søndag 26. mars 2017

Remedium

"Jeg foretrekker fiolin fremfor flygel." "Jaså, er De også musiker?" "Nei, jeg arbeider i flyttebyrå." Ein av dei absolutte favorittvitsane våre det der, subtil i si enkle form. Grunnen til at vi nemner han, er at han har fått fornya relevans for oss i det siste, i og med at vi har drive og flytt i stor stil.

Fyrst døydde jo farfaren vår, som var ein enkjemann langt opp i åra. Han etterlét seg ei stor leilegheit i det såkalla Melhuset i nedre Mællus, ei leilegheit fylt til randa av alskens eigedelar samla opp gjennom eit langt liv med stor sans for kuriosa og partikularia. Det var fullt i alle skuffer og skap, og det var fullt av skuffer og skap. Mange klenodium, sjølvsagt, men òg ein del skrammel, og generelt nokså mykje som vi ikkje såg oss den ringaste råd for å ta vare på. Fyrst inviterte vi kjentfolk til å koma og forsyne seg med det dei måtte attrå, eit tilbod veldig fåe nyttiggjorde seg. Men i det minste hadde John Gunnar Kristiansen næringsvit, og leilegheita hans på Tempe er no ein miniatyrversjon av leilegheita til farfaren vår, med mellom anna eit barndomsbilete av vesle oss på veggen, forutan rosemåla kråskap og andre nasjonalromantiske praktgjenstandar i fleng. Han hevdar òg at skrømtet av farfaren vår har kome på mang ei vitjing i det siste, for å koke syltynn kaffi og eta bittesmåe stykke salttekake. Men det er ei anna historie. Vidare ringde vi til ein auksjonarius, som kom og henta det han trudde kunne seljast. Vi var faktisk til stades på auksjonen i samfunnshuset på Klett då gjenstandane frå daudsbuet vart ropa opp. Det var ei bisarr, men absurd oppleving. Vi hadde trudd at mykje av dette rammelet ville bli tungt å selja, men her var det flust av landsens skrotnissar som sat og nibaud kvarandre i hel, nærast på trass og av gamal vane. Ta ein liten eggvarmar, til dømes, i keramikk, forma som ei fargerik høne: "50 kroner!" "100 kroner!" "150!" "200!" "250!" Der døydde det, før vinnaren av bodrunden stolt strena fram mot notariusen, idet han lét falle ein velnøgd liten merknad: "No vart det høn, ja!" Vi kunne ikkje anna enn le, og plukke med oss 15 laken heim att i bukselommene, som ikkje di mindre kjendest mykje lettare enn berre timar tidlegare, då dei var fulle av keramikkeggvarmarhøner. Men samstundes felte vi ei tåre ved tanken på den kjære, gamle farfaren vår, som no har ete sitt siste egg. Verre likevel var det med alt vi måtte bera ned i fyrsteetasjen i Melhuset, der det ligg ein bruktbutikk: Dei fekk så mange velspekka pappesker og svartsekkar av oss at lageret deira rann fullstendig fullt, slik at sjefsekspeditrisa til slutt måtte seia at nok var nok, dei kunne rett og slett ikkje ta imot meir. Men morgonen etter var ho ikkje der, det var berre dei inkjeanande unge døtrene hennar som sat og styrde butikken, så då nytta vi høve til å lure inn endå nokre hundre kilo materie.

Midt oppi arbeidet med å få rydda og ikkje minst selt denne leilegheita på Mælus, presterte vi å smelle sambuaren vår på tjukka. Dimed skulle vi helst òg hatt eit nytt husvære, i eit litt meir barnevenleg miljø enn ein trekkfull bygard i Ila, enn seia ein parkeringsplass i Melus sentrum, der det forresten berre bur folk over 70. Så vi kjøpte ein andre- og ein tridjeetasje i det veldrivne burettslaget Risvollan i Trondheim, med tri soverom, veranda og utsikt over halve byen. Meir om dette seinare. Men dimed måtte vi jo òg flytte ut av leilegheita i Ila, og for å seia det enkelt: All denne flyttinga er grunnen til at det har vorte smått med skriving på bloggen i det siste. Men vi kan garantere at det vil bli betre når vi no etter kvart får ein unge til å hjelpe oss, både med skrivinga og finansane og ymist praktisk arbeid.

Før ville vi sagt som Áillohaš: "Mitt hjem er mitt hjerte. / Det flytter med meg." Det kan vi for så vidt framleis seia, det er like gyldig. Men å arbeide med flyktningar, som vi gjer, gjev ein litt ekstra perspektiv på dette med flytting og ein heim og alt det der. Spesielt vanskeleg er skilnaden på "hjem" og "hjemme", og ikkje minst kva preposisjonar ein skal bruke i lag med desse orda. Kvar dag høyrer vi formuleringar som: "I går jeg sitter på hjemme." "Nå jeg skal gå til hjem." Konklusjonen er eigentleg at ein skal vera veldig glad for at ein faktisk har ein heim, eit tak over hovudet og nokre møblar under det taket. Det er så visst ikkje alle forunt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar