torsdag 19. januar 2017

Steinknuseriet

I julegåve av vår kjære sambuar fekk vi ein helgetur til Røros. Ho har nok forstått at vi, i det pissvåte trondheimske vinterhelvetet, stundom drøymer oss attende til dei stabile 10, 20, 30 kuldegradane i Porsanger, det evige klårvêret som blir pryda av nokre perlemorsskyer i blåtimen, og nordlys og stjerner etter at mørkret attervender. Så ho ynskte å glede oss ved å skipe til denne utflukta til det som vitterleg er eit av Noregs kaldaste stelle, eit stort offer frå ei som misliker kulde nesten like sterkt som vi misliker varme. Mytji lys avskyr vi forresten òg. Vi gjekk på snøggtrænet på Skansen stasjon laurdag morgon, og sanneleg møtte vi kjentfolk. Hans Arne Forseth frå kvisslaget Levon Helm sat der og skulle til Haltdalen og vitje slektningar. Så då hadde vi jo rikeleg med godt selskap på den vakre turen gjennom eit stendig meir vinterleg landskap.

Vel framme på Røros, sørsamisk Plassje, vandra vi litt ikring og tok nærare i augnesyn denne pittoreske og ikkje minst historiske småbyen, som vi eigentleg aldri har granska i detalj tidlegare. Det er ein underleg stad, det er det ingen tvil om. Innbyggjarane i den gamle delen av byen lever jo i ei halvt uverkeleg verd, ein slags filmkuliss, fanga mellom gamal og ny tid. På den andre sida er byen, interessant nok, kjent for eit glimrande narkotikamiljø. Vi gjekk på ein kombinasjon av galleri og kafé, Tomasgaarden, og drakk ein lokalprodusert bayer, medan ein eller annan minst like lokal trubadur spela nokre svisker i kategorien "cowboy i solnedgang". Det var nesten for idyllisk. Heldigvis slo han plutseleg fullstendig om, til aggressive og absurde hits signert Røros' store viselegende Per Bergersen, som 29 år gamal skal ha fått hjelp av ein kamerat til sjølvmord per skytevåpen. Eitt av albuma hans er faktisk innspela på akkurat den gallerikafeen der vi sat denne januarettermiddagen, og høyrde framførd mellom andre klassikaren "Svidd cornflakes", som det høver godt å sitere litt ifrå: "Ungen til nabo'n ligger på veien / og hyler på mora si, men hu ækk'e der, / og selv om hu var der, så blei det ikke bedre, / for mora til ungen til nabo'n er dau!"


Konsert med glimrande trubadur på Røros. Stolpen gjer han utydeleg, men det er like greitt, for det var primært i røysta han hadde sin forse.

Dette til djup ettertanke, då det fort kan bli for mykje fjellhytteurnorsk skismøringsnarsissisme på ein stad som Røros. Elles kunne vi skrive mangt og mykje om alt vi såg og opplevde i Bergstaden, historiske detaljar frå det glimrande gruvemuseet, og så vidare. Men Røros ligg jo ikkje serleg langt unna noko som helst, så det er i grunnen berre å dra dit. Fer de no snart, er det òg ein sjanse for at de vil vera heldigare med vêret enn vi var. Temperaturen kraup nemleg berre så vidt under 10 kuldegradar under opphaldet vårt, så det seier seg sjølv at vi sveitta som ein gris. Men utover dette var det ein flott og minnerik tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar