mandag 1. november 2021

Celebrity deathmatch

Ein vits, eller var det eit visdomsord, frå vitsesida i eit gamalt Donald-blad: "En kjendis er en person som vil at alle skal vite hvem han er, og som deretter går med solbriller for ikke å bli gjenkjent."

Vi har vore heldige med dei tre bokutgjevingane vi no har på samvitet; alle bøkene har greidd seg høveleg godt i verda. Vi vonar jo at det tyder at dei har nokre kvalitetar, men det handlar nok òg mykje om timing og litt flaks. Vi må berre takke og bukke så lenge folk vil gje oss gode meldingar, stipendpengar og dilikt, men for igjen å parafrasere Donald Duck: Det offentlege minnet er kort; ein kan vakne i morgon og vera fullstendig gløymd. Vi synest difor det er sjofelt og nedrig å sjikanere oss for å ha vorte ein kjendis, som mange i det siste har gjort.


Boka Eit anna blikk førte oss nyleg til Oslo, der vi heldt eit slags føredrag for fleire grupper av skuleelevar. Innimellom førestillingane fekk vi tid til å spasere litt, og vi må innrømme at vi snart vart blenda av all glamuren i hovudstaden. Plutseleg å gå seg på eit departement, til dømes ...! Jamvel eit av dei departementa vi har drøymt mest intenst om å få oppleva. Gjerdet var høgt og piggete og ikkje ei levande sjel fanst å sjå, men for oss var det meir enn nok å observere departementet gjennom sprinklar og vakkert haustlauv.

Vi har lyst til å dementere denne uhyrlege påstanden, men samstundes augnar vi ei gyllen orsaking for den nærast totale neglisjeringa av herverande blogg: Kjendislivet har i det siste kravd så mykje av oss at vi overhovudet ikkje har greidd å skrive på bloggen. Ja, så mange soarear, sorbear og symposium blir det for tida, at vi snart ikkje rekk å skrive i det heile, ikkje ein ørliten haiku eingong. Såleis er vi i ferd med å uthole sjølve grunnlaget for kjendisstatusen vår, altså skrivinga (for vi trur ikkje at suksessen kan tilskrivast utsjånaden vår). Langsamt skyv vi unna den krakken vi står på, og ein veit jo kva som då skjer med løkka kring halsen. I framtida vil vi truleg måtte leva som ein av desse kjendisane som ikkje lenger har noko som helst å fara med, men som framleis kan kalle seg kjendisar fordi dei var det ein gong i urtida. Vi må vera med på realityseriar og danseshow og fronte alternativ medisin og hjernedaude slankekurar, alt medan depresjon og alkoholisme hurtig fortærer oss.


Forleden var vi så heldige å få NTNU sin litteraturpris. I forkant av arrangementet samtalte ingen ringare enn Jan Kjærstad og Vigdis Hjorth om skjønnlitteraturen i TV-seriens tidsalder, med sosiolog Arve Hjelseth som ordstyrar. Etter prisutdelinga skulle vi og kona moglegvis få eta eit smørbrød med nettopp Kjærstad og Hjorth, men vi er ikkje meir verdsvane enn at dette hadde vorte forferdeleg nervepirrande for oss, og vi priste oss lykkelege for at vi hamna på eit anna bord. Litt stas var det likevel at dei kom bort og helsa på oss, både Kjærstad og Hjorth, og at dei til og med smilte, som ein gjer til alle born.

Nokre fåe morosame opplevingar har vi jo hatt i kulturlivet i den seinaste tida. Men desse vil vi ikkje nemne her, fordi vi ikkje vil framstå som ein kjendis. Gløym difor at de nokon gong har lese dette innlegget. Men: På Litteraturhuset etter utdelinga av NTNU sin litteraturpris vart vi sitjande i lag med juryformannen, professor i nordisk litteratur Petter Aaslestad, som vi ein gong i studietida hjelpte med å byte kontor. No vil mange tru at litteraturprisen var reint kameraderi, men Aaslestad har så absolutt ikkje stått i noka gjeld til oss, tvert imot: For det morosame arbeidet med å flytte nokre tusen bøker, fekk vi og veninna vår Tuva 500 kroner kvar, som var ein formue den gongen. Som om ikkje dette var nok, fekk vi fekk påspandert pizza i Ila og ein øl, krydra med fantastiske refleksjonar kring Samuel Beckett. Som om heller ikkje dette var nok, skjenkte Aaslestad oss ei bok han sjølv hadde skrive, om nettopp Beckett. Faktisk hadde han ei byste av Beckett i stova si, det såg vi den gongen han inviterte studentane sine på sprudlevatn i forkant av den store masteravslutningsfesten. Men til poenget: Om romankarakteren Murphy skreiv Beckett, famøst og svært minneverdig, at ... Vi greier ikkje å gjenkalle det, hugsar berre noko med ein "viden kjent" "superiority to nothing". Hakket klårare erindrar vi noko anna han skreiv, kanskje i Molloy eller Malone dør, eit sitat vi har brukt minst ti gonger før, mellom anna på gravsteinen vår, men likevel: "Han var overbevist om at skjebnen hadde tiltenkt ham en annen grøft enn den nærmeste latrinen."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar