelege E6-utbygginga, nærare bestemt om ei arkaisk høyrive som stod att midt i det brutale anleggsarbeidet i lang tid, utan at nokre av spakaillane såg ut til å ana kva dei skulle gjera med dette ironiske minnesmerket over svunnen bygdeidyll. No er høyriva destruert, tippar vi, i lag med nok eit vakkert stykke norsk natur. Diktet sende vi til Adresseavisa, av alle ting, og dei trykte det, men dei presterte å forkludre lineskifta våre fullstendig, så alt av rytme gjekk opp i gjørme. For dette har vi aldri tilgjeve dei.


Den urgamle høyriva i det stygt kvesta landskapet på Klæt, våren 2017. Her er det berre veg no, veg og eksos og motorstøy, og innimellom ein bitter gubbe på ein krakelerande sykkel som knapt går framover.

Men så: vår gloriøse innsykling i gamle Melhus, "den smukkeste bygd i Norge", ifylgje kong Håkon VII. Sjeldan har vi næra så religiøse kjensler som då vi passerte den gamle grensesteinen mellom Leinstrand og Melhus herader, og heva blikket mot Vassfjellets skinande topp. 50 minutt! 50 minutt tok det oss å sykle frå Risvollan heilt til Melhus sentrum, og då brukte vi minst eit par minutt på eit feilslått vegval på Tiller, og ytterligere eit par på å snakke med nokre eritrearar som var ute på ein aftanstur kring Martin Tranmæl-statuen.  


Stemningsfullt på Melhus denne vårkvelden; her ved Meeggen bru. Vi har diverre igjen fått støv på kameralinsa vår, men essensen av atmosfæren bør vera overtydeleg nok. 

Boka vi skulle hente på kontoret, kunne vi diverre ikkje finne der. Det synte seg i ettertid at ho låg heime under ei anna bok. Som trøyst gjekk vi på Mega Melhus for å kjøpe flæskesværen vi enno ikkje hadde ete, men der var det berre slike sjølvbetente kasser. Lykkeleg uvitande som vi er om denne typen futuristisk teknologi, kom vi i skade for å skanne same pose flæskesvor fire gonger. Det var berre lov til å slette kvar vare éin gong, så vi enda med å betala for tre poser flæskesvær, endå vi altså berre fekk éin med oss heim. Dimed vart sykkelturen nøyaktig litt dyrare enn det ville ha vore å køyre tur retur gjennom bomringane, men dette veit jo ikkje bompengegeneralane noko om. 45 minutt! 45 minutt tok turen attende, no då vi visste vegen. Dette endå vi altså var nedlessa i flæskesvær, og mange stader måtte stogge for å fotografere pittoreske landskap i poetisk aftanslys, samt rekkje finger til bomringar. Alt i alt ein grei tur, og eit kraftig skot for baugen for bompengehertugane og kollektivtransportemirane! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar