fredag 13. januar 2017

Bilbeistet

Liten anekdote. Her om dagen vart vi kalla opp i Soknedalen for å spela bridge med Berkåks Stein Bjerkset, ein aftan i den såkalla Gauldalsserien. Vi skulle vikariere for Størens Reidar Bårseth, som òg var den som førespurde oss, og som brukte store ord om kor fantastisk artig vi ville få det der oppe i Soknedalen denne onsdagskvelden i januar. Jau då, vi kunne fått det artig, viss vi berre hadde gjort som vanleg, og sete på med Trondheims Asgeir Langen oppover. Men av praktiske årsaker hadde vi ikkje tid, vi måtte bruke vår eigen elendige bil til eit anna føremål rett i forkant, og deretter suse ned og plukke opp Langen, og så fyke vidare i retning Soknedal, alt i eit forrykande tempo.  

For det fyrste heldt vi på å drepe både oss sjølve og Langen, då ein eller annan labyrintisk kvervelvegspiral nær Siemens-bygget nesten narra oss til å kaste oss ut i feil køyreretning på sjølve E6. Dinest råka vi på ein ofseleg snøstorm litt sørom Støren, og køyrde i praksis i blinde. Men ikkje noko av dette var eigentleg så ille, for om vi kom litt for seint til offisielt starttidspunkt, så stod soknedalingane og singsåsbyggen, budalingane og høkerane uansett framleis på trappa og togg på pipene sine. Nei, det verste var fylgjande: «Skal du ha ein øl?» spurde Bjerkset, så å seia idet vi gjekk inn døra til restauranthuset og spelelokalet Soknatun. Vi hadde hatt ein stressande dag, og lite freista meir enn nettopp ein roleg øl, servert av den grasiøse tyrkaren i baren. Men vi kunne ikkje drikke, for vi hadde jo bilen med! 


Stein Bjerkset i Soknedals solvegg med ein kopp øl. 

Bjerkset, einbeint og nesten blind og med hyppige psykotiske anfall, han køyrer sjølvsagt ikkje anna enn snøscooter. Han er ein lykkeleg og harmonisk jævel, gjer alltid nøyaktig som han vil. Det gjorde vi òg – inntil for eit halvår sidan. Men så skulle vi altså på daud og liv ta lappen, og var endåtil nøgde med å greie det! Snakkar om idioti! For kva skjer? Jo, plutseleg ein aftan sit ein der, klaskar kort og hoiar og skrik, i Soknedal av alle dalar. Men kva drikk ein? Sodavatn! Ikkje anna enn sodavatn! Bjerkset, den gamle piraten, han kvelvar i seg den eine sprudlande ølen etter den andre, men vi, vi! Nei då. Ingenting, absolutt ingenting. Sorrig og avholdenhed, som det heiter i diktet. Det er verkeleg så gale at det ikkje er godt for noko. Men berre vent, og sann våre ord: Ein vakker dag skal vi miste lappen, og då skal alt bli bra igjen.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar